Maskorama

KAPPE-KLEDD: «Ikke snakk til meg» står det på kappene til deltakarane.

Foto: NRK/FREMANTLE

Noregs best bevarte løyndom

Det kostar å halde maska, og sikkerheitsopplegget er enormt. Det kan også koste mentalt for kjendisane som må lyge kvar einaste laurdag.

I snart åtte laurdagar på rad har kjente personar sunge live framfor publikum og sjåarar der heime.

Identiteten deira er skjult. Både på scena og i kulissane.

Stemmene deira er fordreia i intervju.

I utgangspunktet er det ingen som veit kven som skjuler seg i maska, men det er ei viss fare for at nokon har følgt etter eller spionert på ein av dei på veg til lokalet dei har prøvane i.

Det kan få store konsekvensar om dei blir avslørte.

paparazzi-bilde av Maskorama som ankjem lokalet dei er i.

Dei kjente personane som er vande til å by på seg sjølv, vere til stades og opne opp må plutseleg lyge – til venar og familie.

Medan heile Noreg prøver å finne ut kven dei er.

Som programleiar Silje Nordnes seier:

– Det er den best bevarte løyndommen på TV.

Silje Nordnes på scenen i Maskorama.

– Måtte låse dørene

Svært få personar veit kven som er med i Maskorama.

Verken programleiaren, detektivane eller dei som jobbar med produksjonen får vite sanninga.

Kor mange som sit med fasitsvaret er det ingen som veit. Også det er hemmeleg.

Det er rett og slett svært strenge sikkerheitsreglar, ifølgje produsent Kim Strømstad.

Etter å ha snakka med nokon så fekk vi vite at det er lurt at ein ikkje veit kven som faktisk veit, seier han i Maskorama-podkasten.

Han vil ikkje røpe kven han har rådført seg med.

Folk er nemleg besette på å finne ut kven som skjuler seg i maska.

Maskorama

STENGTE DØRER: Det er eit strengt sikkerheitsopplegg rundt Maskorama.

Foto: NRK/FREMANTLE

I fjor var det ein sjåar som gjekk ekstra langt.

Det var ein som hadde lagt seg i buskane for å registrere bilnummer på bilane som kom. Planen var å sjekke dei opp mot eit register for å finne ut kva kjendisar som eigde bilane, fortel Strømstad.

For sikkerheits skuld valde vi å låse dørene til lokala våre fordi nokon låg i buskane utanfor, seier Strømstad lattermildt.

«Walkie-talkie»

Men ... det var ein ting sjåaren ikkje hadde tenkt på. Kjendisane køyrer ikkje sin eigen bil.

Kvar deltakar har sin personlege assistent som er ansvarleg for å hente deltakarane på ein personleg stad.

Assistentane går med walkie-talkie og sørgar for at deltakarane ikkje møter på eller ser kvarandre. I tillegg går jobben deira ut på å hindre at uvedkommande skal «sjå» noko dei helst ikkje skal sjå.

Maskorama

ANKOMST: Kjendisane kjem i sotate bilar.

Maskorama-deltakar blir følgt av sin personlege assistent

ASSISTENT: Kvar kjendis har kvar sin assistent som leiar dei der dei skal vere.

Maskorama-deltakar inne i eit lokale

ANKOMST: Kjendisen på veg til der han eller ho skal vere.

Kjendisane får også instruksar om å endre kroppsspråket sitt. Om å bli ein annan på scena.

Markus Bailey følte veldig at han var ein hiphop-type. Når han gjekk så var han veldig lojal mot den stilen – så han endra ganglaget sitt, fortel Kim Strømstad om Markus Bailey som var Elgen i fjor.

– Ubehageleg å vere uærleg

Korleis er det for kjendisane å halde dette hemmeleg?

– Det kan vere ganske vanskeleg å lyge, for uansett kva du seier så har dei du snakkar med bestemt seg, seier artist Margaret Berger.

Margaret Berger

Sist laurdag måtte ho ta av seg maska. Endeleg vart det avslørt kven Nøkken var.

For å halde deltakinga i Maskorama hemmeleg laug ho om at ho var på DJ-jobb, og at ho elles hadde det travelt denne hausten.

– Familien ønsker gjerne å følge med på det eg driv på med, og dei hadde følgt ekstra godt med om eg var med på eit TV-program.

