Hopp til innhold

Statens vegvesen etter brukollapsen på Tretten: – Vi har gjort feil

Ein ny rapport peiker på fleire alvorlege feil og feilvurderingar etter brukollapsen på Tretten.

Tretten bru drone -3

KOLLAPSA: 15. august 2022 kollapsa Tretten bru. Ein bil og ein lastebil vart ståande fast på den øydelagde brua.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Vi har gjort feil. Det skal ikkje skje igjen, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

  • Les meir om kva som skjedde den 15. august 2022, då den ti år gamle fagverksbrua i tre, Tretten bru, kollapsa.

Fredag la Statens vegvesen fram ein rapport om brukollapsen på Tretten i august 2022. Det er konsulentselskapet PwC som står bak rapporten.

– Eg tek ansvar for det som har skjedd. Men endå viktigare er det at eg tar ansvar for dagens situasjon og korleis vi rustar oss for framtida, seier vegdirektøren.

No sett dei i verk fleire tiltak for å følgje opp dei feil og manglane som kom fram.

Tretten bru drone -4

Fagverksbrua i tre var litt over ti år gammal då den kollapsa august 2022.

Foto: Frode Meskau / NRK

Gjer fleire tiltak

Mellom anna vil dei no gå gjennom organisering, roller, ansvar og regelverk når det gjeld kontroll og godkjenning av bruer.

Dei vil også gjennomføre ei kompetanseheving når det gjeld forvaltning og vedlikehald av trebruer.

– Oppfølginga har høgste prioritet, seier Hovland.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland seier Statens vegvesen har sett i verk fleire tiltak etter brukollapsen på Tretten. Bak ho står Stig Rune Johnsen, direktør i PwC.

Foto: Alexander Nordby

Brukte gamle reglar

Då Tretten bru vart planlagt, var det i ei overgangsperiode mellom gammalt og nytt regelverk.

Det var lov å bruke begge, og dei valde å bruke det gamle regelverket då dei bygde Tretten bru.

Ifølge VG har Vegvesenet sjølv innrømma at dei visste at brua ikkje kunne ha blitt bygd som planlagt om dei skulle lagt det nye regelverket til grunn.

PwC meiner bruken av gammalt regelverk gjorde at dei statiske utrekningane ikkje varetok minstekrava til dimensjoneringa av knutepunkta.

Om ein hadde bygd brua etter det nye regelverket, ville ikkje brua ha kollapsa, ifølgje rapporten.

Kritisk til manglande oppfølging

Det var Statens vegvesen som bygde brua, men Innlandet fylkeskommune har eigd og halde ved like brua sidan 2020.

Tretten bru var av same type som Perkolo bru ved Sjoa som kollapsa i 2016.

I etterkant av brukollapsen ved Sjoa, vart Tretten bru grundig undersøkt.

Det var då det vart tilrådd å forsterke knutepunkta på brua, utan at det vart gjort.

Rapporten som vart lagt fram fredag, er også kritiske til Vegvesenets oppfølging etter kollapsen av Perkolo bru i 2016.

I 2016 vart det funne store overskridingar på Tretten bru og Vegvesenet vart anbefalt å forsterke konstruksjonen fleire stader.

Deler fra Tretten bru beslaglagt av politiet.

Krimteknikarar frå politiet og folk frå Statens havarikommisjon gjekk nøye gjennom brudelane for å prøve å finne årsaka til brukollapsen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dei største overskridingane i Tretten bru var på 211 prosent, ifølge Stig Rune Johnsen i PwC.

I rapporten kjem det fram at Statens vegvesen ikkje hadde noko system for å følgje opp uavklarte risikoforhold.

– Det var ingen som tok ansvar for å avklare kva risikoen betydde, står det i rapporten.

PwC peiker også på at Vegvesenet mangla eit tilstrekkeleg system for bruforvaltning og for å fordele ansvaret for den vidare oppfølginga.

Tretten bru drone 5

Statens Havarikommisjon har konkludert med at den sannsynlege årsaka til brukollapsen på Tretten var blokkutdriving. I sin rapport frå august i fjor, kritiserer også dei Statens vegvesen.

Foto: Frode Meskau / NRK

Kven tek rekninga?

Det er anslått at brukollapsen kjem til å koste minst 300 millionar kroner. Men kven som tek rekninga er uvisst.

Statens vegvesen seier at dei tek det juridiske ansvaret, men når det kjem til det økonomiske, svarar vegdirektøren dette:

– Vi viser til departementet som har dei samtalene og direkte oppfølging ut mot fylkeskommunen i Innlandet, seier Hovland.

Les også Krever at staten betaler for Tretten bru

Tretten bru sett fra luften etter kollapsen

Forbyr bygging

Etter at brua over Gudbrandsdalslågen fall saman i 2022, stengde Statens vegvesen 14 trebruer av same type.

Fire av desse bruene er opna for vanleg trafikk igjen. Sju bruer er opne for redusert trafikk, medan tre framleis er stengt, ifølgje ei oversikt frå Statens vegvesen.

I august i fjor bestemte Statens vegvesen at dei forbyr bygging av slike bruer.

Les også Sliter fortsatt med smerter etter brukollapsen

Mari Slåen foran den nye brua som bygges opp på Tretten i Gudbrandsdalen.