Super Mario
Foto: Nintendo

Slik blei Mario verdas største spelhelt

Nintendo ynskte seg ein muskuløs sjømann. Dei enda opp med ein liten røyrleggjar med bart.

Ein mann med bart kryp ned eit rør. Han er røyrleggjar, men har ingen røyrleggjarsprekk. Det sørgjer den blå snikkarbuksa for. Merkeleg nok skiftar han verken pakningen under vasken eller røyret på badet. Han slost mot skjelpadder i kloakken.

Dette er Mario.

Gjennom 40 år har han fått oss til å hoppe, ta ekstraliv og redde prinsesser. Han har deltatt i over 200 spel, er tidenes mest populære spelkarakter, og no trekk han også folk i hopetal til kinoane med «Super Mario Bros.»

Trass den store populariteten, når du tenkjer på det, er det noko utypisk ved Mario. Han har ikkje store musklar og snikkarbuksa er litt for trong. Korleis enda eigentleg ein 26 år gamal røyrleggjar opp på toppen?

THE SUPER MARIO BROS. MOVIE

SUPER MARIO: Filmen sette ny rekord for beste globale opningshelg for ein animasjonsfilm, og slo dermed Disneys «Frozen 2».

Foto: Nintendo

Den nye helten

Mario er resultatet av ein avtale som braut saman. Han er fødd i Japan, men vaks opp i USA.

Det japanske spelselskapet Nintendo blei grunnlagt allereie i 1889 i Kyoto. Nintendo selde opphavleg spelkort, som blei populære i landet etter at Japan innførte forbod mot dei fleste typar gambling. Nintendo vaks kjapt og etter kvart blei korta også populære andre stadar i verda.

Hanafuda-kort fra 1910. Det var slike spillkort Nintendo startet med på slutten av 1800-tallet.
Foto: UKJENT / WIKIMEDIA COMMONS

På 1950-talet blei frøet til Mario sådd. Etter 2. verdskrig betra forholdet mellom USA og Japan seg, og ei kulturell utveksling fann stad. Nintendo gjorde ein avtale med det amerikanske selskapet Hearst Enterprises om å selje produkt med deira karakter Popeye – på norsk Skipper'n – i Japan.

Laster Giphy-innhold

Skipper'n var ein perfekt spelhelt. Han var ein tøff sjømann med svære musklar, og fekk superkrefter av å gulpe i seg spinat. Difor ville Nintendo utvikle eit arkadespel med han som hovudkarakter.

Ein hoppande mann

Shigeru Miyamoto blir kalla faren til moderne videospel. I 1977 blei han tilsett som spelutviklar hos Nintendo.

Shigeru Miyamoto

MARIOS FAR: Miyamoto er fødd i Kyoto i 1952, der han som barn var opptatt av å lese, teikne og utforske naturen. Han tok den meir praktiske yrkesvegen industridesignar, men vurderte å bli teikneserieskapar før han fekk jobb i Nintendo.

Foto: CARL DE SOUZA / AFP

Han fekk i oppgåve å utvikle Skipper'n-spelet, og skreid til verket. Miyamoto teikna eit spelebrett der karakteren klatra oppover medan han måtte passe seg for rullande tønner.

Skisse av Popeye
Illustrasjon: Shigeru Miyamoto / Nintendo

Det var berre eitt problem. Amerikanarane i Hearst Enterprises trakk seg. Nintendo fekk til slutt nei til å bruke Skipper'n i arkadespelet. Dei trong ein ny helt.

Spranget er stort frå den muskuløse Skipper'n til vanlege Mario. Kva skjedde?

Igjen fall oppgåva på Miyamoto. Han laga no ein karakter ved namn Jumpman, eller på norsk Hoppemannen, som likna på den Mario vi kjenner i dag.

Jumpman
Illustrasjon: Shigeru Miyamoto / Nintendo

Karakteren dukka opp i spelet «Donkey Kong» frå 1981.

Jumpman jobba som snikkar og hans superkraft var at han kunne hoppe høgt (men han kunne ikkje drepe fiendane sine ved å hoppe på dei, ikkje enno. Dette kom først seinare.) Oppgåva til Jumpman var å redde kjærasten sin frå ein slem ape.

Donkeykong
Foto: NINTENDO

Miyamoto har fortalt at han ville skape ein karakter med ein vanleg jobb, ikkje ein perfekt helt. Han likte ideen om ein person du kunne identifisere deg med, som gjorde sitt beste.

