Paolo Vinaccia i Tønsberg domkyrkje
Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Mannen som trommar for livet

For 25 år sidan møttest fire norske musikarar i fødselskyrkja i Betlehem. I år legg dei ut på ei siste reise.

I mai 2017 får Paolo Vinaccia beskjed om at han i beste fall har fire månadar igjen å leve. Trommeslagaren har levd med diagnosen kreft i bukspyttkjertelen sidan 2009 og er inne i fjerde og siste fase av sjukdomen.

Ein månad seinare spelar han konsert på Norwegian Wood i Oslo. Mot slutten av konserten får han opp kjærasten, Trude Semb, på scena. Paolo leitar fram ring og blomar og frir framfor om lag 1500 tilskodarar. Like etter kjem ein prestestudent inn på scena, og paret blir smidd i hymens lenkjer framfor hundrevis av tårevåte auge.

Paolos siste konsert, tenkjer mange.

Sommar blir til haust og tida han fekk av legane begynner å renne ut. Men så, ein dag i september ringer telefonen til Paolo.

Paolo Vinaccia og Trude Semb gifter seg under Norwegian Wood 2017

BRYLLAUP: Sommaren 2017 gifta Paolo Vinaccia seg med kjærasten, Trude Semb, under ein konsert på Norwegian Wood i Oslo.

Foto: Monica Strømdahl / Aftenposten

Mannen i andre enden er folkemusikaren, Sondre Bratland. Han ringer for å høyre om korleis det går med kameraten sin. Då Paolo bekreftar at han framleis er i live, prøvar Sondre seg frampå med enda eit spørsmål:

– Kva tenkjer du om å leggje ut på juleturné med «Rosa»?

Paolo er aldri i tvil om kva han skal svare. Konserten som vart spelt inn i Betlehem for 25 år sidan skal ut til folket ein aller siste gong. Det er klart han blir med.

Det heile starta ein sjeldan januardag i Jerusalem i 1992.

– Det låg 50-60 cm snø i gatene. Trafikken stod heilt stille. Dei har jo ikkje vinterdekk der nede, mimrar Sondre Bratland.

Dagen etter hadde snøen smelta og Brattland kunne reise vidare. Han hadde nemleg ein draum om å spele inn juleplate på plassen der det heile skjedde – i fødselskyrkja i Betlehem. Etter Bratlands erfaring hadde dette aldri blitt gjort tidlegare.

Men då han kom fram var responsen laber.

Sondre Bratland framfor staden der Jesus vart født

BETLEHEM: Sondre Bratland har sett seg ned ved plassen kor ein, etter tradisjonen, trur at Jesus vart født.

Foto: Erik Hillestad / Kirkelig Kulturverksted

– Det var heilt utenkjeleg. Eg kunne like gjerne spørje om å gjere ei plateinnspeling i Peterskyrkja i Roma. Organisten i kyrkja var fullstendig avvisande. Det var ikkje noko å snakke om ein gong.

Kyrkja var katolsk, og det var derfor uaktuelt for organisten å la ein protestantiske nordmann okkupere fødestaden til sjølvaste Jesus Kristus med ei plateinnspeling.

Sondre måtte derfor reise tomhendt tilbake til fedrelandet, utan at han mista motet av den grunn.

Då han kom heim, spurde han pater Kjell Aril Pollestad i Oslo om han ikkje kunne sende ei anbefaling til Betlehem.

– I brevet skreiv han at eg hadde drive med religiøs folkesong over lengre tid, og hadde hatt stor betydning for kristne av alle konfesjonar i Noreg – spesielt den katolske, mimrar Bratland og smiler.

Brevet vart sendt med kurer til Betlehem og ikkje lenge etter vart tilbakemeldingane frå Midtausten meir positive.

Sondre begynte å leite etter eit band. Frå før hadde han spelt mykje med organisten Iver Kleive og gitaristen Knut Reiersrud, men han trengde framleis ein trommeslagar.

– Eg spurde litt rundt og vart tipsa om Paolo Vinaccia. Vi hadde ikkje spelt saman før, og eg møtte han for første gong i Betlehem.

Musikarane sette av ei veke i mai for å spele inn plata. Ingenting var øvd inn på førehand og alle arrangementa vart improvisert fram på hotellrom og andre midlertidige øvingslokale.

I filmklippet under kan de sjå eit eksklusivt opptak frå ein av dagane i Betlehem i 1992.

Private opptak frå Sondre Bratland

Då dei kom fram, var kyrkja full av turistar heile dagen, og munkane i kyrkja var ikkje interessert i å gi musikarane særbehandling.

– Vi fekk lov til å halde på ein time etter messa var slutt klokka 19. Vi rakk jo berre så vidt å rigge opp alt utstyret, fortel Bratland.

Andre kvelden var stemninga meir positiv. Denne gongen fekk dei to timar til rådigheit etter messa. Då oppdaga Sondre at munkane stod i døra og lytta til musikken.

Tredje kvelden fekk dei halde på så lenge dei ville. Mange nattetimar seinare vart «Rosa frå Betlehem» ferdig spelt inn.

Iver Kleive, Knut Reiersrud, fransiskanarmunk, Sondre Bratland og Paolo Vinaccia i Betlehem

NY VENN: Iver Kleive, Knut Reiersrud, Sondre Bratland og Paolo Vinaccia poserer saman med ein franciskanarmunk frå fødselskyrkja i Betlehem.

Foto: Erik Hillestad / Kirkelig Kulturverksted

Plata vart varmt tatt imot og selde til gull berre få månadar etter ho kom ut. Aller mest inntrykk gjorde ho kanskje på musikarane sjølve, som har spelt konserten nesten kvart år sidan starten i 1992. Paolo Vinaccia, som har medverka på over hundre album, sett «Rosa» høgast av dei alle.

– Dette er konserten som står nærmare hjartet enn alt anna eg har gjort i heile mitt liv, seier han.

Kva er det som gjer akkurat denne så spesiell?

– Med «Rosa» handlar det ikkje om tonar, musikk, rytmar eller akkordar, men å sende ut bodskap og energi. Ho er uortodoks og blandar inn muslimske, jødiske og katolske tonar. Alle religionane blir til eitt, svarar Paolo engasjert.

Rosa frå Betlehem

ROSA FRÅ BETLEHEM: Albumet vart raskt ein favoritt, både hos folket og kritikarane, då ho kom ut. I dag har plata selt i 70.000 eksemplar.

Foto: Kirkelig Kulturverksted

No har dei fire musikarane, Sondre Bratland, Iver Kleive, Knut Reiersrud og Paolo Vinaccia, samla seg til øving i Tønsberg Domkyrkje. Datoen er 11. desember 2017 og i likskap med turen til Betlehem er dei framleis ikkje særleg godt førebudd.

Dei har ikkje spelt saman på eit år og om berre få timar skal kyrkja blir fylt opp av fleire hundre forventningsfulle tilhøyrarar. Paolo har mista det karakteristiske lange håret sitt, rundt handleddet har han eit pasientarmband frå Ullevål sjukehus. Han går på cellegift, men osar likevel av vitalitet og livsglede.

– Du må skru opp! Lyden er på eit familievennleg nivå. Vi er ikkje her for å underhalde, men for å skape dramaturgi, ropar Paolo til lydmannen.

Knut Reiersrud masserer Paolo Vinaccia

OMSORG: Knut Reiersrud gir Paolo Vinaccia litt massasje medan Sondre Bratland testar stemma i mikrofonen.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Knut sett i gong eit langt forspill på gitaren før Sondre roleg drar i gong «Stille Natt». Mot slutten av andre vers syng han «Kristus vår frelsar er født» med all si kraft, samtidig drar Iver i gang eit heftig crescendo på orgelet medan Paolo hamrar laus på trommesettet med tårer i auga.

– Eg blir alltid så rørt av den strofa. Tenk så mykje som har skjedd sidan Jesus vart født, seier Paolo seinare.

Før konserten skal starte snik han seg rundt på scena og flyttar mikrofonane nærmare instrumenta, utan at lydmannen ser det.

Publikum begynner å strøyme inn dørene allereie ein time før konserten skal starte. Kanskje kjenner dei på den same atmosfæren som musikarane tok med seg frå fødselskyrkja i Betlehem?

Sondre Bratland og Paolo Vinaccia i Tønsberg domkyrkje

Ei veke seinare drar Paolo inn til ny sjekk på sjukehuset. Han har nokre få dagars pause frå turneen og er spent på kva legane kjem til å seie.

Resultata er overveldande. Det viser seg at svulstane har krympa 40 prosent sidan september! Paolo er i ekstase og drar rett heim og feirar med champagne, ekte champagne.

– Ifølgje legane skulle eg jo ikkje leve lenger enn september, men eg er nok meir rock & roll enn som så. No blir det både jul og påske, seier Paolo.

Men kampen er langt frå over. Allereie dagen etter er det tilbake til Ullevål for ny cellegiftbehandling, vidare går turen til eit laserbehandlingssenter på Røa før han reiser heim for å ete middag. På kvelden gjer han ei ny innspeling i studio.

Gjennom heile sjukdomsperioden har han testa ut fleire alternative behandlingsformer, mellom anna laserbehandling, løvetannrot og kveitegrasjuice. Ifølgje Paolo er det også god medisin å spele konsertar.

– Det handlar om å vere aktiv, å føle at ein lever og at ein gir energi. Det trur eg hjelper min helsesituasjon.

Paolo har uansett ingen planar om å døy med det første.

– Eg håpar vi kan spele «Rosa» neste år også. Det verste er jo reisinga og køyringa, men sjølve konserten blir alltid fin, konkluderer Paolo.

22. desember 2017 spela kameratane frå Betlehem sin siste konsert i Kulturkyrkja Jakob. Ifølgje Sondre Bratland blir det den aller siste konserten med «Rosa». Konserten kan du sjå ved juletider neste år på NRK, men ein smakebit skal du få allereie her:

Anbefalt vidare lesing:

Bugge Wesseltoft

– Eg hatar julemusikk, seier Bugge Wesseltoft.

Foto: Henning Gulli / NRK

Den motvillige julemusikaren. Juleplata hans er seld i 160.000 eksemplar. Les saka.