Hopp til innhold

Vart svindla for 340.000 kroner: får medhald i Finansklagenemnda

Lillian Jensen (74) vart «olgasvindla» for 340.000 kroner. No har Finansklagenemnda gjeve ho medhald, men ho torer ikkje å juble endå.

Lillian Jensen vart Olga-svindla

SVINDLA: Svindlarane ringde og sende meldingar til Lillian Jensen frå Sparebank 1 sitt nummer.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

– Eg torer ikkje å sleppe gleda laus endå, seier Lillian Jensen.

Tidlegare i år vart ho utsett for så kalla «Olgasvindel». Svindlarane kopierte telefonnummeret til banken hennar, og gav seg ut for vere frå banken.

Svindlarane tok ut 340.000 kroner frå kontoen til Jensen.

– Eg vart sjokkert. Eg fekk panikk. Det var heilt vilt i hovudet mitt, fortalde Jensen til NRK då.

Nekta å erstatte

Jensen politimelde saka og sende inn ei skriftleg klage til banken.

Ei mann er sikta for svindelen mot Jensen, men banken nekta å erstatte det tapte.

Dei sende saka vidare til Finansklagenemnda for ei uavhengig vurdering.

«Nemnda har gjeve deg heilt eller delvis medhald i saka», står det i avgjersla frå klagenemnda.

Likevel er det for tidleg for Jensen å sleppe gleda laus.

– Banken kan velje å ikkje akseptere det, så eg torer ikkje tru på det endå.

Nemnda var ueinige

Nemnda delte seg i eit fleirtal på tre personar og eit mindretal på to personar.

Fleirtalet meiner at Jensen ikkje kan straffast for manglande kjennskap til forbodet mot å røpe eingongskoder og passord frå banken.

Samstundes var dei einige i at ho har vore aktlaus når ho ikkje beskytta dei personlege sikkerheitskodane.

Mindretalet meiner at Jensen har opptredd forsettleg i saka, og at ho ikkje kan vere uskuldig i saka. Dei meiner at ho må bere tapet.

Konklusjonen frå Finansklagenemnda er at Jensen må betale ein eigendel på 12.000 kroner.

Banken har 21 dagar på å gje eit skriftleg varsel dersom dei ikkje godtek nemndas avgjersle.

Meinte Jensen måtte bere tapet

– Vi konstaterer at nemnda har delt seg i to og at fleirtalet ikkje deler bankens vurdering av ansvarsspørsmålet, skriv Siv Stenseth i Sparebank 1 til NRK.

Siv Stenseth

SKAL VURDERE RÅDA: – No skal juridisk avdeling i Sparebank 1 bruke tid på å sette seg inn i og vurdere nemndas utsegn innan fristen, seier Siv Stenseth i Sparebank 1.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Banken meinte at Jensen med meining ikkje har følgt sine plikter etter ulike avtaler i banken.

– Å dele sikkerheitsopplysningar med nokon på telefon utgjer eit forsettleg brot på kunden sine plikter, skriv banken i si klage.

Banken meinte difor at Jensen måtte bere heile tapet.

No skal juridisk avdeling i Sparebank 1 bruke tid på å sette seg inn i og vurdere nemndas utsegn innan fristen.

Forventar at banken følgjer rådet

Niesa til Jensen, Marit Amundsen er meir positiv enn Jensen sjølv til tilbakemeldinga frå Finansklagenemnda.

– Eg er kjempeglad for at dei har skjønt at ho har blitt svindla. Ho har handla i god tru heile vegen, og etter mitt syn har ho ikkje handla etter det banken meiner er forsettleg, seier Amundsen.

Ho forventar at Sparebank 1 Østlandet følgjer avgjersla frå nemnda.

– Dersom dei nektar å følgje rådet, bør alle kundane til Sparebank 1 bytte bank.

Lillian Jensen vart Olga-svindla. Niese Marit Amundsen hjelper.

MÅ HJELPE TIL: Niesa til Lillian Jensen, meiner banken burde sikre seg betre mot slike svindelåtak, og at banken bør vere meir til hjelp når ulukka er ute.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Meiner banken skulle hjelpt meir

Jensen fekk hjelp av niesa si med å melde saka til politiet og ordne opp. Amundsen er skremt over kor enkelt svindlarar kan kopiere telefonnummeret til banken.

Ho trur mange eldre ikkje ville greidd å rydde opp i dette sjølv.

– Det er ikkje sikkert alle har pårørande som kan hjelpe dei. Eg meiner banken bør ha eit team som kan hjelpe gamle folk. Det er eit traume å bli fråstolen så mykje pengar, seier niesa.

Den fyrste saka av denne type svindel

Harald Sverdrup

KAN SKAPE PRESEDENS: Administrerande direktør i Finansklagenemnda, Harald Sverdrup, seier saka til Lillian Jensen kan bli retningsgjevande for liknande saker.

Foto: Andreas de Brito Jonassen / NRK

Jensen si sak er den fyrste av denne type svindel som blir behandla i Finansklagenemnda.

Administrerande direktør i Finansklagenemnda, Harald Sverdrup, seier saka til Jensen kan skape presedens for liknande saker.

– Dersom den hamnar i nemnda vil den gjere ein vurdering som vil vere retningsgjevande for Finansklagenemnda vidare, så må ein sjå om bransjen følgjer etter, sa Sverdrup i NRK i juni.