1958 - Bogner skimote
Foto: Bogner

Historia om norsk skimote

Slik vart ullgenserar og tekniske klede ein milliardindustri i Noreg.

Nordmenn er kanskje født med ski på beina, men dessverre utan skiklede på kroppen. Dei må vi kjøpe sjølv, noko vi gjer til den store gullmedaljen.

Ifølge Norsk Sportsbransjeforening handla vi i fjor sports- og friluftsklede for opp mot 18 milliardar kroner. Det er i snitt over 3300 kroner per person, og eit forbruk som ligg langt over nokon andre land i verda.

Skiklede har faktisk blitt så integrert i kulturen vår at mange av oss berre vil tenkje på det som vanlege klede, med Mariusgenserar, skaljakker og toppluer som ein naturleg del av gatebildet.

Men korleis vart eigentleg Noreg verdas mest skimote-besette nasjon?

Det er naturlegvis ei lang og komplisert historie, vi tar likevel sjansen på å trekke ut nokre høgdepunkt.

1880: Folkehelten som elska ull

Sjølv om vi har gått på ski i uminnelege tider, så finst det svært få nedskrivne kjelder om kva slags skiklede vi brukte før 1880-talet. Mest truleg fordi folk berre gjekk i kvardagskleda.

For kvinnene var nok dette litt utfordrande, då dei måtte kave seg gjennom snøen i lange skjørt og kjolar.

Kvinner på ski i Fjelkenbakken, 1896

SKISORG: Den andre jenta frå venstre smiler tappert til fotografen, elles er det lite skiglede å spore i dette bildet frå Fjelkebakken i Asker. Kanskje humøret hadde vore betre med litt meir funksjonelle klede?

Foto: Skimuseet i Holmenkollen

Eit viktig unntak var eventyraren Fridtjof Nansen. For om vanlege klede sikkert gjorde nytta på kortare turar, så var dei nok ikkje like dugande på lange ekspedisjonar, til dømes om ein skulle krysse Grønland på ski.

I 1883 skreiv han ein artikkel om «heluldbekledning», der han argumenterte for å bruke fleire lag med ull (og halde seg langt vekke frå bomull). Ytst brukte han vadmål, som er eit grovare klede vove av ull.

Eva og Fridtjof Nansen på ski, 1890.

SKIPIONERAR: Ekteparet Fridtjof og Eva Nansen, fotografert i 1890. I tillegg til å vere operasongar var Eva også ein dyktig skiløpar. Ho var også ei av dei første kvinnene som kryssa Hardangervidda på ski.

Foto: L. Szacinski/eier: Nasjonalbiblioteket

Nansen var ein av dei største påverkarane i Noreg på slutten av 1800-talet, og bidrog sterkt til ullfeberen som framleis pregar landet. Den dag i dag brukar nordmenn mykje meir ull enn våre skandinaviske naboar.

Eventyraren kom også heim med eit heilt nytt plagg av skinn frå Grønland, som skulle bli toneangivande i skimoten både i Noreg og resten av verda: ei slags jakke utan opning som inuittane kalla «anorakk».

1920: Praktiske klede og kvinnefrigjering

Utover 1900-talet svor fleire norske skiløparar til nikkers, knestrømper og gamasjar. Dette var meir praktisk fordi ein slapp å skifte heile buksa om ein vart våt på beina.

På kvinnene vart skjørta kortare og kortare, før dei første skidraktene med nikkers og langbukser vart lansert i 1928.

Om ein ville fjonge seg litt ekstra, så var det heller ikkje feil med ei lita alpelue på toppen.

Bitten Eriksen 1928

TIDLEG UTE: Klesdesignaren Bitten Eriksen i bukse og strikkegenser som ho har laga sjølv ved Tryvannsstua i Oslo, vinteren 1928.

Foto: Nasjonalbiblioteket

1930: Den elegante skihopparen

Lenge før actionheltar som Batman og Superman, fanst det ingen tøffare enn skihopparane, som gong på gong utfordra skjebnen med å sveve høgt gjennom lufta.

På 1930-talet fanst det omtrent ein hoppbakke i kvar einaste grend over heile landet, og ein av dei som hoppa lengst var Reidar Andersen frå Ringerike. Hopparen var kjent for sin gode stil, både når det kom til teknikk og mote.

Reidar tok like godt på seg finkleda før han skulle hoppe, og flaug gjennom lufta i mørkeblå bukser med press og kvite hanskar.

Reidar Andersen, Midtstuen 1938.

