Hagestue1
Foto: Javier Auris / NRK

Det gamle huset frå framtida

OSLO (NRK): Kvifor besøker arkitektar frå heile verda ein norsk villa?

Turistar flokkar gjerne til Holmenkollen, Bygdøy eller Aker brygge når dei kjem til hovudstaden i sommar.

Dei med interesse for moderne arkitektur har derimot ofte eit heilt anna mål for turen.

Villa Stenersen er eit av verdas beste døme på sin type arkitektur. Huset har vore både barneheim og statsministerbustad. No skal det tilbake til slik det eigentleg såg ut, med sine første fargar og materialar.

Og jo nærmare huset kjem si opphavlege form, jo nærmare kjem vi ein bustad frå framtida.

Villa Stenersen

VILLA STENERSEN: Søyler på utsida av fasaden er eit typisk trekk innan funksjonalistisk arkitektur. Søylene går gjennom stova i andre etasje og ut igjen på verandaen i tredje. Huset har også ei svært spesiell garasje, der ein kan køyre bilen inn på den eine sida og ut igjen på den andre.

Foto: Annar Bjørgli / Nasjonalmuseet

Villaen vart teikna i 1937 av Arne Korsmo for ekteparet Annie og Rolf Stenersen.

Sistnemnde var kunstsamlar og nær venn av målaren Edvard Munch. Han trong ein bustad som også kunne fungere som galleri for samlinga si. Arne Korsmo tok utfordringa på strak arm, han var trass alt ein av Noregs mest kjende funksjonalistiske arkitektar.

Stenersen og Korsmo

Rolf Stenersen (1899 - 1978) & Arne Korsmo (1900 - 1968).

Foto: Sverre A. Børretzen / SCANPIX

Men Korsmo møtte tidleg motstand mot sine nyskapande idear.

Mange såg på det firkanta huset med søylene på utsida av veggane som stygt. Den eine naboen skal ha blitt så provosert at han selde huset og flytta i protest.

Husfrua, Annie Stenersen, var også skeptisk til å gjere delar av huset om til kunstmuseum. Begeistringa var heller ikkje stor for å bygge heile ytterveggen i stova utan vindauge.

Fru Stenersen fekk viljen sin på begge område, til Korsmos store fortviling.

Det var likevel nok av andre rom som arkitekten fekk utfalde seg i.

Hagestue2

INTERIØRARKITEKT: Arne Korsmo teikna både hus og møblar. Dei fleste moderne arkitektane på 30-talet føretrekte stolar i tre, medan Korsmo framleis svor til stål.

Foto: Javier Auris / NRK

Det første rommet bak inngangsdøra er hagestova.

Korsmo var kjent for sin eksperimentelle bruk av fargar. Dei sennepsgule veggane i kombinasjon med dei grøne luftventilane var banebrytande på 30-talet.

Teikningane de ser på søyla gir assosiasjonar til helleristingar. På denne måten knytte arkitekten den norske tradisjonen til det hypermoderne designet.

Korsmo sa sjølv at han ikkje dreiv med arkitektur, men med romkunst. Han var svært opptatt av dei kunstnariske erfaringane folk gjorde seg i dei ulike romma han teikna.

Villa Stenersen tak

KORSMO I TRAPPA: Dette bildet vart tatt på 40-talet, kort tid etter villaen vart bygd. I dag er dessverre mange av dei små glassylindrane i taket øydelagde.

Foto: Gunnar T. Sjøwall / Nasjonalmuseet

Trapperommet var Villa Stenersens viktigaste rom, ifølge Korsmo.

Her hang dyr kunst av blant anna Munch og Picasso på veggane, med naturleg lys i tre ulike blåtonar frå 625 små handlaga glassylindrar i taket.

Rolf Stenersen gav vekk kunstsamlinga si til Aker kommune (i dag Oslo) allereie i 1936, men sikra seg retten til å bruke bilda så lenge han levde. Han kunne difor spasere ned på Munch-museet og hente ut dei bilda han ønskja.

Midt i trappa i andre etasje står framleis skulpturen «Mor og barn» av Gustav Vigeland frå 1904.

Mor og barn

MOR OG BARN: Skulpturen av Vigeland er det einaste kunstverket som står igjen i trapperommet. På grunn av klima og tryggleik er det dessverre ikkje lenger mogleg å ha kunst til fleire hundre millionar kroner på veggane.

Foto: Javier Auris / NRK

Gallerisalen i andre etasje fungerte også som familien Stenersens matstove.

Her hadde dei mange sosiale samankomstar for sosieteten i Oslo. Profilerte kulturpersonar som Arnulf Øverland, Johan Borgen, Jakob Weidemann og Edvard Munch var ofte innom på besøk.

Under krigen vart rommet derimot brukt til noko heilt anna.

Fra Villa Stenersen

Fest på Villa Stenersen. FOTO: Jan Stage / Scanpix

Munch og Stenersen

Edvard Munch og Rolf Stenersen. Bildet på veggen er «Livets dans» av Munch. FOTO: Anders Beer Wilse / Nasjonalmuseet

Gallerisal2

I dag heng kopiar av dei opphavlege bilda på veggane i gallerisalen. FOTO: Javier Auris / NRK

Nazistane okkuperte huset i 1942, og motstandsmannen Rolf Stenersen måtte rømme til Sverige.

Arkitekturen var altfor klin kokos til at nokon av dei tyske offiserane ville bu der. Difor valde okkupantane av alle ting å bruke luksusvillaen som barneheim for born med tyske fedrar og norske mødrer.

Dyr kunst vart dermed bytta ut med barnesenger langs heile langveggen i gallerisalen. Mange av ungane vart seinare adoptert vekk. Nokre av dei har nok framleis inga aning om at dei budde sine første leveår på Villa Stenersen.

barnehjem villa

BARNEHEIM: Gerhard Skahjem var ein av ungane som budde i barneheimen. Her sit han på fanget til tanta si utanfor Villa Stenersen i 1944. Guten var svært underernært på grunn av ein nyleg operasjon i magen.

Foto: privat

Innanfor gallerisalen ligg Rolf Stenersens favorittrom i villaen, biblioteket.

Etter krigen kom kunstsamlaren tilbake til huset sitt. Biblioteket vart eit rom som han kunne trekke seg tilbake til, både for å kvile og arbeide. I tillegg til å vere kunstsamlar var Stenersen også forfattar. I 1944 kom han ut med den personlege biografien «Edvard Munch. Nærbilde av et geni».

Blåfargen på veggen bak peisen går igjen i taket og vidare ut eit digert vindauge på andre sida av rommet. Korsmo brukte ulike blåtonar på veggen i samhøve med lysforholda, slik at veggen skulle verke monokrom.

Dette var også heilt uvanleg fargebruk på 30-talet.

Bibliotek

VENSTRE: Stol av ukjent designar. Lampa bak er designa av Josef Kussius. HØGRE: Spegelbord, sannsynlegvis designa av Arne Korsmo.

Foto: Javier Auris / NRK

Rolf Stenersen gav Villa Stenersen i gåve til staten då han flytta i 1974. Då var tanken at huset skulle vere bustad for statsministeren.

Men Odvar Nordli var den einaste regjeringssjefen som flytta inn i villaen, og berre for ein kort periode i 1976.

Thorvald Stoltenberg budde her derimot lengre då han var utanriksminister på starten av 90-talet. Jobben var tidvis frustrerande, fordi han syntest det kom så lite ut av alle konferansane og toppmøta han deltok på, sa han i eit intervju med Dagbladet.

Stoltenberg begynte difor å invitere nøkkelpersonar heim på frukost i Villa Stenersen.

Arkitekt Korsmo hadde neppe vore særleg nøgd med korleis kjøkkenet hans såg ut i 1992, men det verkar i alle fall som Nelson Mandela sette pris på teen han fekk på morgonkvisten.

Nelson Mandela

GOD STEMNING: ANC-leiar Nelson Mandela hadde vore ein fri mann i to år då han besøkte Stoltenberg i Villa Stenersen. To år seinare vart han Sør-Afrikas første mørkhuda president.

Foto: Agnete Brun / NTB scanpix

Naturen var ein stor inspirasjon for Arne Korsmo. Han var jo trass alt også son av ein kjend botanikar.

Arkitekten kunne ligge i skogen saman med den danske kollegaen sin, Jørn Utzon, og sjå opp mot tretoppane. Slik låg dei lenge og diskuterte komposisjonen og mønstera på blada.

Korsmo og Utzon vart kjent i Stockholm under krigen. Utzon var 18 år yngre, og enda i starten av karrieren. Men dei fant likevel tonen gjennom kjærleiken til naturen og den leikne tilnærminga til arkitekturen.

Kven veit – kanskje det var under ein samtale med Korsmo at Utzon fekk noko av inspirasjonen til å teikne det berømte operahuset i Sydney?

Sydney Opera House

SUPERKJENDIS: Jørn Utzon teikna Operahuset i Sydney allereie på 50-talet, men bygninga stod ikkje ferdig før i 1973. Ho vart ført opp på UNESCOs verdsarvliste i 2007.

Foto: Ap

Korsmo let seg naturlegvis også inspirere av andre arkitektar.

Le Corbusier og Ludwig Mies van der Rohe var begge verdskjende arkitektar i mellomkrigstida, og teikna hus med likskapar til Villa Stenersen.

Inspirasjon frå andre kjem også tydeleg fram på badet i tredje etasje. Interiøret har nemleg mange fellestrekk med Huis Sonneveld i Rotterdam, som vart teikna av arkitekten Leendert van der Vlugt fem år tidlegare.

(Samanlikn bada i Villa Stenersen og Huis Sonneveld i bildeserien under.)

bad

Villa Stenersen. FOTO: Javier Auris

Huis Sonneveld

Huis Sonneveld. FOTO: Johannes Schwartz

vask bad

Villa Stenersen. FOTO: Javier Auris

Huis Sonneveld2

Huis Sonneveld. FOTO: Johannes Schwartz

Korsmo og funksjonalistane under mellomkrigstida var langt framfor si tid. Mange har difor hatt store problem med å godta den ukonvensjonelle arkitekturen i fleire tiår etter.

Først på 2000-talet har mange av Korsmo sine idear begynt å slå gjennom. Som til dømes den fleksible bruken av romma, store vindauge og samspelet med lyset og naturen.

I 2012 vart Villa Stenersen freda av Riksantikvaren. No er huset på Vinderen ein del av Nasjonalmuseet og opent for publikum kvar søndag ut oktober.

Det står framleis att ein del arbeid før villaen er heilt restaurert tilbake til sin opphavlege utsjånad.

PS: Då Britiske Vogue kom til Oslo for å intervjue artisten Sigrid Solbakk Raabe i fjor vinter, valde motemagasinet villaen som kulisse. Videoen er filma både i hagestova, biblioteket, på badet og i hagen.

PPS: Ønskjer du fleire bilde frå Villa Stenersen? Vær så god.

eksteriørt
Foto: Javier Auris / NRK
Eksteriørt2
Foto: Javier Auris / NRK
soverom
Foto: Javier Auris / NRK
Gallerisal1
Foto: Javier Auris / NRK
Tjenestetrapp
Foto: Javier Auris / NRK
utsikt
Foto: Javier Auris / NRK

Kjelder:
Kurator formidling ved Nasjonalmuseet, Gudrun Eidsvik
Samlingsmedarbeidar ved Nasjonalmuseet, Thomas Flor
Målerikonservator, Jon Brænne
Professor i kunsthistorie, Tim Benton
Professor i kunsthistorie, Espen Johnsen
Kunstsamlar og barnebarn av Rolf Stenersen, Sten Stenersen jr.
Redaktør i Vestre Aker historielag, Ingeborg Wiese
Barn på Villa Stenersen under krigen, Gerhard Skahjem
Dagbladet, 15. juli 2004
Aftenposten 13. juni 2015
Dagbladet 18. desember 2017

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Tidlegare har eg mellom anna skrive om Totos «Africa», Villa Stenersen og verdas sterkaste mann

Anbefalt vidare lesing: