Hopp til innhold

Danskane spekulerer om «Skam»: Trur Sana, Even og koranen blir sentrale

«Skam»-spekulasjonar rasar verda over. I Danmark trur fansen det er ein samanheng mellom livet til Sana, Even og koranen.

Sana

HOVUDROLLE: Iman Meskini som speler Sana har fått hovudrolla i fjerde og siste sesong av «Skam».

Foto: NRK

– Dei mest populære spekulasjonane går på at det er ein samanheng mellom Sana og Even. Særleg fordi vi har høyrd at Even studerte koranen. Alt i alt gler vi oss sinnssjukt mykje, skriv Simon Falk til NRK.

Falk er administrator for Facebook-gruppa Kosegruppa.dk. I skrivande stund har fangruppa over 42.600 medlemmar. Falk seier at interessa for «Skam» i Danmark er sterkare enn nokon gong før.

Då traileren til fjerde og siste sesong kom på fredag tok det av i Kosegruppa.dk.

– Det eksploderte. I løpet av ein dag fekk vi 600 nye medlemmar. Reaksjonane på traileren var mange og veldig kjensleladde, skriv Falk.

Fans over heile verda

Sidan første episode hadde premiere i 2015 er «Skam» blitt ein av dei største suksessane i norsk TV-historie. Sjåarar over heile verda har følgd tenåringane i Oslo, og det er mellom anna planlagt ein amerikansk versjon.

I eit avskjedsbrev til fansen skriv serieskapar Julie Andem at «Skam» har den kulaste fanskaren i verda.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Serien har fått spalteplass i alt frå The New York Times til den kinesiske partiavisa Global Times. Det britiske politiske tidsskriftet New Statesman har snakka med fans frå heile verda.

I fjerde sesong vil skandinaviske fans kunne følgje serien i same tempo som i Norge, då NRK og plateselskapa er einige om å la klippa på P3s «Skam»-blogg vere opne i alle dei nordiske landa.

– Vi er svært nøgd med å få musikkbransjen i Norden med på dette, seier Kari Anne Lang-Ree, advokat for NRK.

Skamfest i Danmark

Brett med fiskekaker

NORSK TAPAS: I desember 2016 vart sesong tre av «Skam» feira i København med 700 fiskekaker.

Foto: Karina Gaardsted Henriques

Då siste episode av tredje sesong vart sendt før jul sørga danske fans med gravøl og hundrevis av fiskekaker. Sidan då har naboane i syd vore råka av «skamstinensar».

– Korleis kjem det til å bli i Danmark når siste episode er sendt?

– Eg trur det blir kjempestort. Vi kjem til å feire og sørgje saman, skriv Falk.

Truleg går det troll i dansken sine ord. Fleire «Skam»-festar er alt planlagt.

Aalborg Hovedbibliotek har invitert til lynkurs i norsk slang og dialekter, i tillegg til at deltakarane kan kose seg med norsk tapas, fiskekaker og potet.

Litt seinare i april slår kulturhuset Absalon i København til med ein «Alt Er Love»-fest. Fondet for dansk-norske samarbeid har planlagt ein «Skam»-fest 22. juni.

– Kva trur du kjem til å skje med interessa for Norge når «Skam» er over for godt?

– Det kjem til å henge litt igjen. No nyttar vi nokre norske ord når vi snakkar med andre «Skam»-fans, men det er mange unge som har byrja å nytte norske ord i daglegtalen, skriv Falk.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska