Hopp til innhold

Insekt brukast i burger

Dersom fleire tyr til insekt som mat kan det vere bra for miljøet. På eit kjøkken på Raufoss har eit selskap utvikla ein insektburgar.

Sirissar

STORPRODUKSJON: Med storproduksjon av insekt er selskapet på Raufoss klar for å produsere lokalmat som insektburgar. Dei har alt selt steikte insekt, og insektmjøl.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

I nokre veker har Waranyata Rognstad i selskapet Urbanmat på Raufoss eksperimentert seg fram til ei heilt ny burgaroppskrift.

Waranyata Rognstad i Urbanmat har prøvd seg fram og har funne ei insektburgeroppskrift ho er nøgd med.

INSEKTMAT: Waranyata Rognstad med insektburgaren ho har laga. Mannen Thomas Rognstad dokumenterer.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me har prøvd mange oppskrifter. Eg har ikkje teljinga. Kanskje femti, seier ho.

For å finne fram til både smak og ingrediensar måtte ho og mannen, Thomas Rognstad, først sjekke marknaden. Dei kjøpte inn alle vegetarburgarar dei kunne finne i butikkane og smakte seg fram.

Insektburger

INSEKTBURGAR: Det ser ut som ein vanleg burgar, men denne inneheld sirissmjøl.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Når dei no lagar insektburgar er den utan kjøt, inneheld dei grønsakene dei synest smakar best, og i tillegg har dei hatt i mjøl av det grashoppeliknande insektet siriss.

– Målet vårt er å lage ein burgar med naturlege ingrediensar. Den liknar på ein burgar, men er ein miks av sirissar og grønsaker, seier Thomas Rognstad.

– Et du ein slik burgar får du både omega-3, omega-6, B12, meir jern enn om du skulle ete spinat, og du får kalsium. Du får alle dei gode tinga som du hadde fått dersom du hadde ete til dømes fisk, seier han.

Insektmjøl laga av sirissar

INSEKTMJØL: Insektburgarane inneheld mjøl laga av det grashoppeliknande insektet siriss. Før insekta blir mjøl blir dei reinsa, kokt, og tørka.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Lokalmat frå Toten

Sirissane i insektburgarane er kortreiste. Thomas og Waranyata Rognstad har hatt oppdrett av insekt i to år. Dei byrja med vaktel, og skulle ha mat til desse. Då dei importerte sirissar og mjølorm frå Danmark kom ideen om å produsere slikt til mat sjølv.

No har dei rundt ein million sirissar.

Insektproduksjon hos Urbanmat

MILLION: Thomas Rognstad i lokalet som her har rundt ein million sirissar i produksjon. Det er tusen til 1500 sirissar i kvar boks.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Dette er lokalmat frå Toten, seier Thomas Rognstad.

Ifølge Rognstad er det i Noreg berre to insektprodusentar som i dag produserer insekt til bruk i mat. Ein annan produserer insekt som skal brukast til fiskefôr.

Så langt har Urbanmat selt mjøl av sirissar eller av mjølorm. Dei har også selt steikte mjølormar og steikte sirissar, begge delar med forskjellige smakstilsetningar. Sjokolade med insekt kan dei også freiste med.

Siriss

SIRISS: Sirissar er eit grashoppeliknande insekt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Håper å redde verda litt

Insekt har tidlegare blitt kalla framtidas mat. Ifølge ein artikkel på forskning.no kan CO₂-utsleppa frå sirissar vere 75 prosent lågare enn frå kyllingar, vassforbruket kan vere berre halvparten, og insekta inneheld alle næringsstoff ein kan forlange av kjøt.

Sirissar

SIRISSAR: Paret Rognstad har drive med oppdrett av sirissar i to år.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– I dag står miljø på øvste hylle, så me håper me kan redde verda litt med insektburgar, seier Waranyata.

Thomas Rognstad trur likevel ikkje insekt åleine kan dekke proteinbehovet:

– Eg trur ikkje insekt skal løyse heile proteinkrisa me har i verda i dag, men eg trur det kan vere ein del av løysinga. Saman med tang og tare og anna som måtte dukke opp.

Satsar på butikksal

No har Waranyata og Thomas ein klar plan med insektburgaren.

Insektburger

RAUD: Insektburgaren er raud og kan likne kjøt, men inneheld mellom anna grønsaker, mjøl, egg, krydder, og sirissmjøl.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Å få selt den i butikkane, i Oslo i første omgang, seier Thomas.

Det ser ut til å skje snart. Thomas tar ein rask telefon, og plutseleg har han ein avtale.

– Eg tenkjer ingenting om kor stort dette skal bli. Me prøver å lage noko som er godt, og som er fornuftig å ete. Så tar me det derifrå, seier Thomas.

Dagleg leiar og deleigar Anders Petersen ved Røtter på St. Hanshaugen i Oslo

OPEN: Dagleg leiar og deleigar Anders Petersen ved Røtter på St. Hanshaugen i Oslo er open for å ha insektburgar i butikken. Han har alt insekt frå Toten-selskapet i sal.

Foto: Mathias Bache-Gabrielsen

Butikken som no vil prøve å selje insektburgar er Røtter på St. Hanshaugen i Oslo.

– Me prøver alltid å vere først ute med ny og interessant mat, og tilby det som kanskje er uvant for folk, viss me har tru på at det er sunt, seier dagleg leiar og deleigar Anders Petersen.

– Det er eit pluss viss det smakar godt, men me sel også mykje som ikkje smakar godt. Det går mykje på helsefokuset også.

Flere saker fra Innlandet