Naomi Campbell, Edward Enninful og Kate Moss
Foto: David M. Benett / Getty Images

Mannen som revolusjonerer Vogue

Som svart mann har han opplevd å stå utanfor. No bestemmer Edward Enninful (48) kva som er innanfor i verdas mektigaste moteblad.

Juli 2020: Edward Enninful er på veg inn til jobb ved ærverdige Vogue House i London. I tre år har han halde jobben som sjefredaktør i den britiske utgåva av motemagasinet.

Vanlegvis sit han på eit fancy kontor med bokhyller fulle av kunst- og motebøker, assistentar som spring inn og ut, og tilsette i dyre designklede. Dei siste månadane har han hatt heimekontor, så kanskje ser han litt ekstra fram til denne dagen?

Enninful har ein av dei mektigaste posisjonane i motebransjen. Bladet han er sjef for, har i over 100 år styrt trendar og definert kulturen over heile verda. Likevel kjem han ikkje unna å bli førehandsdømt for hudfargen sin.

Sikkerheitsvakta ved inngangen tar eitt blikk på han og seier: «Du må bruke lasterampen.»

Edward Enninful og supermodellane

PÅ RAUD LØPAR: Før koronapandemien blei han stadig sett klemmande på ein kjendis på motevisning. Hans hjartelege veremåte verkar genuin, ikkje som eit spel for galleriet. Frå venstre: Adwoa Aboah, Mariacarla Boscono, Edward Enninful, Karen Elson, Amber Valletta og Liam Payne.

Foto: Antonio Calanni / AP

Banebrytande

Edward Enninful er både den første mannlege og første svarte redaktøren i britiske Vogues 104 år gamle historie. Men meir enn dette, er innhaldet han lagar banebrytande. Dei tre åra han har styrt, har han sett fleire svarte modellar på coveret enn alle dei tidlegare redaktørane i britiske Vogue til saman.

Nyleg gjorde han dessutan Judi Dench på 85 år til Vogues eldste coverkvinne:

Judi Dench på coveret av Vogue
Foto: NICK KNIGHT / Faksimile Vogue

Til The Guardian forklarte Enninful visjonen sin slik i 2019:

– Det plaga meg at Vogue blei sett på som eit magasin berre for éin type kvinner. Kvifor skulle det ikkje vere for alle? Kvifor skulle ikkje ei svart, muslimsk eller lesbisk kvinne, ein flyktning eller ei med former kjenne seg igjen i det vi gjer? Vår jobb er enkel: Å halde fram med å flytte grensene.

Då koronapandemien slo til i mars, endra alt seg. Vanlegvis har Vogue kjendisar eller vakre modellar på framsida. Kva melding skulle motebladet sende ut no, midt i kampen om liv og død?

Enninful visste råd. Dei tradisjonsrike kjendisframsidene måtte vike. Julinummeret, for eksempel, hylla «Den nye frontlinja» med ei jordmor på framsida:

Den nye frontlinja i Vogue
Foto: JAMIE HAWKESWORTH / Faksimile Vogue

Til augustframsida bad Enninful tolv ulike fotografar og kunstnarar om å fange naturen. Med illustrasjonar som for eksempel denne, signert David Hockney, signaliserte han kor viktig naturen er for oss i krisetider:

Vogues Reset-nummer
Foto: David Hockney / Faksimile Vogue

Framsida på septembernummeret var for første gong tatt av ein svart fotograf og viste Black lives matter-aktivistar med fotballspelaren Marcus Rashford og modellen Adwoah Aboah i front:

Marcus Rashford på coveret av britiske Vogue
Foto: Misan Harriman / Faksimile Vogue

I dag kappast selskap og designarar om å vere mest mogleg «inkluderande» i reklamekampanjane sine, men for Enninful er ikkje mangfald ein trend – det er noko han har jobba for heile livet.

Fann moten, blei kasta ut

Edward Enninful blei fødd i Ghana i 1972. Far hans var yrkesmilitær og familien budde på ein skjerma militærbase i den tidlegare kolonihovudstaden Cape Coast. Mor hans sydde klede for overklassen i byen og introduserte guten for mote, mønster og fargar.

Då Edward nærma seg tenåra, blei det brått politiske omskiftingar i landet. Far hans fall i unåde hos den nye presidenten og familien måtte reise ut av landet i all hast. Dei enda opp hos slekt i London.

Edward Enninful utanfor Downing Street

NESTEN ANONYM: Edward Enninful går alltid i svart dress. Han er ein slags underdog i motebransjen – med mykje makt. Her er han utanfor Downing Street for ei mottaking.

Foto: PETER NICHOLLS

Då Enninful samanfatta bakgrunnen sin i intervjuet med The Guardian verka han framleis overraska over suksessen han sidan har hatt:

– Som 13-åring kom eg frå Ghana. Eg visste ikkje noko om England. Som 16-åring blei eg modell. Og som 18-åring var eg plutseleg redaktør!

Modellkarrieren starta då han blei oppdaga av ein kjent stylist frå det alternative ungdomsmagasinet I-D. Med eit bestemt ansiktsuttrykk og skjorta knytt rundt livet på grungevis oste han avslappa coolness. Modelljobben blei til assistentjobb blei til moteredaktør-jobb i same magasin. Dermed droppa han ut av universitetet. Den strenge militærfaren likte ikkje dette, og kasta han ut.

– Eg hadde funne moten, men måtte vekse opp raskt, seier Enninful i The Guardian-intervjuet.

Edward Enninful og Rihanna

BANEBRYTANDE VENER: Edward Enninful og popstjerna Rihanna.

Foto: Dimitrios Kambouris / AFP

Som moteredaktør gjorde han det meste sjølv; skreiv artiklar, fann riktige klede, samarbeida med fotografar og forhandla med annonsørar. 18-åringen var fryktlaus, og i denne første jobben la han grunnlaget for noko av nøkkelen til sin eigen suksess, nemleg eit super-imponerande og breitt nettverk som få kan matche. Han blei for eksempel kjent med supermodellane Kate Moss og Naomi Campbell då dei var i starten av sine karrierer.

Etter mange år som moteredaktør i I-D fekk Enninful sin første sjanse i Vogue.

Sjefsjobben var langt unna

For å forstå korleis Enninful har stige i gradene, må vi forstå Vogue-systemet. Det finst 23 internasjonale utgåver av magasinet, med eigne redaktørar, som alle er eigd av bladimperiet Condé Nast. Bladet starta først i USA i 1892, før det spreidde seg til Storbritannia og deretter resten av verda. Dei viktigaste utgåvene er å finne i motehovudstadane New York, London, Paris og Milano.

I 1998 blei Enninful tilsett som stylist i den italienske utgåva. Der viste han at for han handlar mote om meir enn klede – det handlar om kva menneske som blir inkludert. Han var mellom anna med på å lage ei utgåve med berre plus size-modellar, samt «The black issue», eit over 100 sider stort nummer via til svarte modellar. Sistenemnde blei både utseld og utskjelt. Nokre meinte at det var banebrytande, andre at det var ein gimmick.

Det var likevel ei tid då ein sjefsjobb i Vogue verka urealistisk for Edward Enninful.

Etter nokre år i Italia reiste han til USA og fekk jobb i moderskipet, amerikanske Vogue. Der møtte han motstykket sitt: Djevelen i Prada.

Anna Wintour er sjefredaktør i Vogue US

MOTSTYKKA: Anna Wintour og Edward Enninful blir skildra som heilt forskjellige redaktørar. Sjølv om Enninful leier britiske Vogue står han under Wintour. Ho er nemleg kreativ direktør for moderselskapet Condé Nast, i tillegg til å vere sjef i amerikanske Vogue.

Foto: LUCY NICHOLSON

Tapar under Anna Wintours diktatur

På den andre sida av Atlanterhavet sit kvinna med størst makt over både Vogue og motebransjen. Ho står fram som ein diktator med svarte solbriller og høge helar. Hennar ord er lov i Vogue.

Anna Wintour er den legendariske redaktøren som er portrettert i boka «The Devil Wears Prada» og spelt av Meryl Streep i filmen med same namn. Ho har fått æra for å ha løfta amerikanske Vogue til nye høgder i dei 32 åra ho har hatt jobben, og er i tillegg kreativ sjef i selskapet som eig Vogue.

Frå 2006 til 2011 jobba Edward Enninful her. I dokumentaren «The September Issue» får vi sjå korleis Edward navigerer under falkeblikket til Wintour, som heilt opplagt leier med frykt. Ho kommenterer dersom nokon har lagt på seg, og karakteriserer ei litt overdimensjonert overskrift på magasinet som «blindeskrift».

Edward Enninful, sjefredaktør i britiske Vogue

PRIVAT: Edward Enninful er forlova med kjærasten sin, Alec Maxwell, på 14. året. Saman bur dei med hunden sin i Vest-London.

Foto: Isabel Infantes / Pa Photos

I éi scene studerer Wintour Enninful sine kreative forslag.

– Det er veldig dystert. Kvar er glamouren, Edward, spør ho.

Han verkar litt usikker, stille og tvilande i svara til den kontante redaktøren. Vi ser at han i ein augneblink blir stressa, blikket flakkar, før ho konkluderer:

– It’s Vogue, okay, please let’s... lift it.

Han kviskrar siste del av setninga resignert i kor med henne.

Etter at møtet er over, ser vi han snu seg til den kjente stylisten Grace Coddington for råd.

– Eg veit ikkje kva eg gjer lenger, seier han oppgitt.

Ho gir han råd om å gjere seg sjølv «uunnverleg».

– Du må vere tøffare, Edward. Du må krevje, elles får du skulda. Ikkje ver for snill, heller ikkje med meg. Heilt ærleg, då kjem du til å tape, seier Coddington.

Edward Enninful kjem ut som ein av taparane for Wintours diktatur i dokumentaren. Moteserien han har ansvaret for, blir kutta frå magasinet fire dagar før det går i trykken.

Likevel er han i dag sjefredaktør i britiske Vogue. Kva skjedde?

Edward Enninful og Anna Wintour

SKIFTE? I eit CNN-intervju blei han spurt om han ville «answer the call» dersom tilbodet kom om å ta over jobben til Wintour. Han svarte diplomatisk: – Eg meiner, det ville vore frekt å ikkje ta telefonen, men eg er veldig fornøgd der eg er.

Foto: ISABEL INFANTES / AFP

Gamle ideal står for fall

Etter opphaldet i amerikanske Vogue fekk Enninful jobb som stilredaktør i magasinet W. Det var eit blad som sleit med å finne sin plass i bladhylla. Utan ein diktator over skuldra kunne Enninful sleppe seg laus. Han laga nokre av magasinets mest minneverdige og kontroversielle cover.

– Enninful har seinare fått mykje av ære for Ws vekst og auka relevans. Eg trur at innsatsen han la ned her, var avgjerande for at han fekk jobben i britiske Vogue, forklarar Ida Elise Eide Einarsdóttir, redaktør i nettmagasinet Melk og Honning.

Ida Elise Eide Einarsdóttir

REDAKTØR: I tillegg til å jobbe i Melk og Honning har Ida Elise Eide Einarsdóttir ein master med fordjuping i motejournalistikk. Dermed kan ho hjelpe oss å bli betre kjent med Enninful og Vogue.

Foto: Privat

Samtidig som han laga vakre kjendiscover, stod han bak kampanjen «I Am An Immigrant», som var ein direkte respons til Trumps omstridde innreiseforbod. Dette viser hans evne til å heile tida pushe grensene og vere revolusjonær, samtidig som han tilpassar seg marknaden. Kanskje var det spesielt denne evnen som gjorde han til ein god kandidat for Vogue?

– Som sjefredaktør vil Enninful heile tida måtte kjenne på balansen mellom kunst og kapital, bekreftar Einarsdóttir.

Når han sette første svarte kvinne på coveret av eit septembernummer i fjor, så var det nettopp superstjerna Rihanna han valde. Ved å også inkludere dyre kjolar og glamour, ryddar han seg rom til å utfordre. Slik klarer han å halde på sin eigen og bladets posisjon, samtidig som han tvitrar om korleis han blir plassert bak dei kvite redaktørane på motevisningane og forsvarar Meghan Markle mot rasisme.

Edward Enninfuls første cover for britiske Vogue

FØRSTE COVER: Edward Enninful valde seg modellen og aktivisten Adwoa Aboah som coverkvinne i hans første nummer som sjefredaktør i britiske Vogue.

Nick Knights Reset-cover

NATUREN: Enda eit eksempel på utgåva som var via til naturens rolle i krisetider.

Rihanna på coveret av Vogue UK

RI-RI: Fram til 2018 hadde det aldri vore ei svart kvinne på coveret av septembernummeret til britiske Vogue, som er det viktigaste nummeret i året. Edward Enninful sette Rihanna på framsida.

Kate Moss på coveret av W

KATE MOSS: Eitt av covera Edward Enninful laga for magasinet der han var stilredaktør 2011-2017.

Britiske Vogue

NYE MODELLAR: Til juliutgåva av Vogue laga Enninful tre ulike cover med tittelen "The new frontline". Her ser vi ein butikktilsett.

Edward Enninfuls W-cover

KJENDIS: Det er også plass til kjendisar i Edward Enninfuls univers, men dei bør ha personlegheit. Her er venen Oprah Winfrey på coveret av W.

Vogues Reset-nummer med natur på

INGEN KLEDE: Til augustnummeret laga Enninful heile tolv ulike framsider. Temaet var naturen og kva rolle han spelar for oss i krisetida vi er i.

Einarsdóttir er imponert over kva Enninful har fått til i Vogue. Ho kallar han «motstykket til Wintour».

– Vi må jo berre skrive det, gong på gong: «No har han gjort det igjen». Enninful er eit friskt pust i motebransjen. Han er visjonær, og hans visjon treff ekstremt godt i dag, seier Einarsdóttir.

Samtidig navigerer han mellom ulike krevjande personlegdommar ved hjelp av sin milde veremåte. Han er opptatt av å lytte, observere og vere open. Til The Guardian forklarar Enninful om sin eigen leiarstil:

– Vi har ein stressande jobb, det er sant. Men eg jobbar best når eg er omgitt av folk som er optimistiske, og vi held stemninga lett.

Oprah Winfrey, mediemogul og ven av han, skildra Enninful slik då ho delte ut ein mediepris til han i 2018:

– Dette er ein mann som forstår at mangfald ikkje berre er viktig, men avgjerande for å endre korleis venleik blir sett på i kulturen vår. Han elskar alt som er vakkert, i alle slags former. Frå første gongen eg møtte han, så kunne eg føle hans godleik og korleis han støtta venene sine.

Tida har jobba for Edward Enninful og mot Anna Wintour.

Karlie Kloss, Edward Enninful og Oprah Winfrey

GØYAL TYPE: Edward Enninful har mange mektige vener. Det verkar som han, trass presset på jobben, kan å ha det gøy. Her er han flankert av modellen Karlie Kloss og mediemogul Oprah Winfrey på motevisning.

Foto: Michel Euler / AP

Kan han rykke opp?

Nyleg snakka fleire tidlegare Vogue-tilsette ut om rasisme under Anna Wintour, i kjølvatnet av Black lives matter-rørsla. Wintour beklaga at Vogue ikkje hadde gjort meir for mangfald, men kommentatorar stiller spørsmål ved om det er nok.

Edward Enninful, derimot, står i dag fram som meir avslappa og sjølvsikker enn han gjorde i dokumentaren frå 2007. Han er tatt inn i varmen, både av motebransjen og familien sin. I 2016 vart han gjort til offiser av Den britiske imperieordenen av Dronning Elizabeth for sin mangeårige innsats i motebransjen.

– Eg tok imot medaljen for far. Han grein, og eg var glad for å gi han dette. På festen etterpå dansa han med Madonna, og var så stolt, fortel Enninful til The Guardian.

Kan Enninful vere ein kandidat til å ta over sjølvaste amerikanske Vogue den dagen Anna Wintour gir seg? Namnet hans har blitt nemnt, men sjølv seier han at han er fornøgd der han er.

Uansett kva han skulle oppnå: Likevel blir han stadig minna på at nokre ikkje ser den imponerande merittlista hans. Som julidagen då han blei stengt ute frå eigen arbeidsplass av ei sikkerheitsvakt. Enninful bestemte seg for å snakke ut om det i media. Til CNN sa han at det verken var første, og heilt sikkert ikkje siste, gongen han blir dømt etter hudfargen sin.

– Hadde eg vore yngre, hadde eg blitt så fortvila at eg ikkje hadde vore i stand til å seie noko, men no har eg plattforma til å snakke om det. Eg ynskjer ikkje at dette skal skje med den neste generasjonen, sa han.

Han er opptatt av at kampen om inkludering ikkje berre står om kven som er avbilda i magasinet. Det handlar også om kven som får jobb i motebransjen og har makta til å bestemme.

– Vi treng utdanning, vi treng stipend, vi treng nye måtar å rekruttere på. For å få til dette, må vi også ha folk i kulissane. Det er heilt nødvendig.

Framsidene hans viser eit større mangfald enn på lenge i ein kynisk og lite inkluderande bransje. Det synest moteinnsidaren Einarsdóttir er bra både for han, Vogue, motebransjen og folk flest.

– Sjølv om ein ikkje er superinteressert i mote, så er det ein slags del av kvardagslivet til dei aller fleste. Å kunne føle seg representert er viktig. Dette følast betre og meir relevant enn på lenge.

I leiarkommentaren til septembernummeret konkluderer han sjølv:

– Når alt kjem til alt, er det klart at 2020 vil bli hugsa som eit tøft år, men også året for nødvendig endring. Ein ting er sikkert: Framtida startar no.

PS: Enninfuls management svarte ikkje på intervjuførespurnaden frå NRK.

Kjelder: Intervju med Edward Enninful i The Guardian, The Guardian-artikkel om Anna Wintour, Refinery29, CNN, artiklar og leiarkommentarar i Vogue.

Hei!

Har du tips til kva mi neste sak bør handle om? Ta gjerne kontakt. Tidlegare har eg mellom anna skildra eit gamalt måleri som blei foreina med sin betre halvdel, lurt på kvifor det er einhjørningar overalt, og fortalt historia om då Edvard Munch fekk visittkortet til Josef Terboven

Anbefalt vidare lesnad: