Hopp til innhold

Får tilbake pengane

Saladmaster selte rådyre kjelar til 50.000 kroner. FBI avslørte at kjelane slett ikkje var så unike. No har Forbrukartvistuvalet dømt seljarane til å gi kundane pengane tilbake.

Gryter fra Saladmaster.
Foto: NRK

Forbrukerinspektørene satte fokus på den amerikanske kjeleprodusenten alt våren 2007. Gjennom homeparty har dei selt svindyre kjelesett til mellom 20.000 og 50.000 kroner.

Den høge prisen forsvarte dei med at det vart nytta syrefast kirurgisk stål i produkta. I tillegg skulle du spare energi, det gav betre helse, sunnare livsstil og det vart hevda at desse kjelane var dei einaste som ein kunne koke og steike mat i, utan å bruke smør.

Klagestorm

FBI sine avsløringar om at grytene slett ikkje var betre enn andre skapte klagestorm frå sinte forbrukarar til redaksjonen og Forbrukarrådet. Forbrukartvistutvalet har no dømd fleire av seljarane av produkta i Norge til å tilbakebetale pengane til kundane.

LES OGSÅ: – Saladmaster villeiar kundane

I dommen frå Forbrukartvistutvalet er det først og fremst brot på angreretten som er blitt handsama. Mange av seljarane av produkta gav nemleg feil og utdatert informasjon om angreretten.

Dyrt for seljaren

- Dette er eit viktig prinsipp. Om dommen blir ståande fortel den at det kan koste seljar dyrt å ikkje gi riktig informasjon og at det er seljar som har det fulle ansvaret. Forbrukartvistutvalet har då sagt at angreretten vil vere løpande heilt fram til ei eventuelt forelding kjem til grunn, seier Helene Falch som er regiondirektør i Forbrukarrådet Tromsø.

I alt er det kome inn nesten 200 klager til Forbrukarrådet på selskapet Saladmaster, eller Cookware som dei enkelte selskap i Norge heiter. Klagene kom i all hovudsak etter at FBI i vårt program synte at kjelane ikkje hadde noko meir unike eigenskapar eller samansetning enn heilt vanlege kjelar.

SIFO-test

I ettertid har også Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) på oppdrag frå Forbrukarrådet gjort ei samanlikning av ein kjele frå Saladmaster opp mot ei Polaris-gryte og ei IKEA-gryte.

Konklusjonen er at gryta frå Saladmaster ikkje var noko betre enn dei to andre grytene. Den brukte litt mindre energi, men det utgjorde fattige 100 kroner i året. Med ein innkjøpspris på opp mot 50.000 kroner kan man trygt seie at det skal mange år og mykje matlaging til for at det rekneskapet skal gå opp.

Utvalet har ikkje behandla om dette er nok til å pårope ein mangel ved vara, men seier at dei langt på veg sluttar seg til konklusjonen frå SIFO sin test og Forbrukarrådet om at kjelen ikkje er betre enn andre.

Nye saker for tur

-Vi har foreløpig berre hatt sju av sakene inn for Forbrukartvistutvalet. Håpet var at dette skal gi så klare prinsipp at vi kan gjere opp desse sakene også. Viss ikkje kan det bli aktuelt å ta kvar enkelt sak inn for Forbrukartvistutvalet, fortel Falch.

Ho understrekar at det difor kan ta tid før alt går i orden. Samtidig understrekar ho at etter at FBI tok opp saka har Saladmaster gjort marknadsføringa si meir edrueleg. I tillegg til at ho vonar at dei no har fått med seg rett skjema og informasjon om angrerett til kundane.

Usamd med utvalet

Advokat Ole Takvam representerar fleire av seljarane av Saladmasterprodukt i Norge. Han skriv i ein e-post til FBI at dei har hatt begrensa tid å studere dommen frå Forbrukartvistutvalet og såleis ikkje har bestemt seg for om dei vil godta den.

Han understrekar likevel at hans klientar er usamde i utvalet sine rettslege standpunkt. I tillegg meiner dei at SIFO sin test av kjelane sine eigenskapar ikkje held mål.

Saksøkte NRK

Det er ikkje første gong Saladmaster er i rettslig strid. I etterkant av innslaga på FBI saksøkte dei NRK med krav om at dei kritiske innslaga vart fjerna frå NRK sine nettsider. Oslo Byfogdembete avviste ein kvar påstand frå kjeleprodusenten. Retten slo vidare fast at Saladmaster si marknadsføring påropte seg eigenskapar som det var liten dekning for.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)