NRK Meny
Normal

Kvinner oppslukt av rumpetrend: – Det folk vil ha er jo den spretten

Media bugnar over av frodige rumper i Kim Kardashian-stil. Personlege trenarar og ekspertar fortel at sprettrumpe står øverst på ønskelista hos mange kvinner.

Trening på Elixia Colosseum

På Elixia Colosseum og fleire andre senter i kjeden har dei eigne timar kalla Bootylicious.

– Typiske ord som går igjen er sprettrumpe, litt større rumpe.

Anders Tjærandsen, som er personleg trenar ved Stamina, snakkar om ønskelista til mange kvinnelege kundar under 30 år. Ein ny trend. Før skulle jenter vere tynne. No skal dei vere sterke, fortel han. Strong is the new skinny, heiter det for tida.

– Det er veldig mykje fokus på rumper og lår i starten. Dei aller fleste har eit ønske om å trene heile kroppen, men rumpa skil seg ut og at det er det første dei nevner.

Kollega Cathinka Dammann, som er einingsleiar ved NIMI Trening, opplever det same.

– Det går igjen at ein ønskjer å bli fastare og sjå ut som då ein var 16 igjen.

Mykje i media

Det er ein del rumper i media. På same tid, media er det flest kvinner under 30 år svarer på spørsmålet på kva som påverkar utsjånaden, viser ei undersøking Norstat har gjort for NRK. 36 prosent svarer det.

Det er skreve mange artiklar om kroppspress og skjønnheitsideal dei siste åra. Eit kjapt rumpesøk på internett, og det poppar opp.

Dette gir deg drømmerumpa. Få rumpe som Kim Kardashian. Dette gir deg rumpa alle menn drømmer om. Få liv i rumpa med effektive øvelser.

Og det blir lovd berre på nokre dagar.

- Kardashian-rumpa

– Mange vil ha flat mage. Og større rumpe. Det har eg sett det siste året.

Kjendistrenar og forfattar av fleire bøker om trening, Helle Bornstein, forklarer korleis mange av hennar kundar vil sjå ut bakfrå.

– Det folk vil ha er jo den spretten. Først og fremst. Dei kjem hit og så viser dei fysisk korleis dei vil ha den opp.

Helle Bornstein forklarer rumpetrening

Sjå Helle Bornstein forklare rumpetrening.

Bornstein seier at det er litt hysterisk å vere så opptatt av det, men at det også kan vere bra med ei trent rumpe, fordi ei trent rumpe er sterk og støttar opp om ein sunn kropp.

Ho peikar på Kim Kardashian med over 30 millionar følgjarar på Instagram.

US-LAMAR-ODOM-LA Lamar Odom Launches Rich Soil At Kitson LA

Kim Kardashian er mellom anna kjend for sin formfulle bakdel.

Foto: Frazer Harrison / AFP

Kardashian er forretningskvinne, modell og kjent for mange på grunn av realityserien «Keeping up with the Kardashians». Ho har ei formfull rumpe, som får mykje merksemd. Den kan smykke seg med titlar som «verdas beste» i fleire kåringar. Superstjerner har rappa om den.

– Vi blir jo påverka av media rundt. Kim Kardashian er jo veldig kjent for rumpa si. Dei spelar veldig på det både på bilete og image. Og det er jo ei sunn vinkling, stor rumpe er flott.

- Har idealkroppen i lomma

Medievetar ved Universitetet i Oslo, Linn Prøitz, fortel at idealkroppane i media har endra seg dei siste åra. Frå tynne og smale til harde og veltrente. No, formfullt, som Kardashian-rumpa.

- Måten ein disiplinerar kroppane sine, dei ideala verkar å vere like strenge. Men det endrar seg kvar på kroppen.

Lin Prøitz

Medieviter Lin Prøitz mener media må bli flinkere til å avbilde menn og kvinner i alle former og fasonger

Prøitz seier at presset når det gjeld kropp og utsjånad er mykje meir massivt enn før.

- Særlig no som sosiale medium er overalt. Du har mobilen i lomma, du går inn og sjekkar dei heile tida, så får du opp kroppar og ideal. Det blir veldig intenst.

I undersøkinga Norstat har gjort for NRK svarer 27 prosent av kvinnene under 30 at sosiale medium påverkar synet dei har på utsjånaden. 27 prosent svarer reklame.

- Bootylicious

– Vi startar med nokre minutt oppvarming, ropar instruktøren.

Pump up the volume, syng det i anlegget. For nokre er det kanskje rumpevolumet som skal pumpast opp. Elixia Colosseum har, som fleire andre senter i kjeden, ein eigen rumpetime. Bootylicious. I følge senteret er det ofte mange på desse timane. Gjør din bakdel til din fordel, reklamerer dei.

Også her merkar personlege trenarar og instruktørar at unge damer er opptekne av rumpa for tida.

– Katrine, no skal vi trene berre rumpe. Berre rumpe.

Personleg trenar og instruktør Katrine Karlsrud fortel kva mange av kundane seier når dei kjem til henne.

– Må passe på haldninga også.

– Haldning er også viktig, då. Så eg prøver å lure inn at jenter må vise fram fin rygg og få fram brystet.

Rumpetrening

Katrine Karlsrud og Magnus Christoffer Gundrosen trenar rumpe.

Foto: Eirin Aardal / NRK

Kollega Magnus Christoffer Gundrosen nikkar. Han seier at det er viktig å snakke med kundane. At det er bra med fokus på trening, men at det kan bikke over til usunt.

Gundrosen trur sosiale medier er noko av grunnen til at mange vil bygge på rumpa.

– Folk legg ut rumpebilder og folk synes det er kjekt. Ein blir kanskje inspirert. Eg vil tru at det er veldig individuelt korleis ein ser på det med fokus på rumpe i media. Meir fokus på kropp kan ha både positive og negative sider.

Eit søk på #sprettrumpe på Instagram og 500 bilete av rumper dukkar opp. #rumpetrening har nesten like mange. #rumpe: 3538 innlegg.

- Rumpa stikke ut

Tjærandsen på Stamina trur noko av grunnen til rumpefokuset er kroppspress.

– Den viser, den står ut frå kroppen.

Men han ser også at kundar ikkje nødvendigvis blir lykkelegare av å oppnå målet om større rumpe.

– Mange som har oppnådd det ser at dei plutseleg har noko anna dei har lyst å oppnå.

- Stadig yngre går på treningssenter

Dammann på NIMI seier at stadig yngre jenter og gutar går på treningssenter, og at det er eit symptom på at det er mykje press på korleis dei skal sjå ut.

– Der er individet i fokus, framfor at det er det sosiale og gleden ved sporten eller idretten. Det er ikkje rart at det er kroppspress med alle medium og all informasjon som er misvisande.

– PT`ar har ansvar

Dammann meiner det er viktig at dei personlege trenarane peikar ut kva som er riktig og kva som er gale.

– Fordi det er mykje ein les og ser som er tatt ut av kontekst. Det er eit viktig ansvar vi har. Å skape eit sunnare kroppsbilete der ein tar utgangspunkt i seg sjølv og har fokus innover.

Det er mange som brukar personlege trenarar, gjer de nok for å hindre kroppspress?

– Det trur eg er individuelt frå stad til stad og person til person.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.