London Fashion Week - Aadnevik
Foto: Javier Auris / NRK

Jakta på perfeksjon

LONDON (NRK): Lidenskap. Stress. Dedikasjon. Samhald. Bli med inn til folka som ofrar fingrane for moten.

– Kor mykje meir tid treng de?

Kristian Aadnevik er på telefonen med ei av syerskene sine. Klokka er halv åtte.

I lufta ligg tung hårspray og spenning.

Moteshowet på London Fashion Week er berre éin time unna, men to kjolar manglar.

Han ser utover eit organisert kaos av hårbørstar og svoltne fotografar. I den andre enden av rommet spring designpartneren og kona, Hila Aadnevik, frå modell til modell. Saman har duoen skapt eit imperium av glamorøse kjolar som blir vald av dei største stjernene: Rihanna. Beyoncé. Kim Kardashian. Kendall Jenner.

Men i motebransjen held det ikkje å bli valt éin gong. Kundane vil stadig ha nye ting. Sponsorane vil sjå vekst. Og paret sjølv, dei vil oppnå perfeksjon.

– Vi lever det, hadde Kristian og Hila sagt tidlegare.

Duoen har lagt alt i éin pott. Pengane, ekteskapet, familien, dagane og namnet sitt.

Å halde show på London Fashion Week er ei stor investering, både finansielt og emosjonelt. Der kjedebutikkane er breiddeidrett, er dette verdsmeisterskapen i mote. 100 menneske er i arbeid. Det er her kjedebutikkane plukkar opp trendane som du kler deg i.

Dei to siste kjolane skal vere krona på verket.

Vi kan høyre lyden av publikum som strøymer inn i det gamle, ærverdige biblioteket der showet skal finne stad.

Den eine kjolen eksisterte berre som strekar på eit ark i går.

Kan syerskene bli ferdig i tide?

Kristian Aadnevik får eit svar i den andre enden av telefonen.

To dagar tidlegare

Ting verka først så roleg og avklart.

Drosja stoppa i eit fasjonabelt strøk i London. Framfor meg var ei smal dør. Eg fekk kjensla av at den vesle bygninga kanskje kunne ha vore ein stall – for lenge, lenge sidan.

Til London kom motefolk frå heile verda for å oppdage kva ein skulle kle seg i vinteren 2019/2020.

Eg skulle få eit heilt unikt innblikk i det vi vanlegvis ikkje ser: Arbeidstimane bak dei eksklusive motekleda, heilt fram til dei siste minutta før modellane skulle gå ut på catwalken.

Ei kvinne slapp meg inn, og returnerte raskt til arbeidet sitt. Dette var systova til familiemotehuset Aadnevik.

London Fashion Week - Aadnevik

På veggen hang eit dyrehovud, i sterk kontrast til dei mjuke fjørene ved sidan av. To kjolar i typisk Aadnevik-signatur hang ved sidan av der igjen: Korte, tettsitjande korsett med mjuke, drøymande underdelar.

Foto: Javier Auris / NRK

Åtte kvinner stod og sat rundt eit langt smalt bord. Dei målte opp stoff, klipte ut tøystykke, sydde perler for hand og drakk kaffi. På ei utstillingsdokke hang ein uferdig kjole med hundrevis av vakre, små, grøne perler på. I bakgrunnen song ein av klientane, Rihanna, på radioen.

Eg visste ikkje kva som kom til å møte meg, men eg hadde nok sett for meg at ein kleskolleksjon, to dagar før framvising, skulle sjå meir ferdig ut enn dette. Likevel var det roleg, men konsentrert, stemning.

Blikket gjekk mot den andre delen av rommet, som var delt i to av ei rund trapp. Der hang det masse kjolar oppetter veggen. Var desse klare til framvising?

Nei. Dette var kjolar frå tidlegare kolleksjonar som kundar kunne få prøve. Det vil seie, ikkje kven som helst. Ein kjole kunne koste fleire 100.000 kroner, avhengig av arbeidstimar, materiale og konstruksjon.

Kylie Minogue pleide å vere innom av og til.

Alt dette var ekteparet Aadneviks verk. I andre etasje låg heimen deira.

London Fashion Week - Aadnevik

Kristian Aadnevik vaks opp i Bergen. Han hadde skapt seg ein karriere i London som designar. Hila Aadnevik hadde lært å designe ved å følgje faren sin på jobb som barn. Seinare hadde ho starta sitt eige smykkemerke. No jobba dei to designarane saman.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Dei kom ned trappa og introduserte seg.

– Let's go, we don't have much time, sa Hila Aadnevik.

Ho var kledd i heilsvart. Det lange, svarte håret låg nedover skuldrane.

Hila Aadnevik fortalte at som liten sprang ho rundt i farens skofabrikkar i Israel.

Dette hadde vore hennar utdanning.

Draumen hadde heile tida vore å skape sitt eige motemerke.

Der ho sat i sofaen framfor meg, var blikket hennar bestemt og beskjedane klare. Ho sa ifrå om korleis ho ville ha ting. Eg tenkte at ein burde vere tjukkhuda, skulle ein jobbe for henne.

Kristian verka mildare og snakka engelsk med eit lite spor av norsk tonefall i seg. Han såg sjeldan stressa ut.

Designaren frå Bergen hadde hatt eit spesielt pågangsmot og talent frå starten av.

For 20 år sidan hadde han flytta til London. Han hadde lagt ned tusenvis av timar for å bli best på motehandverket, og fått mentorhjelp frå den italienske motegiganten Donatella Versace og assistentjobb hos Alexander McQueen.

Han hadde skapt seg ein karriere ved å styre unna trendar og følgje sitt eige kunstnariske blikk.

Frå eit norsk perspektiv var det sjeldan å treffe ein norsk designar med suksess i utlandet.

Peter Dundas, tidlegare sjefdesignar i motehusa Pucci og Roberto Cavalli, hadde budd i Noreg fram til han var 13 år. Per Spook hadde drive sitt eige suksessfulle motehus i Paris.

No fanst det ein utflytta bergensar i London med eige motehus på 10. året.

Det vil seie, Aadnevik var eit partnarskap, fortalte designduoen. Der Kristian og Hila sat framfor meg, personifiserte dei det som hadde gjort merket så suksessfullt: Det maskuline blanda med det feminine.

Drivkrafta var å lage kjolar som blei valt blant 1000 andre, og å byggje ei familieverksemd som barna ein dag kunne ta over.

Vi gjekk opp i andre etasje. På veggen hang ein heil haug med innramma insekt.

Bokhyllene var fulle av kunst- og motebøker. Paret fortalde at dei ofte gjekk på museum, såg film eller høyrde på musikk for å finne inspirasjon. Eit sjiraff-kosedyr i sofaen avslørte at her budde det ungar, også. I dag var Aadneviks to barn tatt med ut av besteforeldra, så foreldra kunne fokusere for fullt på kleskolleksjonen.

– No opererer vi på adrenalin. Det er nesten robotisk. Du må berre kome deg gjennom, til kolleksjonen er ferdig, sa Hila.

Kolleksjonen skulle telje 35 antrekk. Tidlegare på dagen hadde dei gått gjennom alt for å sjå kva som mangla.

– Vi trur at vi kan leggje til to nye antrekk frå scratch, sa Kristian.

Ein kunne lure på kvifor dei sette i gang med dette, med så lita tid igjen?

Designarane fortalde at dei alltid var på jakt etter den siste detaljen som kunne løfte kolleksjonen eit hakk. «Perfeksjon», var eit ord dei brukte.

Denne gongen var dei inspirert av russisk kultur, spesielt boka «Anna Karenina», som skildra to romansar i 1800-talets klassedelte Russland.