Korleis såg Hoppemannen ut? Han var teikna i raudt, blått og svart. Det var rett og slett mengda pikslar, små punkt som utgjer eit digitalt bilete, som dikterte korleis Miyamoto kunne teikne Jumpman. I dag er dataskjermane våre fylt med mange millionar pikslar, men i datateknologiens barndom hadde speldesignarane få pikslar til rådigheit.

Jumpman, som også blei omtalt som «middelaldrande mann», fekk ei snikkarbukse og ein liten bart, men mangla framleis detaljar som lommer.

Jumpman
Foto: Nintendo

Sett med dagens auge ser Jumpman og spelet «Donkey Kong» enkelt ut i stilen, men i 1981 var spelet ein revolusjon. Den tids spel, som «Snake» og «Pong», hadde verken særleg til detaljar eller historie.

Laster Giphy-innhold

«Donkey Kong», derimot, hadde filmatiske kvalitetar. Det var karakterar du kunne identifisere deg med, kul musikk og ei historie i botn. Spelet kom ut i 1981 og blei ein kjempesuksess.

Snart skulle Hoppemannen få sitt heilt eige spel.

Mario blir fødd

Eit spelkrasj i USA skulle inspirere Nintendo til nye høgder og bane veg for Mario.

Dei første videospel-maskinene til heimebruk hadde poppa opp over Atlanteren ved slutten av 1970-talet. Dette gjorde at marknaden for videospel vaks fram, men dei amerikanske spelselskapa blei overivrige. Dei produserte altfor mange spel (mange av dei middelmåtige), og dessutan i for mange kopiar. Talet på spel-eksemplar overgjekk talet på selde spelmaskiner.

Dermed kom det store spelkrasjet av 1983.

Selskapa sat igjen med mange tusen eksemplar til overs, som dei var redde for å kaste. Redsla var at folk kunne finne spela i søpla, kopiere dei og selje vidare på svartebørsen, noko som igjen ville føre til enda mindre sal for spelselskapa.

Spelselskapet Atari såg seg difor nøydd til å gravleggje 2000 spel-eksemplar i ørkenen. Dei asfalterte til og med over, for å vere på den sikre sida.

Atarispill som ble gravd opp igjen i 2014.

GRAVNE OPP: Ataris plan var likevel ikkje feilfri. I 2014 klarte eit dokumentarfilmteam å grave opp spela.

Foto: Jason from The Wasteland

I Japan var det som om spelkrasjet inspirerte Nintendo i staden for å skremme dei. Dei starta å utvikle sitt eige system for videospel, samtidig som dei såg etter eit nytt spelkonsept. Slik dei såg det, betydde ikkje spelkrasjet at videospel ikkje var god business, berre at ein måtte nå så mange som mogleg og lage gode spel som skilde seg ut.

Enter Mario.

Etter suksessen med «Donkey Kong» bestemte Nintendo seg for å gi Jumpman sitt eige spel. Han fekk namnet sitt etter huseigaren som Nintendos amerikanske avdeling leigde hos. Den litt gretne, italienske huseigaren likna litt på Mario, meinte ein tilsett. Namnet blei ståande.

Mario får ein bror

Mario slo først gjennom med spela «Mario Bros.» (1983) og «Super Mario Bros.» (1985). Førstnemnde kom ut i Japan, medan sistnemnde fekk suksess også i USA og Europa.

Han var omskolert frå snikkar til røyrleggjar for å passe inn i universet som Miyamoto hadde skapt. Lokasjonen var New York Citys kloakk, og Mario kunne klatre opp og ned rør for å kome til nye nivå.

Mario likna framleis på Hoppemannen, men Miyamoto hadde hatt fleire pikslar til gode, slik at han kunne forbetre utsjånaden. Der Skipper'n hadde spinaten, blei Mario tidelt soppen, som gjorde at han vaks i storleik. Blei han tatt av skadedyra, krympa han tilbake.

Han kunne også skyte eldkuler ved å fange ein blome, og bli udødeleg ved å ta ei stjerne.

Ein grønkledd bror, Luigi, var komen til, og saman hoppa brødreparet gjennom Mushroom Kingdom med mål om å redde prinsessa frå slemme Bowser.

Nokre har seinare påpeikt at det er rart at spelet blei heitande «Mario Bros.» Var ikkje Mario fornamnet, liksom? Nei, ifølge Nintendo, som allereie hadde spikra seg til masta og måtte forsvare namnet på spelet. Mario heitte Mario Mario. Altså Mario også til etternamn. Slik at Luigi heitte Luigi Mario.