HOPPSTJERNE: I ei svensk avis vart Reidar Andersen skildra som «en av de vackraste pojkar i nordisk idrott». Ifølge Aftenposten takka han også nei til ei filmkontrakt i Hollywood.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Det var inga stor overrasking at Andersen kasta seg inn i motebransjen då han la skia på hylla, og stilte seg dermed først i ei laaaang rekke av skiløparar med eige klesmerke.

Som klesdesignar vart han mest kjent for å produsere den første fjellanorakken med «kengurulomme» på brystet.

Reidar Andersens anorakk

NASJONALPLAGG: Reidar Andersens anorakk var svært populær i Noreg utover 50- og 60-talet. Kengurulomma pregar framleis dagens skimote, til dømes på Skiforeningens markaanorakk.

Foto: Silja Axelsen / Skimuseet i Holmenkollen

Fram til slutten av 1930-talet hadde hoppbakken og langrennssporet vore dei viktigaste catwalkane for norsk skimote. Det første teiknet på at det skulle endre seg kom i 1938.

Då opna Noregs (og Nord-Europas) første skitrekk i Tryvannskleiva over Oslo. Plutseleg kunne hundrevis av skiløparar svinge seg nedover den same bakken igjen og igjen og igjen.

På veg opp trekket hadde ein god tid til å sjå på dei andre løparane. Då var det sjølvsagt viktig å sjå bra ut!

Opning av skitrekket ved Tryvann, 24. januar 1938

TRYVANN: Noregs første skisenter vart opna på Tryvann i januar 1938.

Foto: Schlytter / Skimuseet i Holmenkollen

1940: Genseren til Marius

I 1945 kom alpinisten Marius Eriksen heim til Oslo, etter å ha sete to år som krigsfange i Tyskland under den andre verdskrigen. Som velkomstgåve strikka mor og klesdesignar Bitten Eriksen ein genser til sonen sin i raudt, kvitt og blått. Ho kalla genseren «Marius».

Mønsteret på genseren var inspirert av den tradisjonelle lusekufta frå Setesdal, og vart seld i familien sin butikk i Oslo.

Marius Eriksen

MANNEN OG GENSEREN: Marius Eriksen vann NM i slalåm i 1947 og 1948, men hamna likevel ofte i skuggen av veslebror Stein, som også vann VM- og OL-gull.

Foto: Bitten Eriksen

Det finst fleire variasjonar av mønsteret, som anten er laga av designarane Bitten Eriksen eller Unn Søiland Dale. Sistnemnde sin variant frå 1953 er den folk flest kjenner som Mariusgenseren i dag.

Den norske skikomedien «Troll i ord» frå 1954 skal ha mykje av æra for genseren sin kjendisstatus. Marius Eriksen spelte ei rolle som skitrenar, og i likskap med resten av hovudrollene hadde han på seg Mariusgenser.

Marius Eriksen

MODELL & SKODESPELAR: Marius Eriksen i Mariusgenser i 1954.

Foto: Privat / NTB

Genseren vart svært populær då filmen kom ut, og det har han vore sidan. I dag er mønsteret seld i over 5 millionar eksemplar, noko som gjer genseren til den mest selde gjennom heile Noregshistoria.

Marit Bjørgen og sonen Marius

MARIUSGENSER: Skiløparen Marit Bjørgen og sonen Marius i Mariusgenser under Ski-NM på Lygna i 2017.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

1950: Buksa som forandra alt

1948 markerer eit viktig skilje i skimotehistoria. Då kom nemleg eit nytt og revolusjonerande plagg på marknaden: Bogners strekkbukse.

1958 - Bogner skimote

BOGNER: Strekkbuksa bana veg for ein ny tettsitjande stil på skikleda, som ein framleis finn spor av i dagens motebilde. Modellen til venstre er forresten Marius Eriksen. Genserane dei har på seg er designa av Bitten Eriksen.

Foto: Bogner

Buksa vart designa av dei tyske noregsvennane Maria og Willy Bogner. Paret var vennar med Marius og Bitten Eriksen (foreldra til Marius «Mariusgenser» Eriksen), og var ofte i Noreg på besøk.

Strekkbuksa var laga av ein ny type garn, som var sett saman av ull og nylon. Ho hadde også ein strikk under foten, og gjekk an å strekke.

Slik skapte Bogner ei meir tettsitjande skimote enn kva ein var vand med tidlegare. Utover 1950-talet vart buksa svært populær i heile den vestlege verda, også langt utanfor skibakken.

