Hopp til innhold

Pytonslange rømte på visning

Ville du gått på visning om du visste at ein pytonslange var på rømmen inne i huset? Her er åtte historier du aldri trudde kunne skje på visning.

Pytonslange

Pytonslangen rømte på visning. (Illustrasjon)

Foto: Martinsen, Anders / Scanpix

Mykje rart kan skje på visning. NRK.no har snakka med meklarar som har delteke i bustadprogrammet Solgt.

Vi har fått dei til å dele nokon av sine villaste historier frå det dei har opplevd på visning.

Her snakkar vi om alt frå personar som har sex på visning, til frieri og full huseigar.

1. Det manglar ein slange i buret!

Eigedomsmeklar Birgit Grandahl vart overraska, då ho skulle ha visning på eit hus i Sarpsborg. Huseigaren hadde nemleg skaffa seg to vaksne pytonslangar.

Slangane, som er forboden å ha i Noreg, skulle derimot vere trygt innelåst i buret sitt under visning, forsikra huseigaren.

Birgit Grandahl

Birgit Grandahl opplevde sitt livs mareritt på visning.

Foto: Grandahl Eiendomsmegling /

– Alt gjekk overraskande greitt, heilt til ei på visninga spurte meg om det var slik at det skulle vere to slangar i buret? Eg måtte noko motvillig sjekke buret og kunne raskt konstatere at ein av dei hadde rømt.

Visninga vart gjennomført, men etterpå ringde huseigaren og kunne fortelje at dei hadde funne igjen den andre pytonslangen. Dei fann den under vedomnen, der den mest sannsynleg hadde lagt under heile visninga.

– Eg må innrømme at eg sov litt dårleg nokon netter etter dette, seier Grandahl.

2. Meklar sovna på visning

Meklar sovna på visning

Meklaren sovna på visning. Når han vakna hadde åtte personar skrive seg på liste. Illustrasjon.

Foto: Frode Søreide / NRK

Det er ikkje berre huseigarar eller kundar som tabbar seg ut på visning. Tommy Kaland har lang fartstid som meklar i Bergen, og kan fortelje om ein kollega i bransjen som sovna på visning.

Tommy Kaland

Meklar Tommy Kaland (i midten) opplevde at ein kollega sovna på visning.

Foto: NRK

– Det festlege var at han vakna to timar etter at visninga var over. Då var det åtte personar som hadde sett seg på lista over at dei var interessert i leilegheita, ler Kaland.

Dette skjedda for 12-14 år sidan, men historia lever framleis i meklarbransjen i vestlandshovudstaden.

– Eg veit at den er sann, og eg er jo ikkje overraska. På den tida var det ville tilstandar i bransjen og vi jobba langt meir enn i dag. Mange utnytta ein kvar moglegheit til å ta seg ein blund. Men som regel mellom visningane.

Korleis salet gjekk til slutt seier historia ingenting om.

3. Tatt på fersken

Sex på visning

Sex på privatvisning er ikkje kvardagskost, men det har skjedd i Stavanger. Illustrasjon.

Foto: Trude Maarud / NRK

– Eg har opplevd mange ville historier på visning. Det mest sjokkerande var då eg overraska eit par på leilegheitsjakt. Dei hadde kledd av seg, og hadde sex på stovegolvet under ei privatvisning, fortel Michael R. Myhre, som er meklar i Stavanger.

Leilegheita Myhre skulle selje var ein falleferdig bustad. Det vart arrangert fleire privatvisningar. Eit ungt par hadde fått låne nøklane frå kontoret, slike at dei kunne gå dit på eiga hand.

Like etterpå kom det fleire som ville sjå på objektet.

Meklar Michael R. Myhre

Michael R. Myhre (t.h) saman med programleiar Frode Søreide i Solgt.

Foto: NRK /

– Då vi låste oss inn høyrde eg nokon spesielle lydar, men at eg skulle finne det andre paret kliss nakne på stovegolvet i ei heftig hyrdestund, det hadde eg nok ikkje venta, ler Myhre.

Alle partar vart nok like overraska. Før meklaren fekk summa seg, tok paret med seg kleda og sprang ut av kåken, i berre trusa.

– Dei var litt flaue då dei leverte tilbake nøkkelen på kontoret, og vi høyrde aldri noko frå dei i bodrunden, fortel Stavangermeklaren.

4. Falt gjennom golvet

Stian Grøtte

Stian Grøtte (t.h) opplevde at to personar falt gjennom golvet under ei visning. Her saman med kollega Ingvill Nygaard.

Foto: NRK / Foto

Bergensaren Stian Grøtte er full av historier etter eit langt liv i meklarbransjen. Det mest dramatiske han opplevde skjedde for mange år sidan, då to eldre karar falt gjennom golvet på visning.

– Eg fekk dratt dei opp att og huset vart til slutt selt over takst, trass i at det var eit stort oppussingsobjekt, fortel Grøtte.

5. Maur ut av veggen

Maurtue

Maur er lite populært å få i hus. Spesielt på visning. Illustrasjon.

Foto: Frode Ødegaard, NINA

Skadedyr er lite populære gjester i eit hus. Spesielt om du skal selje. Og det vart ikkje akkurat god stemning, då meklar Cecilie Beckman skulle selje ei hytte i Drøbak.

På slutten av visninga kom ein potensiell kjøpar bort og fortalde at det kraup tusenvis av maur ut av hjørnet på hytta.

– Visninga vart avslutta og takstmann bestilt. Hytta vart til slutt seld over takst, faktisk til mannen som melde frå om maurangrepet, fortel Beckman.

6. Full huseigar på sofaen

Huseigar var full på visning

Ein full huseigar på visning kan lett skape uro. Illustrasjon.

Foto: Frode Søreide / NRK

Eit godt råd frå meklar er at huseigar ikkje bør vere til stades på visning. Meklar Birgit Grandahl i Østfold fekk erfare at det er gode grunnar til det.

– Eg skulle selje ei leilegheit, og kom eit kvarter før visning. Då eg kom fram, viste det seg at eigarane hadde hatt full fest. Dei to låg utdrukne på sofaen og sov.

Grandahl seier at ho ikkje hadde noko anna val enn å gjennomføre visninga. Ho fekk vekt dei to, som framleis var rusa. Aksebeger og det meste av tomgodset vart fjerna.

– Folk stod alt på døra, så det var vanskeleg å avlyse. De einaste eg ikkje fekk fjerna var spritflaska. Så huseigar gjekk rundt på visning med spritflaska i handa, fortel Grandahl.

– Det vart ikkje sal etter første visning, men etter to nye visingar vart husværet til slutt seld, ler ein oppgitt Grandahl.

7. Kan eg låne toalettet?

Kan eg få låne toalettet?

Ikkje alle som kjem på visning har ein plan om å kjøpe. Illustrasjon.

Foto: Illustrasjon / NRK

Gunnar Olai Stavlund såg føre seg ein potensiell kjøpar, da eit par møtte opp på visning i Fredrikstad.

– Eg ønskte dei velkommen på visning og ville gjerne vise dei huset. I staden gjekk dei rett på toalettet og låste døra. Der var dei ei stund, før dei låste seg ut og forsvann. Det einaste dei la att var ein forferdeleg stank.

Ifølgje meklarar er det ikkje uvanleg at dei som er trengande, og i mangel på offentlege toalett, i staden går på visning.

8. Vil du gifte deg med meg?

Rune Haraldsen

Rune Haraldsen (t.h) vart fridd til på ei av sine første visningar han gjennomførte som ung meklar.

Foto: NRK

Rune Haraldsen opplevde å bli fridd til på ei av sine første visingar som nyutdanna meklar.

– Det var lite med folk på visning, men så dukka det opp ei som høyrdest ut til å vere veldig interessert i kåken. Men etter 20 minutt byrja ho å stille mange personlege spørsmål.

I det eg høfleg fekk ho ut av døra, snudde ho seg mot meg og lurte på om eg ville gifte meg med ho.

– Det gjekk nokon tankar gjennom hovudet mitt, og ein heilt ny situasjon hadde dukka opp på visning. Som meklar må ein klare å takle mange ulike situasjonar, men akkurat denne skal eg vere ærleg og sei at eg sleit litt med.

Meklaren takka forresten nei til frieriet.

Les også: Dette må du sjekke på visning

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)