Hopp til innhold

Silvija Seres nytt styremedlem i NRK

Kulturdepartementet har oppnemnt Silvija Seres som nytt styremedlem i NRK.

Silvija Seres, nestleiar i Norsk Tipping

Silvija Seres er nytt styremedlem i NRK.

- Seres har omfattande leiarskaps- og styreerfaring frå ulike teknologi- og mediebedrifter. Ho vil styrkje kompetansen i styret på teknologi og nye medier, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.

Seres erstattar Ellen Inga O. Hætta som har vore styremedlem i NRK dei siste to åra. Dei øvrige sitjande styremedlemmene i NRK-styret er gjenvalt for ein ny toårs-periode.

Forretningskvinna Silvija Seres har tidligare blant anna vore nestleiar i styret til Norsk Tipping.

Dette er NRK-styret

Styret for NRK for perioden 8. juni og fram til generalforsamling i 2018 er slik:

  • Birger Magnus, styreleiar
  • Gunvor Ulstein, nestleiar
  • Geir Bergkastet
  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
  • Silvija Seres
  • Varamedlem: Cato Hellesjø
  • Varamedlem: Silje Aspholm Hole

Ansatterepresentantar:

  • Lars Toverud, styremedlem med Monica White Martinsen som 1. vara (NJ).
  • May-Britt Bøhn, styremedlem med Therese Heyerdahl som 1. vara (TF).
  • Per Ravnaas, styremedlem med Ingvild Fagerheim Fjereide som 1. vara (NTL NRK).

Sekretær: NRK-direktør Olav Nyhus er styret sin sekretær.

Les meir: NRKs eigar og styre