Hopp til innhold

– Ikkje overvak dine born på nett

Du kan gjerne Google dine born, men ikkje forvent ei oversikt over kva dei gjer på internett. Det må du spørje om, ifølgje Medietilsynet.

Internett og barn

Barnevakten og Medietilsynet oppfordrar norske foreldre til å engasjere seg meir i bornas nettbruk, utan å snoke.

Foto: JOHN MACDOUGALL / Afp

Våre born er i Europatoppen når det kjem til nettbruk, syner ei europeisk medieundersøking.

Norske foreldre bør engasjere seg meir i bornas nettkvardag, men det må ikkje gå ut over deira rett til privatliv. Her er dialog å føretrekkje, framfor filter og overvaking. Det seier Pia Lang, prosjektleiar i Medietilsynet Trygg bruk, til NRK.no.

Pia Lang

Pia Lang etterlyser meir foreldreengasjement rundt bornas nettbruk.

Foto: FOTO: Medietilsynet

– Ein bør gjere Google-søk både på seg sjølv og sine born, berre for å sjå kva ein finn, men det vil ikkje avsløre all aktiviteten borna har på nett, seier Pia Lang.

Facebook-trening

Sjølv om mange foreldre er bekymra for borns nettvanar, spør under halvparten om deira nettbruk. Dette syner ei undersøking gjort av Medietilsynet.

– Me sender ikkje borna ut i trafikken eller symjebasseng åleine, me følgjer dei. Det er på høg tid me gjer det same når born debuterer på internett, seier Pia Lang.

Det kan vere positive sider ved at unge brukarar er registrert på nettstader tilpassa dei.

– Nettstader som er godt tilpassa born under 13 år, kan trene dei opp til å verte kvalifiserte Facebook-brukarar etter at dei er fylt 13 år, seier Lang.

Ho meiner det er positivt at foreldre er vener med sine born på Facebook, så lenge dei klarar å ikkje sjekke opp i alt borna gjer. Det må vere greitt om born vil ha restriksjonar på kva foreldra kan sjå.

– Det er heilt naturleg at ein ikkje har full oversikt over kva borna driv med på internett, det har ein jo heller ikkje til vanleg. Det viktigaste er å ha ein god dialog om kva som er greitt og ikkje på nett og mobil, seier Lang.

Uoversikteleg

Den nye mediekvardagen tek til ein viss grad frå foreldre moglegheita til å følgje med på sine borns mediebruk. Datamaskinar kan utstyrast med barnefilter og overvakingsprogram. Filter kan vere nyttig om du har små born, medan overvakingsprogram ikkje er anbefalt.

Kjellaug Tonheim Tønnesen

Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten meiner det kan vere vanskeleg for foreldre å hengje med i utviklinga.

Foto: Barnevakten / NRK

– Me ser ein tendens til at born er litt mindre aktive på Facebook. Det kan nok sjåast i samband med at mange nye medier, som Snapchat og andre appar, tek over ein del av den notidige kommunikasjonen, seier rådgjevar i nettenesta Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen.

Med ein meir uoversiktleg mediekvardag er det enda viktigare å lære borna nettvett og forklare at norsk lov gjeld og god folkeskikk, òg på internett og smarttelefonar.

– Det beste er ein open dialog og tillit. At me syner interesse for deira mediekvardag, og får kjennskap til han, slik at me kan setje positive rammer tilpassa kvart enkelt born, seier rådgjevar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen.

Balansegong

Vidar Haagensen

Vidar Haagensen i Barneombudet vil ikkje seie ja til overvaking av borns nettvanar over tid.

Foto: FOTO: Marius Hauge/Barneombudet

Dersom ein ikkje får ein god dialog med borna og er oppriktig bekymra har ein som foreldre plikt til å verne dei.

– Er ein bekymra for bornas nettbruk, har ein som foreldre plikt til å ta ansvar, seier Vidar Haagensen, kommunikasjonsrådgjevar hjå Barneombudet.

Han legg til at ein må ha gode grunnar for å undersøkje nettbruken til sine born, det held ikkje å vere nyfiken.

– Born har òg rett til privatliv, seier Haagensen.

– Det er ein hårfin balanse mellom overvaking og aktiv interesse i borns nettbruk, seier Pia Lang i Medietilsynet.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)