Hopp til innhold

– For lite sol kan føre til astma

Barn som bur i mørke og våte byar har større sjanse for å utvikle astma enn barn som får mykje sol på kroppen, meiner spanske forskarar.

Astma

Meir sol kan gi mindre astma, ifølgje ein spansk studie av 45.000 barn.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Jente på stranden

Barn som blir meir utsette for sollys, har mindre sjanse for å utvikle astma, meiner spanske forsmarar.

Foto: Wojtek Urbanek / Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no
Solkrem

Ein britisk forskar meiner barn ikkje får nok D-vitamin fordi foreldra er for nøye med å smøre solkrem på dei.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

For lite sollys kan gjere at fleire barn får astma. Det meiner spanske forskarar etter å ha studert 45.000 barn i ni ulike byar.

– Studien viser at astma førekjem oftare blant barn i våte område med lite sol, skriv forfattarane bak studien.

D-vitamin blir danna naturleg når sola skin på huda. Vitaminet kan styrke effekten av dei såkalla anti-inflammatoriske steroidane som motverkar astma og liknande betennelsesreaksjonar.

Forskarane peikar på at 90 prosent av D-vitamin kjem frå sola, og koplar dette med funn av låge D-vitaminnivå blant ungar som har astma.

– Farleg å unngå sola

Forskarane meiner dermed at det å vere ute i sola kan vere med å styrke kroppen sitt eige forsvar mot astma.

– Det å utsette seg for sol over lang tid kan føre til kreft, men det er også farleg å unngå sola. Det må vere ein balanse, seier hovudforfattar Alberto Arnedo-Pena til det spanske nyheitsbyrået Sinc.

Dei spanske forskarane får støtte frå ein britisk forskar, som meiner overdriven bruk av solkrem også kan vere ein risikofaktor. I Storbritannia er det målt for låge verdiar av D-vitamin hos fleire enn halvparten av befolkninga.

– Det at ein nesten har blitt besett av tanken på å unngå hudkreft, er ei av hovudårsakene, forklarar professor John Warner ved Imperial College i London til fagbladet AstmaAllergi.

For mykje innandørs

Det er fleire enn 300 millionar menneske som er råka av astma i verda per i dag. Det svarar til 4,3 prosent av verdas befolkning.

Dei siste tiåra har det vore ein jamn auke i astmatilfelle, også i Noreg. To undersøkingar har vist at så mange som 20 prosent av alle barn i Noreg har vore innom sjukdommen.

Mange blir friske gjennom puberteten, men framleis er så mange som 8 prosent vaksne nordmenn sjuke med astma, viser tal frå Astma- og allergiforbundet.

Dei spanske forskarane anbefaler folk på våre breiddegrader å vere meir utandørs, og å utsette seg for sollys i 20 til 30 minutt kvar dag.

Fisk og annan mat som er rik på D-vitamin, kan gi eit nødvendig supplement til solstrålane. I vinterhalvåret, når sola ikkje er oppe lenge nok, anbefaler forskarane å ta til seg vitaminpiller.

– Seglar opp som ny teori

Også i Bergen har forskingsmiljøet plukka opp teorien om at D-vitamin kan vere bra for å motverke astma.

– Vitamin D-mangel seglar opp som ein ny teori, seier overlege og forskar Tomas Eagan ved Lungeavdelingen på Haukeland Universitetssykehus.

– Vi har registrert at det er mange som synest dette er interessant. Men vi har på ingen måte løyst astmagåten med dette, seier han.

Han meiner neste steg no er å starte forsøk med å gi D-vitamin til barn for å undersøke om det er ein årsakssamanheng.

I Bergen har dei allereie starta ein studie for å undersøkje om nivået av D-vitamin kan ha noko å seie for forløpet til lungesjukdommen Kols.

Tradisjonelt i rike land

Også dei spanske artikkelforfattarane tek atterhald om at D-vitamin ikkje treng å vere heile forklaringa på at sola er gunstig mot astma. Dei peikar på at sola også gir høgare lufttemperatur, og i nokre tilfelle mindre fukt i lufta.

– Det er mange ukjende sider ved astma, og forskinga held fram, skriv hovudforfattar Alberto Arnedo-Pena til forskning.no.

Professor Martinus Løvik ved NTNU og Folkehelseinstituttet.

– Det er ikkje sikkert teorien held vatn, meiner professor Martinus Løvik ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Folkehelseinstituttet

Sjølv om den spanske studien kan vere oppsiktsvekkande, så er det ikkje sikkert at D-vitamin-teorien held vatn, meiner avdelingsdirektør og professor Martinus Løvik i Folkehelseinstituttet.

– Det er ein god del data som kan tyde på at det er noko i dette, men kor viktig bidrag D-vitamin har, det er ikkje så godt å seie, seier han.

Han viser til at astma og allergi stort sett har vore eit problem i tradisjonelt rike land, og illustrerer dette med ei historie frå Saudi-Arabia.

– Ein kan få utslag av berre små auker i levestandarden. Beduinar som et på McDonalds har oftare allergiske reaksjonar enn beduinar som ikkje et på McDonalds, seier han.

Undersøkjer årsak i sommar

Det er gjort fleire studiar på D-vitamin og astma tidlegare. Ein studie frå 2007 viste at når gravide fekk tilstrekkeleg D-vitamin, gjekk risikoen for at barna deira skulle få astma ned med 40 prosent.

Ein annan studie frå 2007 antyda at folk som busette seg i byar og dermed brukte meir tid innandørs, oftare hadde D-vitaminmangel, noko som igjen fører til fleire tilfelle av astma og allergi.

I 2010 kom enda ein ny studie som viste at astmatiske barn var 50 prosent meir utsette for alvorlege anfall om dei i tillegg hadde D-vitaminmangel.

Det kan dermed sjå ut som at det er ein samanheng, men professor Warner åtvarar mot å konkludere for tidleg.

– Det har vore ei rekkje observasjonsstudiar som har antyda ein samanheng mellom lavt D-vitaminnivå og ei rekkje problem, mellom anna astma og allergi. Men samanheng betyr ikkje årsak og effekt, seier han.

Han meiner det er nødvendig å gjennomføre ein intervensjonsstudie for å påvise eit årsaksforhold. Han har gjort nettopp det, og vil leggje fram resultata sommaren 2011.

Sol

Sola er ei stor kjelde til naturleg D-vitamin.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)