Hopp til innhold

Lillian vart svindla for over 300.000 – må pantsette huset

BRUMUNDDAL (NRK): «Olga-svindlarane» lurte 74-åringen trill rundt. Ho meiner banken burde hjelpt henne meir.

Lillian Jensen vart Olga-svindla

SVINDLA: Svindlarane ringde og sende meldingar til 74-åringen frå Sparebank 1 sitt nummer.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Lillian Jensen (74) skulle sjekke noko heilt anna i nettbanken, då ho såg at sparekontoen mangla 90.000 kroner. Ho ringde banken for å spørje om dette.

«Eg håpar du sit godt», sa dei. Og fortalde henne at det også var teke ut 250.000 frå flexilånet hennar.

– Eg vart sjokkert. Eg fekk panikk. Det var heilt vilt i hovudet mitt, fortel Jensen.

– Var lett å bli lurt

Nokre dagar tidlegare hadde 74-åringen blitt ringt frå banken sitt telefonnummer. Han i andre enden sa han var frå Sparebank 1. Svindlaren fortalde henne at ho hadde fått innvilga lånet sitt på 150.000 kroner.

Jensen vart overraska sidan ho ikkje hadde søkt om noko lån. Bankmannen svarte at dei skulle hjelpe henne å rydde opp i denne «misforståinga».

Lillian Jensen vart Olga-svindla

TRUDDE DEI: Jensen fortel at svindlarane var veldig truverdige, og det ringde ingen bjøller hos henne då dei bad om opplysningar.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Dei trengde berre koda frå bankbrikka hennar og kortnummeret.

– Eg vart så fascinert og lurt av denne mannen. Vi vart så fortrulege at naboen, som høyrde samtala, trudde vi var kjenningar, fortel Jensen.

Pengane er truleg tapt

Denne metoden der svindlarane lurer folk til å gi frå seg personleg info, er blitt veldig vanleg, ifølge Forbrukarrådet. Og forbrukaren er dårleg stilt i desse sakene.

– Ein held gjerne offeret ansvarleg for deler av beløpet, og i visse fall heile fordi dei har gitt vekk informasjon, fortel Jorge Jensen i Forbrukarrådet.

Jorge Jensen

VANSKELEG FOR OFFERET: Fagdirektør, Jorge Jensen i Forbrukarrådet seier at bankar aldri ber om pinkodar. Opplever du at nokon ber om det må du legge på røret og ringe til banken din sjølv.

Foto: Forbrukerrådet

Det er eldre kvinner med vanlege namn som Gerd, Anne og Olga, som ofte blir utsett for «Olga-svindel». Førre veke skreiv NRK om ti eldre personar i Nord-Noreg som var svindla for til saman 1,5 millionar kroner.

Jorge Jensen seier det finst saker der ein finn svindlaren og får tiltala dei, men at offeret likevel har skulda når dei er blitt lurte.

Politiet i Lillian Jensen si sak seier dei har fleire spor og gå etter for å finne svindlarane. Men pengane er truleg tapte.

– Eg må setje huset mitt i pant. Eg har ikkje noko anna val. Eg veit ikkje korleis eg skal klare dette, for eg har berre minstepensjon, seier ho med tårer i auga.

Meiner banken skulle hjelpt meir

Jensen har fått hjelp av niesa si, Marit Amundsen, til å melde saka til politiet og ordne opp.

Ho er skremt over kor enkelt svindlarane kunne kopiere telefonnummeret til banken, og meiner dei burde sikra seg betre.

– Eg er sjokkert over at dei ikkje har oppretta betre rutinar, seier Amundsen.

Lillian Jensen vart Olga-svindla. Niese Marit Amundsen hjelper.

SJOKKERT: Marit Amundsen synest det er altfor dårleg at banken ikkje har rutinar slik at ikkje dette kan skje.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Då ulukka var ute sa banken at Jensen måtte politimelde det og sende inn ei skriftleg klage til banken, blant anna. Politiet bad henne skaffe bevis frå banken.

Amundsen trur mange eldre ikkje ville greidd dette sjølv.

– Det er ikkje sikkert alle har pårørande som kan hjelpe dei. Eg meiner banken bør ha eit team som kan hjelpe gamle folk. Det er eit traume å bli fråstolen så mykje pengar, seier niesa.

Prioriterer slike saker

Siv Stenseth i Sparebank 1 seier dei har følgt rutinane sine.

– Vi har gjort alt vi kan i denne saka. Dette er saker som har høg prioritet hos oss. Det er ein avansert form for svindel og høge beløp som forsvinn, seier Stenseth.

Ho fortel at dei ikkje får gjort noko med at svindlarane kopierer telefonnummeret deira. Og håpar teleselskapa greier å finne ei løysing for å få stoppa dette.

Siv Stenseth

KREVJANDE: Siv Stenseth i banken seier det er vanskeleg å finne igjen pengane. Dei vurderer frå sak til sak kva dei skal gjere med tanke på erstatning til kunden som er svindla.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Når det kjem ei «svindelbølge», prøver dei å få ut informasjon om det til kundane i alle kanalar og ber folk melde frå om det til sine eldre.

– Kundar må vite at banken spør aldri om pinkodar, bank-id eller innloggingsinformasjon. Du må aldri gi frå deg den informasjonen til andre, seier Siv Stenseth.