London Fashion Week - Aadnevik

På skissene dei viste fram, hang det tøybitar, som viste kva materiale kjolen skulle bli laga i. Det var blant anna eksklusiv blonde, laga spesielt for Aadnevik i Italia.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Dei fortalte at ein designars jobb ikkje handla om å sy kjolane. Det hadde dei tilsette til. Deira jobb var å bestemme kva klede som ville vere aktuelle for neste sesong, skissere kolleksjonen, velje materiale og planlegge showet. Medan syerskene overførte skissene til ekte plagg, måtte designarane handtere all slags logistikk, presse, hår og sminke.

Å vere designar dreidde seg også om å drive business, men ekteparet hevda at dei levde i si eiga boble og ikkje tenkte så mykje på kva som kom til å bli populært. Det viktigaste var at dei sjølv stod inne for plagga.

– Anten så følgjer du andre, eller så har du dine eigne idear. Og det ligg i begge våre personlegdommar, at vi eigentleg aldri har følgt andre, sa Hila.

Så det å jobbe som designar handlar ikkje om å reprodusere trendar?

– Nei, nei. Vi skapar vår eiga verd. Vårt eige univers. Og går djupt inn i det, sa Kristian.

Ansiktet røpte at dette var han veldig interessert i å oppklare.

– Motebransjen blir kritisert for så mange ting: Klimaendringar, kapitalisme, kroppsbilete ... Kva er det som er bra med moten?

– Folk vil alltid finne måtar å skulde på moten. Mote er vakkert. Det er rein inspirasjon overført til klesplagg. Som kunstnarar lagar måleri, lagar vi klede, sa Hila.

Ho verka litt opptatt av å kome seg vidare til neste punkt på den lange gjeremål-lista. Klokka nærma seg to, og snart kom sminke- og hårfolket på besøk.

– Vil de endre motebransjen, på noko vis, spurde eg.

– Motebransjen spelar litt for trygt i dag. Fordi alle vil selje. Og dei gløymer kanskje at det eigentleg handlar om kreativitet og å la folk vere unike. Du treng ikkje å skape noko for folk, du skapar noko som folk vil ha, sa Hila engasjert.

Kristian hoppa inn:

– Om ein analyserer for mykje, så blir det kjedeleg. Alt blir likt.

Nede i systova

I systova hadde dei halde på i mange månader, allereie. Arbeidsdagane var lange, frå åtte til åtte, måndag til fredag.

Vi såg det harde detaljarbeidet. Stive fingrar, krokete ryggar og djup konsentrasjon. Syerskene åt lunsj medan dei sydde på éi av hundrevis av perler for hand.

London Fashion Week - Aadnevik
Foto: JAVIER AURIS / NRK
London Fashion Week - Aadnevik

Assisterande mønsterkuttarar i arbeid. Nye plagg skulle bli til framfor augo våre.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Plutseleg blei den smale ytterdøra slått opp, og ein eksplosjon av energi kom inn i studioet.

– Hello, hello, my family!

Hårstylisten Antonio Corral Calero hadde med seg sjokolade til folket og masse hårspray.

Moteverda var fylt med store kontrastar. Etter litt ventetid kunne stemninga plutseleg skifte totalt. Folk dukka opp nærmast ut av ingenting, samla seg i den eine enden av lokalet. Det gjekk frå roleg til maksfart på 1-2-3.

London Fashion Week - Aadnevik

Antonio Corral Calero (i midten) gav Hila Aadnevik ein hjarteleg klem. Assistanten hans (til høgre) smilte. Kristian Aadnevik (til venstre) kalla dei sin andre familie.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Ein modell blei sminka og frisert, kledd på, fleire kvinner følgde med. Dei skulle jobbe på showet og måtte få med seg alle instruksjonar. Poenget med dette var å bli einige om korleis modellane skulle sjå ut.

London Fashion Week - Aadnevik

Antonio Corral Calero (til venstre) friserte modellen, medan ein sminkør jobba med ansiktet (i midten). Designar Hila Aadnevik (til høgre) og PR-medarbeidar Eve (bak til høgre) følgte med. Kjolar frå tidlegare kolleksjonar hang oppetter veggen.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Samtidig heldt syerskene fram med sitt arbeid.

Inne på pressekontoret pulserte det. Tre unge kvinner sat i eit lite avlukke og sjonglerte e-post, telefonar og rekneark. Dei hadde ansvar for den viktige gjestelista til showet. Her var det om å gjere å sjekke at alle gjestane var den dei gav seg ut seg for å vere.

Samtidig blei kjolar frå tidlegare kolleksjonar sendt til Oscar-utdelinga og Jennifer Lopez’ nye parfymelansering.

Aadnevik-ane gjekk opp og ned trappa og heldt auge med alle sider av prosessen. Dei sa kjapt ifrå dersom noko ikkje fungerte. Alle her hadde dårleg tid.

– Skru opp sminka til det dobbelte, gav Hila Aadnevik klar beskjed om til sminkøren.

London Fashion Week

Pressa situasjon på pressekontoret.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Laurdag. Éin dag igjen til showstart

Det hadde gått nesten eitt døgn sidan vi var i studioet sist. Kva hadde blitt gjort? Korleis var stemninga?

Vi runda hjørnet inn til det vesle studioet, same veg som i går, forbi muren som hadde blitt bygd opp igjen etter 2. verdskrig, inn den smale gata, og vi såg:

Kristian som vaska ein Volvo frå 1950-talet.

London Fashion Week - Aadnevik

Kristian Aadneviks andre store lidenskap: Gamle bilar. Utanfor heimen og studioet sitt i Knightsbridge, London.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Var ikkje dette litt uventa, éin dag før moteshowet?

Han var framleis avslappa og blid, og såg ut til å ha på seg identiske klede som i går. Den svarte t-skjorta var våt.

– Eg må bli ferdig til modellane kjem klokka ti, sa han og tørka over bilen.

Sidan han ikkje sydde så mykje sjølv lenger, men overlét den delen av skapinga til andre, likte han å bruke hendene sine på gamle bilar. Kjøpe dei i litt dårleg forfatning og gjere dei vakre igjen.

– Det finst ei side ved meg som kjenner det nødvendig å bruke hjernen og hendene til å lage noko, sa han.

Kanskje sakna han å sy litt?

Kristian Aadnevik hadde éin bil til, heilt lik, som han brukte å køyre ungane til barnehagen i. Han var ein samlar. Denne bilen skulle han fikse opp innvending, men det måtte vente til etter showet. No var bilen i alle fall rein og skulle inn i garasjen.

– Eg må kome meg inn, sa han.

I systova gjekk symaskinene for, eh, full maskin. Det kunne verke som om stemninga hadde skifta litt frå dagen før.

London Fashion Week - Aadnevik

Ein ny kjole på teiknebrettet dagen før showet. Mønsterkuttar Asja Geppini (til venstre) og syerska Zaneta (til høgre) tok ansvar for denne.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Fleire kjolar byrja å ta form. Aktivitetsnivået var høgre. Det same var skuldrene. Syerskene såg veldig fokuserte ut.

Eg var i vegen i det vesle studioet. Hila plasserte meg myndig på ein stol bak sjefen for syerskene, Asja Geppini. Ho var italiensk, nyleg utdanna frå ein prestisjeskule i Firenze og hadde jobba hos Aadnevik i eitt år.

Asja var det viktige leddet mellom designarane og syerskene. Sjølv var ho utdanna mønstermakar, det vil seie at ho klipte ut mønstera til kjolane, som deretter blei sydd av ei av syerskene.

– Dei har magiske hender. Kvar vesle perle er tatt på av ei hand, sa ho og såg beundrande på kvinnene rundt seg.

Kaffi-gamet var sterkt. Stadig vekk var nokon ute for å hente seg ein ny kopp. Det verka jo litt stress, dette. Var det eigentleg noko gøy?

– It's such a big happiness to see everything done. I love my job, sa Asja.

Ho hadde det rolege genet som var nødvendig for å springe den ekstreme motemaratonen.

London Fashion Week - Aadnevik

Kristian Aadnevik rydda i studioet før modellen kom. Hila Aadnevik var på veg ned trappa. Asja Geppini (til venstre) jobba konsentrert.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Midt i ei setning måtte eg lukke notatblokka og hoppe ut av vegen. Modellen var på plass. Ein stol blei flytta og ho gjekk nedover det som no var gjort om til ein prøve-catwalk.

Der dei gamle kjolane hang, blei det rydda plass til nye kjolar. I dag skulle designarane sjå plagga på modellen. Det var to poeng med dette: Slik kunne dei sikre at passforma var god og at antrekket fungerte. Og dei skulle ta foto av alle antrekka, så dei kunne bestemme rekkjefølgja i showet. Dette var viktig for å skape det rette inntrykket hos publikum.

Hila Aadnevik talde opp kjolane ho såg rundt seg i studioet. 1-2-3-4-5-6.

– Kvar er resten, spurde ho.

– Eg har éin her, sa Asja.

Det verka ikkje som om det trygga Hila.

To kjolar var framleis berre på teiknebrettet.

Likevel, det var ikkje krisestemning. Eg fekk heller kjensla av at dette var vanleg dagen før eit show. At dei jobba til siste minutt.

London Fashion Week - Aadnevik

Kristian og Hila Aadnevik gjorde siste tilpassingar på den brasilianske modellen Veridiana (i midten). Asja Geppini (til venstre), sjef for syerskene, var sjeldan langt unna.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Aadnevik-ane såg kjapt over kvart antrekk på modellen. Det var lett å lese når dei var misfornøgde (dei var raskt framme med hendene, festa knappenåler, gav beskjedar til Asja) og fornøgde («really nice», «it looks good, no?»). Syerskene følgde med. Nokre fekk eit smil om munnen, nikka nøgd, peika på at «den kjolen hadde dei sydd». Den rosa kjoledraumen frå i går, eller marerittet, om du hadde stått for påsyinga av dei mange hundre perlene for hand, var blitt ferdig, og strålte på modellen.

Modellen tok det heile med stoisk ro. Ho sa ingenting, let designarane fikse på kleda og retta seg opp i ryggen når dei bad om det.

London Fashion Week - Aadnevik

Der Hila Aadnevik sprang fram og tilbake, tok Kristian ein litt meir tilbaketrekt posisjon. Han sjekka nokre detaljar med syerskene, medan han venta på neste antrekk.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Omsider var modellen ferdig for dagen. Syerskene og designarane sat igjen med ein helvetes jobb. Mykje stod att før showet.

Hila sukka litt og la hovudet på skuldra til Kristian.

– Er du sliten, spurde eg.

Ho nikka.

– Ser dykk i morgon.

Showdag. Fire og ein halv time igjen

Neste dag merka eg stresset gjennom dei korte meldingane eg fekk frå PR-medarbeidaren. Til studioet fekk vi ikkje kome, så vi kunne berre førestille oss korleis det såg ut der.

Førebuingane var godt i gang i ærverdige Royal Horseguards Palace, der showet skulle finne stad. Bygninga var fylt med historie. Ho blei brukt som hovudkvarter for det britiske forsvarsdepartementet gjennom begge verdskrigane, kulisse i ein James Bond-film på 80-talet og husa The National Liberal Club, ein privat medlemsklubb for liberal-tenkjande britar.

Forfattarar som Dylan Thomas og George Bernard Shaw hadde røykt i sigarrommet og drukke whisky i baren. I dag skulle bloggarar og påverkarar drikke frå sjampanjeglas medan modellar spankulerte i blitslyset.

På veggane hang det portrett av 1800-talets påverkarar – pene kvinner og staute menn i uniform. I tredje etasje høyrde eg stemmer. Eg gjekk inn i det som heller kan skildrast som ein hall enn eit rom.

Augo mine brukte ein del tid på å ta inn den vene galskapen som utfalda seg framfor dei. Eg talde 50 menneske i arbeid. Dei var fordelt rundt om i rommet på ulike arbeidsstasjonar: Hår, sminke, påkledning og mat.

London Fashion Week - Aadnevik
Foto: JAVIER AURIS / NRK
London Fashion Week - Aadnevik

Kristian og Hila stod midt i rommet og vurderte eitt av sine verk. Vi kjende igjen den brasilianske modellen frå prøvene dagen før. Kleda hang på rekkje og rad, sortert etter kva modell som skulle gå med dei.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Hila og Kristian stod midt i rommet, omgitt av folk. Han i same uniform som før, svart t-skjorte, jeans og kritkvite joggesko. Ho i eigenprodusert svart kjole med delvis gjennomsiktig overdel. Ho gjekk nesten i eitt med modellane, som elles var tynne, unge og hadde langt, opprulla hår.

Antonio, hårmannen, var ikkje langt unna med sine assistentar. Han var i full fyr og flamme, som sist, superfokusert og inspirert, snakka delvis på spansk, delvis på engelsk, og spraya ei urovekkjande mengde hårspray ut i rommet. Tsss tsss tsss. Sprayen lèt etter seg ei søt lukt på kleda våre og ei synleg skodde i lufta.

London Fashion Week - Aadnevik

Make up-artistane gjorde sin jobb medan lysa frå London Eye blinka i bakgrunnen.

Foto: JAVIER AURIS / NRK
London Fashion Week - Aadnevik

Fleire par hender på ein modell på same tid.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Synet av alle arbeidsstasjonane og menneska minna meg på at klesindustrien er verdas fjerde største industri, med mange ulike yrkesgrupper. For dei aller fleste her var dette ein fulltidsjobb og lidenskap.

Vi var omgitt av lettkledde kroppar, ikkje berre i rommet, men på veggane. Dei Veggmåleria frå ei anna tid viste vakre folk som song, heldt blomar og spelte instrument.

Forfengelegheit er langt frå ei oppfinning som kom med Instagram.

Rommet hadde imponerande takhøgd og pondus. Store lysekronar hang frå taket. Golvteppet hadde sitt eige intrikate, fantastiske mønster.

London Fashion Week - Aadnevik

Beinhard verkelegheit i moteverda.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Dette var «berre» backstage. Ein tunnel førte inn til eit gullteppe, som peika tilbake til dei russiske kuplane som Aadnevik hadde latt seg inspirere av, og vidare inn i biblioteket, som var laga om til catwalk.

Utanfor vindauget gjekk London Eye rundt og rundt med turistar i eit blått lys.

Berre syerskene mangla. Dei jobba framleis for harde livet i studioet, blei eg fortalt.

Eg gjekk bort til Kristian.

Det er to kjolar som enno ikkje er ferdige?

– Det er meir enn det.

Kroppshaldninga til motedesignaren frå Bergen fortalde meg at han, utruleg nok, framleis var avslappa. Det var nokre timar igjen å gjere det på.

Plutseleg sette eit ekstra gir inn.

– Okay, the models are getting ready, keep your brushes ready, sa den alltid livsglade frisørmannen Antonio.

Ein mann med stress i blikket kom springande til. Han heldt børsten fram som om det skulle vere det viktigaste i heile verda.

– Not yet, Antonio will give you the word when, sa ei kvinne.

Seks par hender på ein modell; Antonio midt i galskapen.

– Okay, eg treng børstane no, sa Antonio.

Det var «the rush of the brushes».

London Fashion Week - Aadnevik

Antonio Corral Calero ropte ut instruksjonar til assistentane sine.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Eg forstod omsider kva som skulle skje. Krøllane på toppen av hovuda skulle bli børsta ut til langt, bølgete, glamorøst hår.

Mellom ti og femten fotografar sprang rundt kvarandre.

– Very gentle, you are creating art over here, ropte Antonio til assistentane sine.

– Gentle and with passion. We cannot rush it, it’s for the final show, instruerte han.

Hila ropte til Antonio at no måtte dei bli ferdige. Dei hadde ein timeplan å følgje.

Samtidig observerte sminkørane at dei trengde meir augeskugge under det eine auget. Ei fjør frå ein kjole datt lydlaust på bakken, men ingen såg ut til å merke seg med det.

Det var tid for fotoshoot. Bileta var nesten like viktige som showet, for det var dei som skulle bli publisert på ekteparets eigne nettsider og sendt til klientar som var interessert i kjolane.

Vi flytta oss inn til catwalken.

– Really fierce, lovely, ropte Aadneviks eigen fotograf til modellen som stod framfor oss.

Ho strekte beinet ut av den høge splitten.

London Fashion Week - Aadnevik

Antonio var på plass med sprayen igjen. Folka rundt ville ha han ut av biletet. – Hair today, gone tomorrow, spøkte fotografen.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Diskomusikken pumpa i bakgrunnen. Modellane vridde og vende på seg. Det var dette vi var vant til å sjå.

F-A-S-H-I-O-N.

London Fashion Week - Aadnevik

Fotografane samla seg framfor modellane før showet. Nokre var bloggarar, nokre kom frå aviser eller nyheitsbyrå. Fremst stod Aadneviks eigen fotograf og instruerte modellane.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

I kulissane var den uglamorøse delen av jobben framleis ikkje over. Eg følgde etter Kristian, som gjekk fram og tilbake for å sjekke at modellane var klare.

– Kven kler henne, spurde han og såg på ei som enno ikkje hadde skifta.

– Kjolen er ikkje klar, svarte ho som hadde ansvaret.

Ein einsam blazer hang framme. Det var éin time igjen til showstart.

Blazeren blei kledd på modellen, utan noko under, og lukka med ei knappenål.

Det er her Kristian ringer syerskene for å sjekke stoda.

– Kor mykje meir tid treng de?

Han som har sett roleg ut heile vegen, ser plutseleg litt bekymra ut.

London Fashion Week - Aadnevik
Foto: JAVIER AURIS / NRK

Inne i biblioteket tar fotograferinga aldri slutt. Åh, fotografen må bli lei av å seie «lovely» til modellane. Kanskje går han på autopilot. Det fungerer, i alle fall. Hila nikkar fornøgd.

Kveldens første klimaks er unnagjort. No må dei bevare ro, nerve og konsentrasjon til den verkelege grand finale: Showet.

Publikum har byrja å samle seg i baren utanfor.

London Fashion Week - Aadnevik

Feire hundre menneske bevegde seg sakte opp ei oval trapp og tok plass på toppen. Dei fekk eit glas sjampanje i handa. Desse menneska har makta i motebransjen: Innkjøparane. Påverkarane. Stylistane. Pressa.

Foto: Javier Auris / NRK

Eg går ut i gangen fleire gongar for å sjå etter dei siste kjolane. Stresset og spenninga har også smitta over på meg. Kva om dei ikkje rekk det?

Eg slepp å lure lenger, for der! To kvite klesposar blir brakt opp trappene.

Syerskene ber posane heilagt over hovuda sine. Asja leiar an. Dei har små sakser rundt halsen.

Inne bak scena kjem klesposane raskt av. Den korte, rosa kjolen blir tatt ut.

Han er ikkje ferdig!

Fram med saks, nål og tråd.

London Fashion Week - Aadnevik

Konsentrert jobbing på siste kjole av assisterande syersker.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

– Done? Scissors, seier Asja då det er knappe femten minutt igjen til showstart.

Syerskene klipper av alle lause trådar og den rosa kjolen kjem på modellen. Rett bortanfor heng den grøne kjolen som berre hadde vore ein idé på teiknebrettet dagen før, i full prakt.

– Eg er så glad, seier Hila til syerskene.

Dei lyser opp stolt.

– Syerskene gjorde ein fantastisk jobb. Dei pusha på til siste minutt, seier Kristian.

Ein sjampanje blir spretta, og eg kjenner at stemninga løyser seg litt opp.

Det er meir i vente, men for syerskene er jobben vel utført.

London Fashion Week - Aadnevik

Siste plagg på plass 15 minutt før start.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Syerskene beundrar verka sine og pustar letta ut. Ho som har sydd den siste kjolen, Zaneta, kan ikkje strekkje ut handflata etter alle timane med fingrane i syposisjon, men veit at ein handmassasje vil gjere susen. 26 år har ho vore i bransjen.

– When we are here, it's magic, seier Asja, sjefen for syerskene.

Dei siste timane i systudioet hadde ho nærmast gått på nåler. Syinga hadde vore så intens at ho hadde vore redd for å lage lyd.

Idet modellane er linja opp, alle med godkjent hår, sminke og kjole, står Hila Aadnevik og speidar ut ei sprekke i døra etter publikum.

– Er du glad no, spør eg.

– Not yet. When it's finished.

London Fashion Week - Aadnevik

Hila Aadnevik blir stille når showet startar. No er det ikkje meir å gjere, anna enn å håpe på magi.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Hårmannen Antonio, hans assistentar, modellane og Kristian beveger seg inn i tunnelen som leier ut mot scena.

Eg følgjer etter.

Kristian sjekkar dei siste detaljane.

– One model is missing, ropar han brått.

Dette er akkurat slik eg har sett for meg at dei siste minutta før eit moteshow er. Det er sjeldan vare å kome så tett på.

London Fashion Week - Aadnevik
Foto: JAVIER AURIS / NRK

Ansikta til modellane, som har tøysa seg imellom og tatt selfies heile ettermiddagen, får eit alvor over seg. No skal dei skape noko magisk. Ingen må falle.

Då dei har funne den siste modellen, seier Kristian:

– Er alle klare?

Ut av høgtalarane kjem lyden av eit tog i bevegelse.

Den første jenta går ut.

London Fashion Week - Aadnevik

Inst, der gullteppet skil publikum frå oss, står ein fokusert ung mann med asiatisk utsjånad. Hans ansvar er at modellane går ut i rett rekkjefølgje med musikken. Han speidar bekymra bakover i rekkjene. Antonio stiller seg opp med sprayen og børsten, som siste stasjon før modellane går ut. Det tar ei stund før eg oppdagar han, men gøymt aller inst står ein DJ med øyreklokker.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Ein mørk, industriell grungemusikk smyg seg etter kvart inn i toglydane.

Eg står rett bak jentene som skal ut i lyset. Det er litt forvirring om rekkjefølgja på dei, men Kristian ordnar opp. Framleis like roleg, dette har han gjort mange gongar før.

Musikken skiftar sakte over til ein russiskortodoks klagesong. Det er mektig.

London Fashion Week - Aadnevik

Modellane må skifte fleire gongar, og spring fram og tilbake i den smale tunnelen.

Foto: JAVIER AURIS / NRK

Ti minutt. Adrenalinen pumpar i kroppen.

Plutseleg er det over.

Var det verdt det?

Ansikta til Kristian og Hila Aadnevik seier alt idet dei går ut på scena for å ta imot applausen.

Tilbake i studioet ventar haugevis med bestillingar. Og om seks månader, eit nytt show. Men først skal Aadnevik-teamet ha to dagar fri.

London Fashion Week - Aadnevik

Kristian og Hila Aadnevik. Dei har skapt dette.

Foto: JAVIER AURIS / NRK
London Fashion Week - Aadnevik

Syerskene. Dei klarte det.

Foto: JAVIER AURIS / NRK