1960: Sterke fargar

Få bilde illustrerer 1960-talets skimote betre enn dette blinkskotet frå ein fest i Snowmass Village, Colorado i 1968.

Skiparty i Colorado

AFTERSKI: Ullgenseren passar framleis inn i dei fleste samanhengar.

Foto: Slim Aarons / Getty Images

Her ser vi fargerike klede, Bogners tettsitjande stil og nye syntetiske materialar som spandex og polyester. Skimote hadde blitt noko av det hottaste du kunne ha på deg, og superkjendisar som Grace Kelly og Audrey Hepburn let seg avbilde i skiklede.

Den norske ullgenseren var framleis i vinden, ikkje berre her til lands, men også på den andre sida av Atlanterhavet. Mannen med ryggen til i midten av bildet var ein av hovudgrunnane til dette. Han heitte Stein Eriksen, var broren til Marius Eriksen, sonen til designaren Bitten Eriksen og ein av USAs kulaste personar.

Stein utvandra til USA etter å ha vunne både VM- og OL-gull i alpint, og vart ein ambassadør for norsk skikultur. Han gjekk på kjendisfestar, starta skiskular og jobba som modell. Kvar søndag kl. 13:00 inviterte han folk til å kome og sjå at han tok salto i bakken på 2,20 meter lange ski.

Stein Eriksen

SALTO: Stein Eriksen hadde bakgrunn som turnar, og gjorde luftige svev som svært få andre skiløparar gjorde. I USA fekk han kallenamnet «The Godfather of Freeskiing».

Sterke fargar prega moten på 1960-talet. Fargefilm og fargefjernsyn har fått noko av skulda for dette. Kleda skulle likne så lite som overhovud mogleg på dei gamle svart-kvitt bilda.

Den italienske designaren Emilio Pucci var ein av dei første som verkeleg slo gjennom med den fargerike moten. Han begynte karrieren med å designe skiklede, og blir i dag sett på som ein bauta i motehistoria.

Skimote på 1960-talet

SKIKJOLE: Emilio Pucci har vore ein designfavoritt blant celebre kvinner som Marilyn Monroe, Jackie Kennedy, Madonna, Nicole Kidman og Kronprinsesse Mette-Marit.

Foto: Ernst Haas / Getty Images

1970: Ski møter gate

Dette var tiåret då skimoten smelta saman med kvardagsmoten og berre vart mote. Kjende merkeklede som til dømes Adidas og Fila begynte å lage ski- og sportstøy, og ungdomar brukte alle sparepengane sine på stilige boblejakker.

Ta til dømes desse ungdomane ein vinterdag i Oslo i 1979. Ifølge dei sjølve kosta boblejakkene 900 kr, som i dagens valuta svarer til over 8000 kr.

Boblejakker frå 1970-talet

BOBLE: Desse ungdomane var med i ei reportasje om Oslos gatemote i A-magasinet i 1979. Dei kalla sin eigen stil «soss».

Foto: Rolf M. Aagaard / Aftenposten

Hovudplagga frå denne perioden er også verdt å merke seg. Karane fraus gjerne litt på øyra for å kunne gå i sine korte toppluer.

Ivar Formo og Oddvar Brå i 1975

SKILEGENDER: Ivar Formo og Oddvar Brå i 1975.

Foto: Tom A. Kolstad / Aftenposten

Kvinnene var ikkje like interessert i å fryse, og tok heller på seg store overdimensjonerte luer i ull eller pels.

Kronprinsesse Sonja under VM på ski i Falund, 1974.

70-TALS-SONJA: 36 år gamle Kronprinsesse Sonja under Ski-VM i Falun, Sverige i 1974.

Foto: NTB

1980: Heildressen og neonfargar

Sidan vi viste eit så snasent bilde av Dronning Sonja frå 1970-talet, så er det på sin plass å også vise eit bilde av ho frå 1980-talet. Dette var nemleg heildressen sitt store tiår.

Dronning Sonja i heildress, vinteren 1989.

80-TALS-SONJA: 51 år gamle Kronprinsesse Sonja som tilskodar under Ridderrennet i Oslo i 1989.

Foto: Jan Greve / NTB

Mange hevdar at dette var det mest ikoniske tiåret i skimotehistoria. Det var jappetid, vi hadde pumpa opp store mengder olje frå Nordsjøen, og folk flest begynte å få mykje betre økonomi, som igjen resulterte i meir fridom.

