Lee Miller i Hitlers badekar.
Foto: Lee Miller with David E. Scherman © Lee Miller Archives

Kvinna i Hitlers badekar

Biletet er frå april 1945, i dei siste dagane av Hitlers tredje rike. Kvinna i badekaret hans er Lee Miller, amerikanskfødd modell, krigskorrespondent og bohem.

Mot slutten av andre verdskrigen var Lee Miller og kollegaen David Scherman saman med dei amerikanske soldatane som rykte inn i Tyskland frå vest. Dei levde som soldatar, dei var kledde som soldatar, men våpenet deira var fotoapparatet. Dei skulle dokumentere korleis dei siste restane av Hitler sin draum om verdsherredømme vart lagde i grus.

Medan Adolf Hitler, saman med Eva Braun og ein del nære medarbeidarar, hadde søkt tilflukt i førarbunkeren under eit utbomba Berlin, tok dei amerikanske soldatane seg stadig djupare inn i Tyskland.

Lee Miller

Lee Miller fotografert av ektemannen i Frankrike.

Foto: Roland Penrose / Lee Miller Archives

Hitlers husvære

Lee Miller og David Scherman var utslitne etter mange dagars marsj saman med soldatane, etter blant anna å ha dokumentert forholda i konsentrasjonsleirane Dachau og Buchenwald. Bileta Lee Miller tok i desse leirane var med på å vise verda dei forferdelege ugjerningane nazistane gjorde seg skuldige i.

Bileta hennar frå konsentrasjonsleir-helvetet var også med på å gi henne legendestatus blant krigskorrespondentane under andre verdskrigen.

Etter besøket i Dachau tok ei gruppe amerikanske soldatar frå 179. regiment i 45. divisjon, inkludert Miller og Scherman, seg inn i husværet til Adolf Hitler i München. Det var ei stor leilegheit i ein tidstypisk bygard i Prinzregentenplatz 16, og her oppretta dei ein kommandosentral.

Då Lee Miller fann fram til badet, oppdaga ho at det faktisk var varmt vatn i kranene.

Då tok det ikkje lang tid å få av seg tunge marsjstøvlane og den støvete uniforma og hoppe opp i badekaret. David Scherman sørgde for at det vart dokumentert. Dei budde saman med soldatane i husværet til Hitler i tre døgn før ferda gjekk vidare.

Lee Miller i Hitlers badekar.
Foto: Lee Miller with David E. Scherman © Lee Miller Archives

– Nøye arrangert

Det ikoniske biletet kan ved første augekast sjå ut som det kan vere spontant. Seniorkurator ved Preus museum i Horten , det nasjonale fotomuseet i Noreg, Hanne Holm-Johnsen, meiner heller at det er tydeleg at biletet er nøye arrangert.

Gjenstandar frå husværet til Adolf Hitler i München. Fotoet er frå mai 1945.

Ei samling av gjenstandar frå husværet til Adolf Hitler i Prinzregentenplatz 16 i München.

Foto: Anonymous / AP

– Sjå på biletet av Hitler på badekarkanten. Det er eit veldig kjent portrett teke av Hitlers hoffotograf, Heinrich Hoffmann. Biletet var mykje brukt i propagandaen. Vi ser også ein statue som truleg har stått på skrivebordet hans. Så er det symbolikken i at dei skitne støvlane står nede på golvet, den støvete uniforma på stolen. Det var dette ho hadde på seg då ho gjekk rundt i Dachau-leiren dagen før, seier ho.

Ho legg til at Heinrich Hoffmann var den einaste fotografen som vart dømd i Nürnberg-domstolen etter krigen, nettopp fordi han var så dyktig på propagandabilete.

Lee Miller var på dette tidspunkt 38 år. Det ho opplevde mot slutten av krigen skulle merke henne for resten av livet. Men livet hennar var ingen søndagsskule før det heller.

Prinzregententplatz 16 i München.

Dette er Prinzregentenplatz 16 i München, slik bygarden såg ut i 2008.

Foto: Google Street View
Hanne Holm-Johnsen, seniorkurator ved Preus museum.

Seniorkurator Hanne Holm-Johnsen blar i ei av fleire bøker om Lee Miller som finst på Preus museum i Horten.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Jenta frå Poughkeepsie

Ho vart fødd i småbyen Poughkeepsie i staten New York i 1907. Mora var heimeverande, faren var ingeniør og ivrig hobbyfotograf. Lee lærte seg tidleg å bli teken bilete av, både med og utan klede.

Som sjuåring opplevde ho å bli valdteken av ein ven av familien. Valdtektsmannen smitta henne også med gonore. Dette var fleire år før det var utvikla antibiotika mot denne sjukdomen, så ho måtte leve med store plagar og lange sjukehusopphald.

Ho går mange år til psykolog for å arbeide med trauma ho opplevde. Det såg ut til at ho greidde seg bra, men det ulma under overflata.

Ein av metodane psykologen brukte var å lære henne å skilje mellom det kroppslege og det mentale. Å skilje mellom kroppsleg og åndeleg kjærleik, til dømes.

Som 17-åring var ho på tur til New York City. Under kryssing av ei av dei sterkt trafikkerte gatene på Manhattan heldt ho på å bli påkøyrt av ein bil. I siste liten vart ho berga av ein mann som tilfeldigvis var like ved.

Det viste seg at dette var Condé Nast, eigaren av motemagasina Vanity Fair og Vogue. Han ser straks ein fotomodell i ungjenta frå småbyen i Upstate New York. Heretter rulla det fort.

Det klassisk vakre ansiktet, dei himmelblå auga, den høgreiste slanke kroppen, det var ein utsjånad om spelte på lag med kameraet.

Vogue og Vanity Fair

Snart var ho på framsida av dei to store magasina, ho vart den heitaste modellen i verdsmetropolen og 1920-talets supermodell. Edward Steichen og Georges Lepape var dei store fotografane i USA på den tida, og motebileta vart ofte tekne inne i det luksuriøse husværet til Condé Nast på Manhattan.

Her var det ofte overdådige festar med kjendisgjestar som Charlie Chaplin, Josephine Baker, Cecil Beaton og George Gershwin. Og Lee Miller treivst saman med fiffen på fest.

Populariteten hennar var på stigande kurs heilt til ho stilte opp i ein reklame for damebind.

Der gjekk grensa for amerikanarane. Reklame for damebind vart rekna som uanstendig, og det blei vanskelegare for Lee Miller å få oppdrag. Ho orka ikkje dobbeltmoralen, og snart var ho klar for å kome seg vidare. No ville ho sjølv ta bilete, ikkje berre bli teken bilete av.

Det blir sagt om Lee Miller at ho er ei kvinne som heile tida har visst kva ho ville. Ho var aldri redd for å bruke utsjånaden og sjarmen for å oppnå det.

Neste stopp Paris

Første stopp var Paris, kunstnarmetropolen der så mange forfattarar, målarar og andre kunstnarar frå USA hadde slått seg ned.

Man Ray, eigentleg Emmanuel Radnitzky, var ein av dei. Han var på denne tida fotograf og målar med base i den franske hovudstaden, og han hadde skapt seg eit namn. Han var 17 år eldre enn Lee Miller.

Lee Miller var målretta. Ho skulle lære seg til å bli ein god fotograf, og ho visste kven som kunne hjelpe henne med det.

Det tok ikkje lang tid etter at ho kom til Paris før ho var i gang. Ho starta med å oppsøkje Man Ray.

– Eg er den nye assistenten din, sa ho til han.

– Ikkje tale om. Eg held meg ikkje med assistentar, var svaret hans.

– Dessutan skal eg på ferie til Antibes, la han til.

– Det skal eg også, svarte Lee Miller.

Ho sjarmerte Man Ray i senk, og snart var ho både assistent og elskarinne. Ho vart ein sentral medlem i det surrealistiske kunstnarmiljøet Paris, der også folk som Pablo Picasso, Max Ernst, Jean Cocteau, Salvador Dali og mange andre var med.

Kunstutstilling. Måleri av Pablo Picasso og Vinvent van Gogh.

Frå ei utstilling i Paris i 2007. Lee Miller var ein ynda modell for Pablo Picasso. Måleriet til venstre er Piacssos «Lee Miller i Arlesienne» frå 1937. Måleriet til høgre er «L'Arlesienne» av Vincent van Gogh frå 1888.

Foto: Franck Fife / AFP

Fri kjærleik

Surrealistane hadde sine eigne reglar, blant anna praktiserte dei såkalla fri kjærleik. Sjølv om dei var i ekteskap eller faste forhold, så hindra ikkje det dei i å ha andre forhold på si. Lee Miller adopterte denne livsstilen, men det nekta Man Ray å finne seg i.

Han vart sjalu, og han gjorde det klart for Lee at han ikkje aksepterte at ho levde på same måten som han. Den frie kjærleiken gjaldt visst berre for mennene.

Lee Miller blomstra desse åra i Paris, fortel sonen Antony Penrose. Ho var ettertrakta både som fotograf og modell, og ho vart ein sentral skikkelse i det internasjonale kunstnarmiljøet langs breiddene til Seinen.

Ho gjekk grundig til verks. Ho saug til seg alt ho kunne om fotografiske teknikkar, og ho oppheldt seg mange timar i mørkerommet for å lære kva ein kan gjere med eit bilete i framkallingsprosessen.

Ein gong var ho i mørkerommet med Man Ray. Det var heilt mørkt, men så sprang det som truleg var ei mus over beinet hennar. Ho hylte og slo i vanvare på lyset, til Man Ray sin skrekk. Han rekna med at aktbiletet dei jobba med var øydelagt.

Så viste deg seg at bakgrunnen på biletet, som skulle ha vore svart, vart kvit med eit uskarpt svart omriss på ein bleik, naken kropp på negativet. Begge to likte den uventa effekten, og feilen blei ein ny metode. Man Ray kalla det for solarisering, eller Sabatier effect, og han tok på seg æra for nyskapinga.

«Effekten oppstår når det uferdige biletet blir utsett for kvitt lys. Nokre område av biletet vil sjå ut som negative, noko som gir eit mystisk, nærmast overjordisk effekt, perfekt for surrealistane, som var opptekne av det ubevisste», ifølgje Preus museum.

– Hadde surrealisme i seg

– Bileta hennar viser tydeleg at ho har mykje surrealisme i seg, også i motebileta. Ho har ein del artige avskjeringar, det er motebilete der hovudet til modellen ikkje er med og det er mange humoristiske situasjonar. Ho fotograferer mykje utandørs, ho plasserer ofte modellane på uventa stader, seier Hanne Holm-Hansen.

I 1932 fekk Lee Miller nok av Paris og sjalusien og eigetrangen til Man Ray.

Ho reiste tilbake til New York for å etablere sitt eige fotostudio der, og det vart ein stor suksess. I 1934 vart ho omtalt i Vanity Fair som ein av dei viktigaste og meste interessante fotografane i verda saman med blant andre Cecil Beaton.

Men det varte ikkje så lenge. I Paris hadde ho møtt den velståande egyptiske forretningsmannen Aziz Eloui Bey. Han var på reise i Frankrike saman med kona si, og han likte å vanke saman med kunstnarar.

Lee Miller fotograferte kona hans, som den gongen vart rekna som ei av dei fem vakraste i verda.

Frå New York til Kairo

Ho møtte han igjen i New York, og no var han skilt. Det sa pang. På kort varsel la ho ned fotostudioet, gifte seg med egyptaren og slo seg ned i hans heimby Kairo. Ho starta opphaldet i Kairo med å studere arabisk og kjemi, men ho tok også bilete.

Kairo var eksotisk og spennande, og dei første åra i Egypt var ein kreativ periode for henne.

