Hopp til innhold

- Håpløse bilavgifter

Det er ikkje berre bilentusiastar som irriterer seg over norske bilavgifter. No går både miljøbevegelsen og bilprodusentar til angrep på engangsavgifta.

Fisker Karma

Hybridbilen frå Fisker Karma vart langt dyrare enn venta.

Foto: Fisker Karma

Bilekspertane Rune Korsvoll og Helen Thorgersen svarte i FBIs nettmøte. LES SVARENE HER!

Ein samla bilbransje satsar i desse dagar på plug-in-hybridar.

Kort sagt er dette er bilar som går framover med ein oppladbar el-motor, men som også er utstyrt med ein bensindriven motor som fungerer som ein reserve.

Dei første er på marknaden allereie til våren.

Sjå bildegalleri her med framtidas biler!

Avgiftssjokk

Bilentusiast Dag Lygre køyrer i dag det han sjølv kallar ”ei utsleppsbombe av ein amerikanar”.

I vår oppdaga han ein plug-in frå Fisker Karma, og fekk ein ide om å bytte ut amerikanaren med noko meir miljøvennleg. Då kom avgiftssjokket.

LES OGSÅ:

Dag Lygre

Bilentusiast dag Lygre fekk avgiftssjokk.

Foto: Gard Brox Jensen / NRK

- Bilen eg ville ha går på elektrisitet, men likevel viste det seg at eg måtte betale over 420.000 kroner i eingangsavift til staten. Det er nesten like mykje som bilen kosta, seier han.

I dag er reine el-bilar fritekne frå eingangsavgifta. Det Lygre reagerer på er at plug-in-bilar som i all hovudsak går på el-motor, blir beskatta som ein vanleg bensinbil.

Kva meiner du om norske bilavgifter? Diskuter nederst i artikkelen!

LES OGSÅ:

Miljøbevegelsen støttar bilfolket


Forbrukerinspektørene har spurt alle dei store miljøorganisasjonane om deira syn på problemstillinga. Alle seier at det bør leggast betre til rette for plug-in-hybridar.

Organisasjonane meiner at norske myndigheter er på etterskot.

- Regjeringa bør kutte i eingangsavgifta for plug-in-hybridar straks. Det er eit av dei mest konkrete tiltaka dei kan gjere for å få ned utsleppa frå biltrafikken i åra som kjem, seier Gøril Andreassen i Zero.

Ho viser til at ein plug-in på turar på 60-100 km kan køyrast som ein rein el-bil. I følge tal frå Transportøkonomisk Institutt er 87 prosent av bilturane våre kortare enn 20 km.

Krass kritikk frå Volvo

Øystein Herland

Øystein Herland, administrerande direktør i Volvo meiner norske avgifter må endrast.

Foto: Ole Martin Haug / NRK

- Vi tykkjer norske myndigheter kunne teke eit kraftig steg framover og vore på linje med oss, seier Øystein Herland, administrerande direktør i Volvo Personbiler Norge.

Volvo reknar med å ha sin plug-in klar for marknaden i løpet av 3-4 år.


- Vi meiner avgiftspolitikken må gjere bilane tilgjengelege for norske bilistar.
- Men kan vi ta deg på alvor? Seier ikkje du dette kun for å selge bilar?
- Plug-in er viktig for bilprodusentane, men teknologien er også viktig for miljøet, seier Herland.

Håp om endring


Bilentusiasten Lygre enda opp med å bestille seg ein Fisker, trass i avgiftssjokket. Hans håp er at norske avgifter er endra før han får levert bilen i 2010.


- Ja, viss ikkje avgiftene blir endra, så blir bilen avbestilt. Då tar eg meg ikkje råd til å bli miljøvennlig.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)