Mario Bros. Battle of the pests

FØRSTE SPEL: Plakat for «Mario Bros.», som kom ut i Japan i 1983. Litt lenger ut på 1980-talet fekk også USA og Europa kjennskap til brødreparet.

Foto: NINTENDO / MARIO WIKI

Uansett, i 1985 gjekk Mario Mario til toppen av spelverda. «Super Mario Bros.» har blitt kalla det beste spelet nokosinne.

Det var ikkje berre Marios evner som gjorde han så populær. Ein japansk spelkomponist hadde også ein finger med i spelet.

Musikken

Til «Super Mario Bros.» hyra Nintendo sin første spel-komponist.

Han heiter Koji Kondo.

Kondo hadde frå ung alder spelt el-orgel og marimba. Han hadde peiling på elektronisk musikk, men inga klassisk trening som musikar eller komponist. I 1984 hengde Nintendo opp jobbannonse på universitetet der Kondo studerte. Han søkte og fekk jobben.

Koji Kondo er komponisten bak Mario-musikken

KOMPONISTEN: I dag er Kondo 61 år og jobbar framleis for Nintendo. Han har laga musikk til fleire av Nintendos spelsuksessar, som «Zelda», og dessutan vore involvert i musikken til den nye «Super Mario Bros.» -filmen.

Foto: VALERIE MACON / AFP

«Super Mario Bros.» blei hans første store jobb.

Og for ein jobb han gjorde! Musikken har gått inn i historia som den mest ikoniske spelmelodien nokosinne, er brukt som ringetone og sampla av band og artistar. Melodien blir i desse dagar offisielt innlemma i amerikansk historie, når Kongressens bibliotek i USA inkluderer han i si musikksamling som første videospel-komposisjon nokosinne.

Miyamoto, speldesignaren, hadde pønska ut lydane til spelet som ein filmregissør. All lyd skulle vere synkronisert med handlingane og rørslene på skjermen. Kondo, spelkomponisten, følgde same strategi. Han ville at musikken skulle spegle Marios rørsler. Dette var ein ny måte å tenkje på i spelverda.

Sidan Mario hoppar og er fysisk aktiv, baserte Kondo musikken på sjangrar knytt til dansing, som vals og latinsk musikk. Dette kan ein høyre i takt-artane og instrumentbruken.

Musikken blir brukt til å byggje oppunder stemninga på dei ulike nivåa. Når du går ned i underverda, slår moll-melodiane inn, medan når du hoppar på flagget og sigeren er i hamn, kjem triumf-melodien.

Kondo ynskte at du skulle kunne høyre melodien igjen og igjen, utan at du byrja å kjede deg.

Det beste tilbehøyret

Éin ting er at Mario blei populær i 1985, men sidan den gong har nye konkurrentar som Sonic the hedgehog og Lara Croft dukka opp. Korleis har Mario klart å halde stand så lenge?

Miyamoto knekte koden for korleis kombinere teknologi og historieforteljing for å lage noko gøy – og han har stadig perfeksjonert oppskrifta.

Det første som skjedde, var at Mario gjekk frå å klatre vertikalt oppover, til å kunne utfalde seg horisontalt. Deretter har han mellom anna kunne leike seg på to skjermar og fått bil.

Etter suksessen med «Super Mario Bros.» byrja Nintendo å lansere nye Mario-spel samtidig med sine nye konsollar. Dette styrkte både Nintendos posisjon – og Marios.

Nintendo utviklar teknikken i samspel med historieforteljinga og motsett. Ein ny konsoll gir nye måtar å spele på, og det bakar Nintendo inn i Marios univers. For eksempel lanserte Nintendo spelet «Super Mario Galaxy» året etter at Wii-konsollen kom. Det som var spesielt med Wii, var at systemet hadde rørslesensorar, som så klart blei utnytta i det nye Mario-spelet. Ved å riste på konsollen, kunne du få Mario til å snurre rundt.

Super Mario Galaxy, Wii, 2006
Foto: Nintendo

Måten Nintendo har kombinert teknologi og historieforteljing på, har altså halde Mario populær. Mange nordmenn hugsar Mario frå speling på Gameboy eller Nintendo 64 på 1990-talet. I dag finst Mario på alle plattformer, også smarttelefonen.

Mario utviklar seg

Nintendo har halde Mario i live på fleire plan. Dei har tilført stadig nye karakterar, ekstrakrefter og verder, som gir spelaren nye utfordringar. Dette gjer at Mario ikkje stagnerer, men held stand. Du kan ha spelt Mario sidan 1985 og likevel få nye ting å bryne deg på. I tillegg når han nye generasjonar ved å tilpasse seg deira spelverd.

Frå og med 1988 blir Mario-universet utvida med eit verdskart. Der Mario i starten opererte i éi verd med underverder, som blei vanskelegare di lengre du kom, kunne du frå 1988 velje mellom fleire og fleire verder. Slik blei Marios univers kraftig utvida – med ørkenlandskap, under havet, fjell, mørkeland, kjempeland, nye galaksar og hemmelege verder.

For kvar nye verd, følgjer det med nye vener og fiendar. Her er nokre av påfunna som har fått plass:

Wario

WARIO: Marios erkerival. Ein konkurrerande røyrleggjar frå New York som blir misunneleg på suksessen til Mario og Luigi.

Foto: NINTENDO
Shadow Mario

SKUGGE-MARIO: Marios dobbeltgjengar, som kom til i spelet «Super Mario Sunshine» (2002). Han liknar på Mario, men er gjennomsiktig blå, og får raude auge når han er sint.

Foto: NINTENDO
Yoshi

KJENT OG KJÆR VEN: Dinosauren Yoshi dukka først opp i 1990. Mario kan sitte på ryggen hans, medan dinosauren et opp det som kjem hans veg med den store tunga. Yoshi klekk også egg, som blir til små baby Yoshis.

Foto: NINTENDO
Racoon Mario

SUPERKRAFT: Ved å fange lauv som kjem flygande ned frå lufta får Mario vaskebjørn-drakt og kan flyge.

Foto: NINTENDO
Fotballskjelpadde i Mario

FOTBALL-SKJELPADDENE: Ein variant av den vanlege fienden, skjelpadda, men no med amerikansk fotballutstyr på. Dei kan skade Mario ved å kaste fotballar og baseballs.

Foto: Nintendo / Mario Wiki

Mario er den same, likevel

Midt oppi alt dette nye er Mario framleis Mario. Det er kanskje den største nøkkelen til suksessen.

Mario er i dag ein av verdas mest attkjennelege populærkulturelle figurar. Guinness Book of World Records utnemnde i 2009 Super Mario til «det mest innflytelsesrike spelet nokosinne».

40 år etter oppstarten, er Mario framleis 26 år gamal og jobbar som røyrleggjar. Vi veit ikkje altfor mykje om han. Han er glad, ynskjer det beste for andre, og brukar evnene sine til å redde folk.

Han kan oppfattast som ein snill veg inn i spelverda. Mange av dei som var barn i 1983, har no fått sine eigne barn. Foreldre kan nostalgisk nynne på Mario-songen medan barnet lærer seg B-fart og raskt blir betre enn den vaksne.

Mario har lært seg å spele golf, køyre bil og ri på dinosaurar. Den einaste staden Mario ikkje har lukkast, før inntil nyleg, er på lerretet. Mario har to floppar bak seg.

TV-showet «The Super Mario Bros. Super Show» frå 1989, der ein profesjonell brytar (!) spelte hovudrolla som Mario. Og fantasyfilmen «Super Mario Brothers» frå 1993, som hamna på lista over verdas verste filmar.

Lou Albano i rolla som Mario på TV

MARIO: Med sin tradisjonelle italienske sandwich. Lou Albano fekk dårleg kritikk for si Mario-tolking.

Foto: DIC ENTERPRISES/ EVERETT COLLECTION / NTB/SCANPIX

No har Mario fått revansje. Den nye filmen «Super Mario Bros.» er få veker etter premiere allereie den filmen som har tent inn mest pengar i 2023, uansett sjanger.

Det verkar sannsynleg at det kjem ein oppfølgjar frå Nintendo og filmselskapet. Mario kan hoppe trygt vidare til neste nivå, i forvissing om at ekstraliva aldri ser ut til å ta slutt.

Bakgrunnskjelder: Bøkene «How Nintendo conquered America» av Jeff Ryan og «Shigeru Miyamoto» av Jennifer Dewinter. Artiklar frå CNN Business, The Guardian og CNBC. Nettstaden Mariowiki. Youtube-innslag av J.J. McCullough: «Where was Mario made? A history».

Hei!

Tankar om denne saka, eller idear til nye kultursaker i langformat? Ta kontakt. Det slo meg undervegs at Marios suksessoppskrift liknar litt den til «Home and Away» - verdas lengstlevande TV-såpe - som eg skreiv om i denne artikkelen. Ikkje endre deg for mykje, men heng med i tida. 

Anbefalt vidare lesnad: