Magnus K. Fremstad
Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Ein sjeldan lyttar

Magnus veit instinktivt kva tone t-bana går i.

Summinga til ei bie er ein Ass. Duringa frå frysaren er ein F. Han merkar med ein gong når eit kor bevegar seg vekk frå notane, og høyrer at det som skulle vore ein E, er blitt til ein låg D.

Slik har Magnus K. Fremstad (22) det. Han er sjeldan.

Magnus har absolutt gehør. Det er vanskeleg å talfeste nøyaktig kor mange som har denne evna, men forsking frå USA har operert med rundt éin av 10.000.

No står songstudenten her, på eit kjøpesenter midt i Oslo, og dirigerer amatørkoret «Morsommere enn pent».

– Kan eg få ein Geeeee. Ein Ceeeee?

Det ligg i namnet at koret ikkje alltid held tonen.

– For oss er det heilt klart ein fordel at dirigenten har absolutt gehør, seier Hildegunn Gjengedal, leiaren i koret.

Ho er usikker på korleis det er for den nye dirigenten. Då han blei tilsett, tenkte ho at «oi, det kan bli litt tøft for han.»

– Vi syng jo ikkje alltid reint.

SE: Vi testa gehøret til Magnus. Resultat? Imponerende...

«Det var ein G»

Evna til å kunne namngi og syngje enkelttonar på oppfordring, utan hjelpemiddel, er omgitt av ein del mystikk. Vi blir nysgjerrige, imponert, som når vi ser ein rå idrettsprestasjon eller talentkonkurranse på TV.

Korleis er det eigentleg å leve med tonar i hovudet dagen lang?

Litt tidlegare, same dag, sit Magnus på t-bana. Han er kvikk og omgjengeleg, dreg på eit notestativ og ein pose. Over høgtalaren kjem tre korte tonar, og så, «neste stopp». Folket på t-bana ser søvnig ut vindauget.

– Ja, det var Bb, Gess, Dess, seier Magnus, heilt naturleg og utan å anstrenge seg.

(Vi sjekkar på ein mobil-app i etterkant. Første tone slår ut som ein slags dobbeltone på både Bb og Ciss. Deretter Gess, Dess, journ.merk.)

– Kva er det som går føre seg oppe i hjernen din når du høyrer ein tone?

– Eg registrerer berre kjapt at «det var ein G», og så går tankane mine vidare. Men om eg likar melodien og ikkje har noko å gjere, så kan eg gå meir inn i musikken.

Sjølv er han opptatt av å gi folk ein sjanse, at dei utan absolutt gehør kan vere like gode musikarar som dei med. Han får ofte spørsmål som «er det fælt å høyre på oss?»

– Då seier eg at det alltid er utfordringar med å halde tonen i eit kor, og forbetringspotensial. Det viktigaste er å kjenne songglede og meistringskjensle, uansett nivå.

Ny kollasje Magnus K. Fremstad

Inne på senterkontoret til Byporten i Oslo varmar koret «Morsommere enn pent» opp til konsert. Dirigent Magnus K. Fremstad (22) held dei i rett toneleie.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Fødd sånn eller blitt sånn?

Dei med absolutt gehør er gode på å kople tonane saman med notenamn, og høyrer intuitivt om ein tone har ein «C-heit» eller «G-heit». Andre treng ofte referansetonar, altså å først høyre ein A eller E, før dei kan leite seg fram til rett tone.

For å finne ut kvifor, må vi tilbake til det eldgamle spørsmålet: Fødd sånn eller blitt sånn?

Tidlegare meinte ein del forskarar at absolutt gehør gjekk i arv. Andre har hevda at nesten kven som helst kan trene det opp. I dag er dei fleste forskarane samde om at absolutt gehør mest sannsynleg er eit samspel mellom genetikk og opplæring tidleg i livet.

I barndomshistoria til Magnus finn vi spor etter både arv- og opplæringsteorien.

Han vaks opp i ein heim med foreldre som hadde musikk som hobby, og ein far med absolutt gehør. 12 år gamal byrja Magnus å ta pianotimar. Han merka tidleg at han hadde «eit godt øyre». Veslebror hans kunne tidleg gi ein C på kommando, men mista etter kvart musikkinteressa, og utvikla ikkje gehøret vidare. Magnus, derimot, blei meir og meir interessert. Han byrja å øve.

I starten song han tonar dagleg, og sjekka på pianoet om dei stemte. Ofte saman med far sin.

– Det blei litt nerdeprat mellom meg og pappa, av typen «Åja, høyrde du den akkorden?»

14 år gamal forstod han at alle dei rette tonane tyda på at han hadde absolutt gehør.

Det vesle barnet som kan alle tonane

– Det typiske absolutt gehør oppstår ofte litt spontant og overraskande, seier Åshild Watne.

Ho er førstelektor i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo.

– Plutseleg har du eit barn som kan namngi alle tonane utan at ho har øvd på å kjenne dei att. Akkurat denne lette måten å gjere det på skil seg jo frå det å øve og øve som vaksen.

Då ho skreiv hovudoppgåve om absolutt gehør i 1989, fann ho eitt fellestrekk blant dei som hadde evna:

Dei fleste byrja å spele piano i ung alder. Ofte heilt ned i førskulealder, og i alle fall før fylte 15 år.

Åshild Watne

Åshild Watne kjenner fort igjen studentane med absolutt gehør. Dei slit med å syngje andre tonar enn dei som står på notane.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Sjølv oppdaga Watne at ho hadde absolutt gehør som tolvåring. Då hadde ho spelt piano sidan ho var fem år gammal.

Ho forklarar samanhengen med at pianotonane er konstante, og difor kan vere lettare å kople til tonenamn enn for eksempel tonane frå ein fiolin, som kan variere meir.

– Pianoet har heilt faste tonar. Ein C ligg visuelt på same stad oppover, og når du trykkjer ned tangenten, får du den same tonen kvar gong.

Etter 15-årsalderen er det nærmast umogleg å utvikle absolutt gehør. Førstelektoren samanliknar det med å turne: Du kan vere bygd på den rette måten, men for at du skal bli god, må du halde på med det frå ung alder av.

"Morsommere enn pent" opptrer

Då koret «Morsommere enn pent» får presentert at NRK skal skrive sak om at dirigent Magnus har absolutt gehør, seier nokon: – I motsetnad til oss!

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Treng ikkje stemmegaffel

Magnus rakk det med andre ord akkurat.

Som ung kjente han ingen andre på sin eigen alder i heimbyen Ålesund som kunne det han kunne. I dag kjenner han berre to andre jamaldringar med absolutt gehør.

– Eg føler at eg skil meg litt ut, ja.

Sjølv syns han å ha absolutt gehør er mest gøy og nyttig, men innimellom har det vore slitsamt.

I tenåra gjekk han i analysemodus nærmast kvar gong han høyrde ein tone. Han testa gehøret sitt på det meste av sjangrar. I dag har han eit litt meir avslappa forhold til dette, sjølv om han brukar gehøret aktivt som songstudent ved Noregs musikkhøgskule og dirigent for ulike kor.

Det absolutte gehøret har ført han inn i absurde situasjonar. I det førre koret han dirigerte, var det tradisjon å gi stemmegaffel i gåve til dirigenten. Dei fleste treng stemmegaffel eller piano for å kunne ta tonen.

Til Magnus gav koret ein vanleg gaffel med sløyfe på.

Magnus K. Fremstad på t-bana

Når Magnus K. Fremstad skal slappe av, snur han seg vekk frå tonane. – Eg slappar best av viss det er heilt stille.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Kan bomme – med ein halvtone

Til dei som les og innser at dei ikkje har absolutt gehør, finst det trøyst. Absolutthøyrarane kan slite med å syngje i ein annan toneart enn det som står på notane. Der har dei med relativt gehør ein fordel.

Og: Folk med absolutt gehør kan bomme.

– For det er jo ikkje absolutt, seier Åshild Watne ved Universitetet i Oslo.

– ????

Vi har snakka om absolutt gehør i 20 minutt når ho slepp denne bomba.

– Nei, gehøret er ikkje feilfritt, og det kan endre seg. Typisk for dei med absolutt gehør er at dei kan bomme med ein halvtone eller ein oktav. Men dei bommar ikkje med fire tonar.

Etterpå testar vi Watne ved pianoet, og akkurat dette skjer: Ho trur ein Bb er ein H. (Alt anna tar ho lett som berre det.) Er pianoet litt surt, eller? Nei, det kan vere alderen!

– Gehøret endrar seg med alderen hos mange. Du søkk. Eit musikkstykke som alltid har gått i C-dur, kan høyrest ut som Ciss-dur, plutseleg, fortel Watne.

Oi! Når byrjar det å skje?

– Mellom 50 og 70 år ... Alt anna byrjar å henge på kroppen, så det er ikkje noko rart om høyrselen blir litt slakkare, også.

Også 22 år gamle Magnus kan ta feil, viss dagsforma er dårleg, eller han blir litt for ivrig.

– Om eg veldig kjapt, utan å tenkje meg om, seier at det er ein A, så kan det vere ein Ass, seier han.

– Når bomma du sist med meir enn ein halvtone, då?

– Hmm ... Det hugsar eg ikkje heilt.

Han tar ei tenkepause.

– Men det har sikkert skjedd.

Test deg sjølv – har du gehør:

Spel av lydklippa. Fasiten ligg i boksen rett under lyden.

Anbefalt videre lesning:

Paolo Vinaccia i Tønsberg domkyrkje

Paolo Vinaccia i Tønsberg domkyrkje.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Mannen som trommar for livet. For 25 år sidan møttest fire norske musikarar i fødselskyrkja i Betlehem. I år legg dei ut på ei siste reise. Les saka