Kometane kjem.
Og nå har du høve til å ta ein grundig titt på dei.
Dei neste dagane kan nemleg kometen «Lemmon» truleg sjåast med berre auga.
– Kometar som er synlege med auga kan det gå opp til fleire år mellom kvar gong vi ser.
Det seier Knut Jørgen Røed Ødegaard, astrofysikar og formidlar av astronomi.
Han er, ikkje overraskande, den som har gjort NRK merksam på himmelfenomenet.
Knut Jørgen Røed Ødegaard er astrofysikar og ein kjent formidlar av astronomi.
Foto: NRKHan seier kometar er uføreseielege, men at lysstyrken nå er på grensa til at ho er synleg med berre auga, og at styrken fortset å auke.
Vil du prøva å få med deg kometen?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Kometen blei oppdaga i januar i 2025, på observatoriet Mount Lemmon i Arizona i USA
Sidan har kometen komme stadig nærare jorda.
Nærast jorda og lettast å sjå, vil den vera rundt den 21. oktober.
Etter å ha passert jorda, fortset den ferda si mot sola, før kometen snur og vender ut i verdsrommet igjen.
Kometen kjem tilbake igjen, og vil kanskje vere synleg frå jorda om rundt 1350 år.
Dette er altså ikkje eit scenario ein treng å frykte. «Lemmon» vil passere med ein trygg avstand på 90 millionar kilometer.
Dobbelt opp
Men det er ikkje berre «Lemmon» som vil fare forbi på nattehimmelen dei neste dagane.
Også kometen «Swan» er på veg forbi. Og det skjer omtrent samtidig som «Lemmon» passarar.
– At det kjem to samtidig, det er heilt unikt. Særleg når det skjer på omtrent same del av himmelen, seier Ødegård.
«Swan» er nærast jorda dagen før «Lemmon»
«Swan» lyser foreløpig ikkje sterkt nok til at ein kan sjå kometen med berre auga, men det trengst ikkje meir enn ein vanleg turkikkert for å sjå den.
Ødegård trur likevel også denne kometen kan bli lyssterk nok til at ein kan sjå den som ein liten «flekk med ein hale».
– Greitt å ha litt flaks med vêret
Og for å nettopp sjå kometane har Ødegaard nokre tips:
– Det er viktig å gå på ein mørkast mogleg stad, langt unna gatelykter og kunstig belysning. Og så er det greitt å ha litt flaks med vêret, sånn at det er klarast mogleg
Eit tips, er å la auga venne seg til nattelyset i 10 til 15 minutt, forklarer han.
Kometen er også lettast å sjå tidleg på natta og seint på natta. Det vil seie fram til rundt midnatt, og deretter frå 04 til 06.
Stjerna kan du sjå rett vest for Karlsvogna, fortel han.
Enda ein komet denne hausten
Men hausten har også meir å by på.
Kometen 3i/ATLAS vil også bli synleg med stjernekikkert utover hausten.
Denne kjem frå eit heilt anna solsystem. Det er derfor knytt stor spenning til observasjonar av kometen, og kva kometbesøket kan lære forskarar om andre planetsystem.