Hopp til innhold

– Mindre middag med stor gaffel

Du blir raskare mett i magen av store gaflar, hevdar amerikanske forskarar.

Ravioli

Ifølgje amerikanske forskarar vil du ete meir av denne raviolien om du brukar ein liten gaffel.

Foto: Colourbox.com

Det er større sjanse for at du legg igjen mat på tallerkenen om du brukar ein stor gaffel for å få i deg middagen.

Årsaka er at hjernen lurer deg til å tru at magen er fornøgd, hevdar amerikanske forskarar.

– Det er ingen indre signal som fortel oss kor mykje som er passande å putte i seg. Folk brukar ytre signal, som for eksempel storleiken på gaffelen til å måle kor mykje dei skal ete, skriv forskarane i bladet Journal of Conumer Research.

Stor gaffel - lite mat

Undersøkinga vart gjort ved at forskarane frå Universitetet i Utah følgde med på kor mykje mat gjestene på ein restaurant åt.

Stor gaffel, liten gaffel

Med ein stor gaffel får ein i seg meir mat kvar gong ein løftar handa mot munnen. Då lurer ein magen til å tru at ein blir mett raskare, ifølgje amerikanske forskarar.

Foto: Colourbox.com

Rester på middagstallerken

Forskarane målte kor mykje mat som vart igjen på tallerkenen etter måltidet.

Foto: Kudrin Ruslan / Colourbox.com

Forskarane skifta ut gaflane på restauranten og la ut gaflar som var 20 prosent større på nokre bord, og gaflar som var 20 prosent mindre på andre bord.

Dei målte så vekta på kvar enkelt rett som vart servert, og dei samme tallerkenane vart målte på nytt når gjesten var forsynt.

I dei tilfella at gjesten hadde fått ein stor porsjon, viste det seg at dei som åt med liten gaffel åt merkbart meir enn dei som åt med stor gaffel.

– Det kan vere fordi gjestene som åt med små gaflar følte at dei ikkje fekk i seg nok mat, og at dei derfor ikkje kjende seg mette, meiner forskarane.

Lurt av hjernen

Forklaringa kan altså vere at gjestene som åt med store gaflar, raskare kjende seg mette fordi dei oppfatta at dei åt meir mat.

Kor mykje du et, har derfor samanheng med det du ser, og ikkje berre med kor svolten du er.

I dei tilfella at gjesten hadde fått ein liten porsjon, var ikkje resultata like eintydige.

Forskarane meiner det kan vere fordi ein liten porsjon gjer det lettare for folk å sjå at maten forsvinn frå tallerkenen, og at det dermed blir lettare tilfredsstilt.

– Den psykologiske kjensla av å kjenne seg mett er litt forseinka. Når ein ikkje kjenner seg svolten, fokuserer ein på om ein kan sjå at ein gjer framskritt mot målet om å tømme tallerkenen, skriv dei vidare.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)