Men ho gjekk snart lei og reiste tilbake til Paris. Her tok ho opp igjen kontakten med dei gamle venene sine i kunstnarmiljøet. På ein kostymefest, same dagen som ho kom dit frå Egypt, møtte ho britiske Roland Penrose. Han var biletkunstnar, poet og kunsthistorikar, og han var ein hardt arbeidande ambassadør for surrealismen.

Dei to vart eit par, og dei reiste rundt i Europa i fleire år på 1930-talet. Lee Miller fotograferte som aldri før, medan Penrose hadde sine eigne kunstnariske prosjekt.

På seinsommaren 1939 var paret på besøk hos Pablo Picasso og den dåverande kona hans Dora Maar i Antibes på Den franske rivieraen. Dette var dramatiske dagar i europeisk historie. Frykta for krig låg som ei klam hand over alt og alle.

1. september gjekk Tyskland til angrep på Polen, og to dagar seinare erklærte Frankrike krig mot Tyskland. I strandhuset i Antibes var det eitt tema som overskugga alle andre. Kva gjer vi no?

Til London

Lee Miller og Roland Penrose reiste tilbake til Storbritannia og London. Pablo Picasso valde å bli i Frankrike, heimlandet Spania var ikkje noko alternativ så lenge fascisten Franco sat ved makta der.

Behovet for mote og nye klede vart ikkje borte hos britiske kvinner sjølv om det var krig. Krigen gjorde tvert imot at dei i hopetal gjekk frå husmorrolla og til lønna arbeid i industri og anna næringsliv. Det var stort behov for arbeidskraft sidan så mange av mennene var ute i krigen. Det skapte sjølvstendige kvinner med eiga inntekt, som ville kle seg pent sjølv om det var bombing og krig.

Model wearing Digby Morton suit

Lee Miller flytta motefotograferinga ut i dei utbomba gatene i London.

Foto: Lee Miller Archives

Når Lee Miller tok motebilete med utbomba ruinar som kulisse, så var dette noko britiske kvinner forstod. Ho fotograferte i hovudsak for britiske Vogue, og ho opplevde stor suksess igjen.

Petersham on wool

Eitt av motebileta til Lee Miller.

Foto: Lee Miller Archives

Nyleg viste det nasjonale fotomuseet her i landet, Preus museum i Horten, ei utstilling med Lee Miller sine bilete frå London under krigen, Krig og Mote (War and Fashion). Her ser vi korleis ho flytta motefotografia frå styla studio ut i dei utbomba gatene i den engelske hovudstaden.

Seniorkurator Hanne Holm-Johnsen fortel at utstillinga var godt besøkt, og at museet fekk mange positive tilbakemeldingar frå publikum.

Charles Hawtrey

Lee Miller sitt portrett av den britiske skodespelaren Charles Hawtrey som kvinne.

Foto: Lele Miller Archives

Krigskorrespondent

Då dei amerikanske soldatane kom til Storbritannia i 1942, opna det seg nye sjansar for ein eventyrlysten amerikansk statsborgar. Lee Miller tok kontakt for å få status som krigskorrespondent, og snart var ho utstyrt med akkreditering og stilig uniform. Ho var klar for nye eventyr, og ho let seg ikkje stanse av gamle kjønnsstereotypar.

Under invasjonen i Normandie i 1944 var ho først med bak fronten, der ho laga sterke fotoreportasjar med såra soldatar og dei som jobba på feltsjukehusa. Men ho søkte spenning. Seinare greidde ho å kome seg nærmare kampane, blant anna under angrepet mot St. Malo.

Surgeon and anesthetist at 44th Evacuation Hospital

Her har Lee Miller foreviga amerikanske krigskirurgar i arbeid på eit feltsjukehus i Frankrike etter D-dagen.

Foto: Lee Miller / Lee Miller

Miller var med også under frigjeringa av Paris. Då byen endeleg var på dei allierte sine hender prøvde ho å finne igjen dei gamle venene sine i byen. I full amerikansk soldatuniform fann ho fram til Pablo Picasso, som hadde greidd seg gjennom krigsåra i Frankrike.

– Eg kan nesten ikkje tru det. Den første allierte soldaten eg møter etter fem år med tysk okkupasjon er Lee Miller, sa ein måpande Picasso.

Mange andre vener var borte, særleg dei med jødisk bakgrunn. Ho forstod tidleg at dei truleg var borte for godt.

Dachau og Buchenwald

Det som møtte henne i konsentrasjonsleirane Dachau og Buchenwald gjorde eit uutsletteleg inntrykk.

Ho tok bilete av stablar med døde menneske, menneske halvdøde av svolt og sjukdom som låg i brakkene og ikkje forstod noko som helst. Vaktene og dei tyske soldatane hadde flykta. Ho fortalde seinare at ho ikkje hadde førestilt seg kor ille det verkeleg var.

Released prisoners in striped prison dress beside a heap of bones from bodies burned in the crematorium

Frigjorde fangar frå Dachau ser på knoklar av brende medfangar etter frigjeringa av leiren i mai 1945.

Då ho telegraferte bileta over til Vogue skreiv ho: Dette er ikkje tull, dette er reelle bilete.

Ho fortalde seinare at ho såg etter dei forsvunne jødiske venene sine frå Paris i haugane av døde menneske i konsentrasjonsleirane.

Man Ray hadde jødisk opphav, men kom seg tilbake til USA før Frankrike vart okkupert av Tyskland. Det same gjaldt Max Ernst. Andre jødiske vener vart berre borte i løpet av krigen.

Lee Miller reiste på kryss og tvers i Europa også etter at krigen var slutt. Ho fotograferte og dokumentere det som skjedde. Det er utbomba byer og menneske i det djupaste elende. Men ho fanga også håpet, optimismen om at Europa igjen skal reise igjen etter fem-seks år med krig.

Antony Penrose framfor eit bileta av Lee Miller i samband med ei utstillling i New York.

Antony Penrose fotografert ved eit stort bilete av Lee Miller som krigskorrespondent i samband med ei utstilling i London i 2015.

Foto: Ray Tang/REX / Ray Tang/REX

Teken mot som krigshelt

Etter kvart reiste ho tilbake til London. Bileta frå Tyskland hadde gjort henne verdskjend, og I London vart ho teken mot som ein krigshelt. Ho jobba igjen som fotograf for britiske Vogue, og ved sida av motefotografering dreiv ho også litt med teater.

Først i 1947 vart ho formelt skilt frå egyptaren Azizlou Eloui Bey og gifte seg med Roland Penrose, som ho meir eller mindre hadde levd saman med sidan 1939. Egyptaren nekta å gå med på skilsmisse før han var sikker på at ho hadde ein mann ved sida si som ville greie å ta vare på henne på ein skikkeleg måte.

Til slutt godtok han Roland Penrose.

I ein alder av 40 år vart Lee Miller gravid, noko ho aldri trudde nokon gong skulle skje, og i september 1947 vart sonen Antony fødd. Ho gjekk opp i den nye rolla si som mor, men opplevingane frå krigen og andre traumatiske hendingar hadde sett sine spor.

På denne tida var det ikkje tilbod om debrifing etter å ha opplevd krig og jævelskap. Lee Miller gjorde som dei mannlege kollegaene sine, som hundretusenvis av soldatar gjorde etter krigen.

Sjølvmedisinering

Medisinen var store mengder whisky, og det går sjeldan særleg bra. Det er ein medisin med store biverknader, og Lee Miller utvikla alkoholisme. For all del, ho hadde ikkje spytta i glaset før heller. Ute i felt under krigen hadde ho alltid ein stridsrasjon beståande av sigarettar og whisky med seg.

Men ho takla ikkje overgangen frå å vere krigskorrespondent med litt for mange inntrykk i bagasjen til eit normalt liv på den engelske landsbygda

På 1950-talet gjorde ho ein del oppdrag for Vogue, men ho sette som vilkår at fotograferinga skulle skje på Farley Farm i East Sussex, som ho og mannen kjøpte i 1949.

Ho prøver å vere ei god mor for sonen Antony, men ho lukkast ikkje heilt. I dag ville ho fått diagnosen posttraumatisk stress, trur Antony, men dette var ingen diagnose på den tida. Antony Penrose nemner også at mora var sterkt desillusjonert etter krigen.

– Ho opplevde at den kalde krigen overtok meir og meir for optimismen etter verdskrigen, og dette gjekk tungt inn på henne, sa Antony Penrose til NRK då han vitja utstillinga om mora på Preus museum.

Brot mellom mor og son

Picasso and Jean Cocteau

Eitt av bileta Lee Miller tok av omgangsvenene Pablo Picasso (t.v.) og Jean Cocteau.

Foto: Lee Miller Archives

Antony fortel at han hadde ein spennande barndom, og han hadde ei «nanny» som gav han god omsorg. Han trudde det var heilt normalt å ha superkjendisar som Pablo Picasso, Joan Miro og Man Ray på besøk. Det høyrer med til historia at Lee Miller og Man Ray vart forsona ei tid etter brotet, og at dei hadde eit sterkt vennskap heilt til slutten. Han døydde eit par år før henne.

Som tenåring braut sonen Antony med Lee Miller. Han skulda henne for å vere ei dårleg mor, han ville ikkje lenger finne seg at ho gjekk rundt i ein evig whiskyrus. Sjølv om ho var til stades i heimen, så var ho der ikkje likevel.

– Det gjekk mange år der vi ikkje hadde kontakt. Eg prøvde å leggje henne bak meg. Vi fekk kontakt igjen etter at eg møtte henne som skulle bli kona mi, og det var ho som tok kontakt med mor, fortalde Antony Penrose til NRK då han vitja Noreg i august.

Kald kalkun

I mellomtida hadde Lee Miller forstått at ho hadde eit alvorleg alkoholproblem. Utan hjelp frå andre slutta ho berre å drikke, «kald kalkun» som ein kallar det i rehabiliteringssamanheng. Ho kom seg gjennom den tøffe perioden, og ho såg seg om etter nye måtar å bruke kreativiteten sin på.

Ho satsa på mat. Ho eksperimenterte med matoppskrifter, og snart blei ho den første kjendiskokken i Storbritannia. Matlaging på gourmetnivå vart ein ny karriereveg. Ho vart forsona med Antony, og forholda på Farley Farm vart igjen meir familievenlege.

På midten av 1970-talet vart ho diagnostisert med kreft. Ho døydde 21. juli 1977 av sjukdomen, men rakk akkurat å oppleve å bli bestemor.

Antony Penrose fortel at han eigentleg ikkje visste så mykje om fotokarrieren til mora før han og kona byrja å rydde i mora sine ting etter at ho døydde. Kona hans leitte etter bilete av Antony som liten, og slik fann ho kasser på loftet med 70.000 negativ frå mora sin lange karriere.

– Ein av dei store fotografane

Det var ei salig blanding av motefotografi, bilete frå krigen og manuskript. Dei starta arbeidet med å organisere og katalogisere negativa, og dette har blitt til The Lee Miller Archives, som blir styrt av Antony Penrose og familien hans.

Dei held framleis til i Farley House & Gallery i East Sussex, og dei held ope for publikum i perioden april til oktober. Delar av Lee Miller Archives er å finne på nettet.

Kurator Hanne Holm-Johnsen er ikkje i tvil om at Lee Miller er ein av dei store fotografane i det 20. hundreåret, i det ho kallar fotojournalistikken sine velmaktsdagar. Det var tida for dei store fotoreportasjane, slik som i amerikanske Time og Life. Her i landet jobba bladet Aktuell etter same modellen.

– Ho høyrer heilt klart til i den absolutte eliten. Mange av bileta hennar er kunst, men ho var også bruksfotograf. Av og til er det vanskeleg å skilje mellom dei to greinene, seier ho.