Dette plutselege overskotet av fridom førte til psykotiske tilstandar i fjellheimen. Fargebruken var grenselaus. Det fanst ingen reglar eller føringar på kva slags fargar ein kunne sette saman, og jo sterkare dei var, dess betre. Neonfargar som nærmast lyste i mørket var det beste.

Medaljeutdeling fra 15 km klassisk der Pål Gunnar Mikkelsplass (t.v.) tok sølv, Harri Kirvesniemi, Finland (gull) og Vegard Ulvang (bronse).

NEON: Mannen inne i det sterke lyset mellom Pål Gunnar Mikkelsplass og Vegard Ulvang heiter Harri Kirvesniemi og kjem frå Finland. Her har han nyss vunne gull på heimebane under Ski-VM i Lahti, 1989.

Foto: Sigurdsøn / Nedrås / NTB

Midt i dette fargesprakande kaoset skulle ein ny norsk designar reise seg.

Per Spook frå Oslo vart den første nordmannen til å opne sitt eige motehus i Paris på slutten av 1970-talet. Han blanda norske strikketradisjonar med utradisjonell stoffmiks, skinn i gull og sterke fargar.

I 1985 hyrte han like godt det norske kvinnelandslaget i langrenn til å gå modell på catwalken i Paris, i ein kolleksjon som var inspirert av Vinter-OL i 1984.

Per Spook

PER & SKIJENTENE: Frå venstre: Marianne Dahlmo, Brit Pettersen, Nina Skeime, Per Spook, Grete Ingeborg Nykkelmo, Anne Jahren og Solveig Pedersen.

Foto: Svein Erik Furulund / Aftenposten

Og apropos OL ... I ein liten norsk by var dei i ferd med å førebu seg til hundreårets største skifest.

1990: OL på Lillehammer

12. februar 1994 skulle bli ein av dei norskaste dagane i Noregs historie. Vi snakkar sjølvsagt om opningsseremonien for OL på Lillehammer. Då var millionar av auge retta mot den vesle byen i Gudbrandsdalen, og vi fekk sjansen til å vise fram det ypparste av norsk skimote.

Standarden vart sett då kronprins Haakon tente OL-elden ikledd ei lusekufte; dette skulle bli ei nostalgisk feiring av norsk design.

Kronprins Haakon tenner OL-ilden

SJÅ ELDEN LYSE: 20 år gamle Kronprins Haakon tente OL-elden på Lillehammer.

Foto: Lise Åserud / NTB

Dei norske utøvarane gjekk kledd i raude vadmålsjakker ovantil (altså dei veva ulljakkene som Fridtjof Nansen var så glad i), nedantil hadde dei nikkers og knestrømper. Dale of Norway, som heilt sidan 1956 hadde laga offisielle OL-genserar, lanserte fleire plagg med sine norskaste mønster til leikane.

Med andre ord: OL på Lillehammer var nasjonalromantikk på steroid. Det einaste som mangla var nokre vette og troll som sprang rundt omkring, i tillegg til kanskje nokre små barn i vikingkostyme. Men det hadde kanskje blitt for mykje av det gode.

Johan Olav Koss og Lasse Kjus under OL på Lillehammer

NORSK: Johann Olav Koss tek ein sigersrunde på isen, medan Lasse Kjus tek ein sigersdans med ei blomejente som har på seg den offisielle OL-genseren.

Foto: Aleksander Nordahl / Pål Hansen / NTB

Før vi forlèt Lillehammer heilt, så må vi ikkje gløyme at 1994 berre er fire år etter 1980-talet. Det fanst sjølvsagt også klede som minna oss på dette.

Det mest kjende dømet er nok den offisielle boblejakka for frivillige, med den uslåelege fargekombinasjonen grå og rosa.

Tre fornøyde LOOC-ledere besøker NRK studio i Kulturhuset Banken på Lillehammer. fra v: operativ leder Petter Rønningen, president Gerhard Heiberg og Henrik Andenæs.

IKONISK: Frivilligjakka er nok eit av dei plagga folk flest hugsar best frå OL på Lillehammer. Dei varme jakkene var gode å ha under dei svært kalde leikane, der temperaturen kunne krype under 20 minusgrader.

Foto: Lise Åserud / NTB

Stilmessig var 1990-talet på mange måtar ei vidareføring av 1980-talet. Men denne utviklinga skulle snart ta ei heilt anna retning. I skibakkane var nemleg ein ny sport i ferd med å etablere seg, der utøvarane stod sidelengs nedover bakken på berre ei ski.

2000: Subkulturen erobrar skibakken

Du veit den kjensla når du har vore den kulaste i klassa i hundre år, så ein dag kjem det ein ny elev som er enda kulare, og plutseleg bryr ingen seg om deg lenger. Slik var det nok for mange skikøyrarar mot slutten av 1990-talet og starten av 2000-talet.

På denne tida kom nemleg snøbrettkøyrarane til skisentera i hopetal. Dei hadde eit heilt anna visuelt uttrykk enn skikøyrarane. Her var det berre å gløyme tettsitjande klede i heile regnbogen sine fargar. Snøbrett henta inspirasjon frå skateboard og urban hiphop-kultur, og kleda skulle vere store og posete med meir nøytrale fargar.

Daniel Franck og Terje Håkonsen var dei store stilikona på denne tida, og vart nok sett på som hakket kulare enn til dømes Thomas Alsgaard og Kjetil André Aamodt.

Terje Håkonsen

KUL: Terje Håkonsen i store klede og bøttehatt i 2001.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB

Problemet med å vere den kulaste i klassa, er at ganske snart så begynner dei andre elevane å kopiere stilen din, og så er du ikkje like kul lenger. Slik skulle lagnaden for snøbrettkøyrarane også bli.

Ski fekk nemleg sin eigen subkultur – twintipparane. Desse køyrde ski som gjekk an å køyre baklengs, og brukte dei same kleda som snowboardarane. Twintip vart svært populært; plutseleg skulle «alle» kjøpe seg ski som ein kunne køyre baklengs, sjølv om dei færraste nytta seg noko særleg av den moglegheita.

Andreas Håtveit

TWINTIP: 18 år gamle Andreas Håtveit (til venstre) saman med broren Jon i Hallingskarvet skisenter i 2005.

Foto: Frode Hansen / VG

2010: Dei tekniske kleda

Det siste tiåret har få ting har vore meir definerande for den norske skimoten enn «tekniske klede», altså moderne vind- og vasstette klede som pustar og toler låge temperaturar.

Besøker du eit tilfeldig skisenter i Noreg i dag, vil over halvparten vere godt nok kledd til å bli med Nansen på ski over Grønland.

Mykje av grunnen til dette er den store toppturbølgja som framleis skyl over landet. Lengselen etter dei høge urørte toppane har fått mange til å investere i randonee-ski og skredutstyr – kanskje med ein liten baktanke om å legge ut bilde av det på internett etterpå?

Kronprins Haakon

TEKNISK: Kronprins Haakon på topptur i Troms i 2019, ikledd tidstypiske tekniske klede.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Skikleda har igjen blitt fargerike, men meir einsfarga, og ikkje like dristige som dei vi såg på 1980- og 1990-talet.

2020: Ski + pandemi = sant

Dei siste to åra har vore dei beste for norske sportsbutikkar i historia. Og det trass i at trenden har vore at fleire handlar på nett. Salstala kunne også ha vore mykje høgare, hadde det ikkje vore for at lagera vart tomme for utstyr.

Pandemien er sjølvsagt hovudgrunnen til dette. Ingen utanlandsreiser og stengde treningssenter har gjort den norske fjellheimen meir attraktiv for ei mykje større gruppe av folket.

Den tekniske trenden frå førre tiår er framleis rådande, samtidig som nostalgien framleis lever i beste velgåande. I bruktbutikkane går gamle ullgenserar som varmt kveitebrød, folk heng opp anorakken sin i flaggstonga for å få han til å sjå gammal ut og skiheltane våre følgjer tradisjonen med å starte sine eigne klesmerke.

Therese Johaug

SKIDRONNING: Therese Johaug er ein av mange norske utøvarar som har starta eige klesmerke.

Foto: Johaug

Vi ser også teikn på at norske produsentar som Bergans og Norrøna kan vente seg hardare konkurranse i tida framover; dei siste par åra har franske luksusmerke som Moncler og Fusalp opna butikkar i Noreg.

Den norske skimote-kjøpefesten er langt ifrå over.

PS: Om du er republikanar, så er det mogleg du synest det er eit bilde eller to for mange av kongefamilien i denne artikkelen. Det er berre å beklage, men det finst fleire tusen gode bilde av kongefamilien på ski frå dei siste 100 åra. Så det har vore vanskeleg å dy seg.

PPS: Tusen takk til Martine Eriksen, dotter av Marius Eriksen, som har bidratt med fleire bilde til denne saka.

Kjelder:

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Vil du lese meir om fine ting? Då kan sakene eg skreiv om Villa Stenersen og St. Hallvard kirke moglegvis vere noko for deg. 

Anbefalt vidare lesing: