Hopp til innhold

Lær hunden å vere åleine heime igjen

Zlatan (4) pla å tisse overalt, bjeffe og øydeleggje ting når matfar ikkje var heime. Sånn vart hunden vand med å vere åleine.

En stor bamse sitter ved siden av en hund u en grå sofa som står ved siden av en grønn plante og inntil en trevegg

– Hundar er akkurat som barn når det gjeld å vere utan deg. Kor fort du kan gå fram med tilvenning i barnehagen, varierer. Men generelt er det aldri feil å gå sakte fram, seier hundetrenar Maren Teien Rørvik.

Foto: Jan Kenneth Diesen / Monster

– Det er aldri gøy å gå frå Zlatan, men vi har trena mykje og han har vorte flinkare til det, fortel matfar Sondre Hole Nielsen.

Den fire år gamle yorkshire terrieren er med i sesong to av «Fra bølle til bestevenn», og har aldri likt å vere åleine heime.

En mann i blå t-skjorte og lys caps står foran lilla blomster og holder en liten hund.

Sondre går aldri rett til buret når han kjem tilbake, men ventar til Zlatan roar seg ned før han seier hei.

Foto: Max Emanuelson / Monster

– Det var tissing overalt, han ulte mykje og øydela ting, fortel matfar.

Så fekk dei hjelp av hundetrenar Maren Teien Rørvik.

Trening og video

Eitt av råda var å ikkje gjere for mykje ut av at han gjekk, og heller ikkje storme til Zlatan når han kom heim.

– Vi øvde masse. Først på å vere åleine i eit anna rom, så åleine heime i kortare periodar. Så kjøpte eg inn eit kjempestort bur til vesle Zlatan og la godbitar i buret, fortel matfar.

Du må skilje mellom om hunden faktisk har angst for å vere åleine heime, eller om hunden berre er litt selskapssjuk.

– Separasjonsangst krev mykje trening og tilrettelegging. Ein selskapssjuk hund roar seg raskt, og treng berre å venne seg til at du kjem og går, seier hundetrenar Maren Teien Rørvik.

Etter ein god del trening roa Zlatan seg. Eigaren installerte òg eit kamera for å sjå korleis det gjekk når Zlatan var åleine heime.

– Det var veldig roande å sjå på kamera i starten. Viss Zlatan låg og sov, visste eg at han hadde det bra, seier hundeeigaren.

Hunden Zlatan er stormforelsket i bamsen Berit, men ikke alt er plettfritt i kjærligheten.

Vil du sjå meir av Zlatan? Han er stormforelsket i bamsen Berit, men ikkje alt er plettfritt i kjærleiken. Foto: Monster Redigering: Andrea Lyngholm Lopez/NRK.

Kjedar seg, men lid ikkje

En dame med brunt hår, brun genser og olabukse sitter på gresset og holder en liten hund.

Maren Teien Rørvik har hjelpt den fire år gamle yorkshire terrieren Zlatan å vere åleine heime. – Det er dei små tinga i kvardagen som startar treninga med å vere åleine heime. Ikkje måtte ha med dyret på do. Få ho til å slappe av i heimen når du er ute av syne, seier ho.

Foto: Max Emanuelson / Monster

– Ein del hundar synest nok det er kjedeleg å vere åleine heime, og tygg på ting. Gi dei tyggjeleiker og rydd godt heime så dei ikkje et skoa dine, fortel hundetrenaren.

Då færre hadde heimekontor, var mange hundar åleine heime, og gamle kunstar blir ikkje gløymde.

– Eg trur òg dei fleste hundar har vore åleine under pandemien, medan matmor har vore i butikken eller andre stader. Men tren gjerne litt før du skal tilbake på jobb, rår ho.

  • Start med å ha hunden i eit anna rom når du er heime, med døra open eller lukka. Nokre hundar blir rolegare i eit avgrensa område.
  • Hunden må ha god plass til å bevege seg og liggje behageleg, og dessutan kunne variere mellom varmt og mjukt underlag, og meir hardt og kjølig underlag.
  • Hunden må vere lufta og ha tilgang på vatn.
  • Etter kvart kan du gå korte ærend ut, med søpla eller til postkassa.
  • Viss du lurer på korleis hunden taklar ålenetida, så høyrer du det nok viss det går dårleg. Men du kan gjerne setje på ein videosamtale og sjå korleis hunden oppfører seg.
  • Det er forskjell på å ha lyst til å vere saman med eigaren, og panikk for å vere åleine. Viss hunden berre er selskapssjuk, kan du ha litt is i magen, så han får høve til å finne roa sjølv.
  • Viss hunden er redd og hysterisk, må du gå inn og hjelpe hunden å finne roa og ta treninga i mindre steg. Får han panikken, blir det berre verre.

Sjå gjerne òg: Fra bølle til bestevenn – Sesong 1 – NRK TV

Separasjonsangst er annleis

Dei fleste hundar kan fint vere åleine heime.

Har hunden separasjonsangst, er det verre.

– Det er ikkje vanleg at hundar har separasjonsangst. Det kjem ofte litt av arv/genetikk, og litt mangel på trening. Hundar som typisk ville levd i flokk, har noko høgare førekomst av separasjonsangst. Strukturert ålene-heime-trening blir tilrådd for å førebyggje at det utviklar seg separasjonsangst, forklarer Maren.

Og har den firbeinte vennen din skikkeleg separasjonsangst, bør du søkje eksperthjelp.

– Det er dei små tinga i kvardagen som startar treninga med å vere åleine heime. Ikkje ha med hunden på do, og få han til å slappe av når du er ute av syne. I mellomtida må du kanskje ha hunden i hundebarnehage eller ein hundevennleg nabo, avsluttar ho.

Maren samler årets bøller til trening hjemme hos seg, og en av hundene sliter med litt pinlige utfordringer.

Sjå episode ein no.

Alle er godt i gang med treninga, men Louies besettelse av skateboard viser seg å være mye vanskeligere enn Maren trodde.

Sjå episode to allereie no.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)