– Det kjentest kanskje litt ubehageleg ut å vere uærleg mot dei.

Løgn og dårleg samvit

Ifølgje advokat og psykolog Grethe Nordhelle kan det å lyge opplevast som ubehageleg.

– Du får dårleg samvit. Du kjenner at du gjer noko som ikkje kjennest riktig.

Advokat og psykolog Grethe Nordhelle

Samvitet vårt fortel oss når noko ikkje er etisk forsvarleg å gjere – det ligg i menneskets natur når vi har kontakt med den, seier ho.

Nokon – som for eksempel psykopatar har ikkje den same kjensla som andre – og brukar løgn for å utnytte og manipulere andre. Men slik er det ikkje i Maskorama-samanheng.

Heldigvis.

– Her er det ei uskyldig og søt form for løgn. Her lyg ein for underhaldninga si skuld. Likevel kan også det føre til ei kjensle av ubehag, understrekar Nordhelle.

– Viktig at ein ikkje overdriv for mykje

For å lyge på ein truverdig måte må ein må planlegge. Ein må vere bevisst på kroppsspråket, på stemma si, på augo og på ansiktsuttrykket sitt. Men ein må også vere bevisst på innhaldet.

Det er viktig at ein ikkje overdriv for mykje. Da er det for godt til å vere sant. Blir det for drygt vil ikkje folk tru på deg.

Korleis skal vi som menneske avsløre det?

Det er viktig å sjå på innhaldet, og borre inn i eit tema. For jo fleire detaljar jo meir krevjande er det å lyge, for då må ein dikte opp mykje på sparket som ein ikkje har planlagt på førehand.

Maskorama-deltakar ankjem lokalet.

BACKSTAGE: Kjendisen på veg til prøvar.

Foto: Hemmeleg

Dette er vanskeleg å fange opp i Maskorama så klart. Der alt er regissert frå fyrste til siste sekund.

Det mørke ved løgn

Men det er slik dei gode etterforskarane jobbar. Dei brukar lang tid på å kryssjekke i avhøyra sine, ifølgje psykologen. Plutseleg byrjar intervjuobjektet å motseie seg sjølv.

Det andre er at du må studere over tid – jo meir du er saman med nokon som lyg – jo lettare er det å avsløre dei, fortel Nordhelle.

I Maskorama-samanheng har vi ein fordel og det er at vi er på eit analyseplan og har fokus på å følgje med på alle hinta og vurdere kva som er sant og kva som er usant.

Maskorama S02E03 Stemningsbilde NRK TV

LØGNAR?:Kva har Draken sagt som ikkje er sant?

I livet elles er vi ikkje nødvendigvis på det analytiske planet, men det emosjonelle, forklarer Nordhelle. Vi tar det som blir sagt for god fisk, og vi skjerpar ikkje sansane våre. Og dei som er gode til å manipulere, dei er gode til å spele på kjenslene våre:

Skape tillit. Overause oss med kompliment. Imponere oss. Få oss til å tenke at dei er dei snillaste som finst. Eller provosere, skape skuldkjensle eller dårleg samvit. Å skape emosjonar i den andre er ein viktig ingrediens i manipulasjon. Da gløymer vi å analysere om det er løgn eller ikkje det som blir presentert.

Og det er hensikta, seier Nordhelle som har skrive boka «Manipulasjon, forståelse og håndtering».

Og vi menneske klarer ikkje å vere analytiske og emosjonelle på same tid.

Kven er dei tre siste maskene?

– Nordmenn er faktisk det mest naive folket i Europa. Vi toppar statistikken på naivitet og tillit. Positivt med tillit – men ikkje alltid, fortel psykologen.

Som sagt. Den mørke biten av løgnaspektet er ikkje relevant for Maskorama.

Men kjenner du nokon som kjenner nokon som spekulerer i at den han eller ho kjenner er med i Maskorama så kan det vere lurt å ha i mente kroppsspråk og kryssjekk av detaljar.

Dei fem attverande maskene i Maskorama 2021

FEM AVSLØRT: Fem kjendisar har tatt av seg maska. Det er tre igjen.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Fem kjendisar har blitt avslørte så langt.

På laurdag får vi vite kven dei tre attverande er.

Og kven som vinn.

Finalen til Maskorama ser du laurdag kl. 19.50 på NRK 1 eller i NRK TV.