Hopp til innhold

- Kjøp båt no!

Finanskrisa rår i skjærgården. Det betyr at du kan gjere eit båtkupp. Men skal du ha ny båt bør du skynde deg, seier båtekspert. FBI har testa dagsturbåtar.

Tre dagsturbåtar er testa
Foto: Kjartan Ovesen, NRK

- Båtmarknaden er hardt ramma. Det gjelder å prute, no kan du få opp til 25 prosent avslag på listeprisen på enkelte båtar, seier Amund Rich. Løken.

Han er reportasjeleiar i bladet Båtmagasinet, og har har saman med kollega og redaksjonssjef Atle Knutsen samanlikna tre ulike dagsturbåtar på oppdrag for Forbrukarinspektørane.

Tre båtar

I denne testen har vi samanlikna båtar som i utgangspunktet er veldig like. Den norske Ibiza og finske Yamarin er begge innarbeidde på den norske markanden.

Difor har vi denne gong også valt å ta med utfordraren Sting, som blir produsert i Polen og no vil kjempe seg inn på den norske båtmarknaden.

Sjøeigenskapar

I testen er det lagt vekt på fem hovudpunkt. Det viktigaste er sjølvsagt kor god båten er i sjøen. Alle dei tre båtane klarar seg svært godt på dette punktet.

Størst er skilnaden på utforminga og dei praktiske løysningane i dei tre ulike båtane. Mellom anna er det lagt vekt på kor god førarposisjonen er og korleis den er utstyrt.

Vidare har vi kikka nærare på dei praktiske løysningane, som er alt frå sofagruppe/sengeplass til ombordstigning og praktisk bruk ved sjøsportaktivitetar.

Motoren er ein annan viktig del av testen. Avgjerande her har vore forbruket av drivstoff og støynivået.

Desse tre båtane er testa:

(Forbruk og støy målt ved 35 knop)

Båttest

Ibiza 21 Touring

  • Motor: Suzuki DF 150
  • Maks fart 44.6 knop, støy 81,3 dBA
  • Forbruk pr nautisk mil: 0,98 liter
  • Pris: 488.100 kroner
  • Konklusjon: Denne norskproduserte båten er vinnaren av testen. Den får toppkarakter både for sjøeigenskapane sine og førarposisjonen, som mellom anna gir god plass til nødvendige instrument. Den har og mange praktiske løysingar og er ein solid båt. I tillegg til å vere vinnar er det også den raskaste båten i testen.

     

Sting 650 DC

  • Motor: Evinrude 150 E-tec
  • Maks fart 38,4 knop, støy 86,0 dBA
  • Forbruk pr nautisk mil: 0,72 liter
  • Pris: 479.000 kroner
  • Konklusjon:  Polske Sting er å rekne som ein utfordrar på den nordiske dagsturmarknaden. Den har framleis litt å gå på. Sjølv om båten er god i sjøen er den trong og kan gi eit litt billig inntrykk. Polakken er den båten som brukar minst drivstoff, men er også den treigaste i testen.
     

Yamarin 64 DC

  • Motor: Yamaha F 150
  • Maks fart 43,6 knop, støy 82,8 dBA
  • Forbruk pr. nautisk mil: 1,0 liter
  • Pris: 471.573 kroner
  • Konklusjon:  Båten får toppkarakter for sine sjøeigenskapar, men trekk for førarposisjonen. Den har elles ein enkel løysning som ikkje gir dei store overraskingane. Er den billigaste båten i testen.

Det er først og fremst på dei praktiske løysningane testvinnaren skil seg ut. I følgje Atle Knutsen i Båtmagasinet har den norske båten gode løysningar både for ombordstigning, førarposisjon, i sofagruppene og i tilrettelegginga for sjøsportaktivitetar som ein familiebåt må ha.

Rett og slett ein solid båt som gir eit massivt inntrykk, konkluderar Båtmagasinet sin redaksjonssjef.

Førarplassen i Ibiza 21 Touring

Det er god plass til nødvendige instrument i den norske testvinnaren.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

Dyrare import

Amund Rich. Løken meiner det gjeld å kome i gang om du skal sikre deg ein god pris på ein ny båt. Styrkinga av amerikanske dollar, yen og euro gjer at båtane vil bli dyrare å importere til Norge.

- Eg trur at dette vil gi ein snarleg og kraftig prisauke frå den store nedgongen vi har sett siste tida. Sjølv om nokre båtar er produsert i Norge, så er motoren som utgjer halve prisen importert for eksempel frå Japan.

- Eg ville nok ikkje venta for lenge om eg skulle kjøpt meg ny båt, seier båtjournalisten til Forbrukarinspektørane.

Brukt båt?

Eit alternativ til å kjøpe heilt ny båt er likevel å kikke på bruktmarknaden. Til liks med nybåtsalet stogga salet av brukte båtar nesten opp i fjor.

- Det gjer at man kan finne gode kjøp også her, fortel Løken som understrekar at dette er hans vurdering og at det er vanskeleg å sjå inn i krystallkula. Det er samtidig viktig å vite at ein ny båt held seg langt betre i pris enn kva ein ny bil gjer.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)