Drama på Fylkestinget: Utbrytar sørga for folkeavstemming om Innlandet

Erik S. Winther gjekk imot eiget parti på Fylkestinget, og blei dermed avgjerande for at innbyggarane nå får stemme om Hedmark og Oppland skal oppstå på ny.

Erik S. Winther

AVGJORDE: Winther annonserte i 2018 at han ville gjere comeback i politikken da Hedmark og Oppland blei slått saman til eit fylke. I dag sørga han for folkeavstemming.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

I slutten av oktober gav regjeringa grønt lys for fylkesopplysning. Troms og Finnmark gjekk raskt inn for skilsmisse.

No kan Innlandet gå same veg.

Eit knapt fleirtal meiner fylkeskommunen skal gjennomføre ein såkalla rådgivande folkeavstemming om oppløysing av Innlandet før et endeleg vedtak i februar neste år. 29 representantar stemte for folkeavstemming, mens 28 stemte imot.

NRK forklarer

Hva er en rådgivende folkeavstemning?

Folkeavstemminger kan gi økt tillitt

Lokale rådgivende folkeavstemninger kan brukes av kommuner for å få vite innbyggernes mening i ulike saker

Lang tradisjon for lokale og regionale avstemminger

Lokale folkeavstemninger har lang historie i Norge. Særlig spørsmål knyttet til språk og alkohol har tradisjonelt vært gjenstand for folkeavstemninger.

Må gjelde viktige tema

Saker som tas til lokal folkeavstemning må etter kommuneloven § 12-2 gjelde « kommunens eller fylkeskommunens virksomhet ». I det ligger at en lokal folkeavstemning må gjelde temaer som knyttes til forhold kommunen selv kan bestemme over eller har innflytelse på.

Kommunale folkeavstemminger kan ikke være bindende

Norske kommuner kan ikke gjennomføre bindende folkeavstemninger. Kommuner kan utforme og gjennomføre folkeavstemninger som de vil, men de vil uansett være rådgivende for kommunestyret.

Dramatisk avstemming

For 14 dagar sidan gjekk representantskapet i Innlandet Arbeidarparti inn for eit rungande nei til å løyse opp storfylket. Dermed trudde dei fleste det var spikaren i kista og at det ikkje var nokon sjanse for fleirtal for forslaget i dag.

Men slik blei det ikkje. Støtta kom frå uventa hold.

Arbeidarpartiets Erik S. Winther gjekk onsdag imot gruppa og stemte for folkeavstemming.

Oppland Hedmark

KAN GÅ TILBAKE TIL TO FYLKE: Hedmark og Oppland har i mange år vere både naboar og rivalar. I 2020 vart de samla i eitt fylke. Nå blir det folkeavstemming om oppløysing.

Illustrasjon: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Da partiets fylkestingsgruppe behandle saka i slutten av november var Winther den einaste som ikkje stemte for at Innlandet skal bestå.

Blei kasta ut av møtet

– Eg stemte for i dag fordi dette berre er ei rettleiande sak. Vi må tørre å høyre kva befolkninga meiner, seier Winther.

Som følge av å ha gått imot gruppa, vart Winther kasta ut frå gruppemøtet i etterkant av avstemminga.

– Møteleiar bad meg gå. Dei måtte diskutere ein annan strategi. Eg veit ikkje kva dei skal diskutere utan meg på laget.

Erik s Winther

UTVIST: Erik S. Winther fekk ikkje vere med vidare på gruppemøtet etter å ha stemt for folkeavstemming.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Det er ein naturleg reaksjon å bli vist ut av møtet når ein i partiet frontar eit anna syn, meiner fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap).

– Eg synas det er dårleg stil å komme hit utan å ha meldt for oss at han skal bryte med representatsvedtaket. Vi skal ta det til etterretning, seier han.

Hagen vil ikkje kommentere om det vil føre til eksklusjon.

Fylkesordfører

IKKJE FORNØGD: Fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap) var lite fornøgd med at Winther braut med partiet.

Foto: Anders Bakkerud / NRK

– Eg forventar at partiet tar tak i dette og tar stilling til korleis det skal handterast vidare. Men det er ikkje på mitt bord å handtere vidare, seier Hagen.

Arbeidd hardt for oppløysing

Fylkesvaraordførar i Innlandet, Aud Hove (Sp), var spent før avstemminga. Ho var klar over at det kunne komme til å bli berre ei stemme som ville avgjere

Fylkesvaraordfører Aud Hove utenfor fylkeshuset på Hamar

FOR FOLKEAVSTEMMING: Aud Hove, fylkesvaraordførar i Innlandet, seier Senterpartiet framleis har et håp om at Innlandet skal bli oppløyst.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Det som samlar oss som parti er at vi ønsker folkeavstemming. Eg håpar verkeleg vi få til et fleirtal, sa Hove.

Som i mange av dei andre fylka som vart samanslått som ein del av regjeringa Solbergs kommune- og regionsreform i 2019 og 2020, var det store usemjer i Hedmark og Oppland då dei to fylka blei samla til Innlandet 1. januar 2020.

Både Senterpartiet og Ap som nå sit med makta saman i fylkestinget var imot det nye fylket.

Senterpartiet har arbeidd knallhardt for ei oppløysing, og har fremma ei folkeavstemming. MDG, Raudt, SV, Pensjonistpartiet og Frp hadde alle signalisert støtte til forslaget.