Hopp til innhold

Valvinnarar får mindre makt – Søviknes vil ha sperregrense i lokalval

For fire år sidan representerte åtte av ti ordførar i Hordaland det største partiet i sin kommune. Snart kjem berre halvparten frå «valvinnaren». – Udemokratisk, seier avtroppande ordførar Terje Søviknes.

Siv Jensen og Terje Søviknes på valgkampåpning for Frp på Os

VALKAMP: Nestleiar i i Frp og Os-ordførar Terje Søviknes starta valkampen i heimkommunen saman med Frp-leiar Siv Jensen. Sjølv om partiet fekk ein tredel av stemmene, blei Frp-rekka i ordførarstolen broten.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

For femte gong på rad forsøkte nestleiar i Frp og tidlegare statsråd Terje Søviknes å få ordførarvervet.

Men når kommunane Os og Fusa blir slått saman til Bjørnafjorden frå 2020, blir det utan Søviknes bak rattet.

Det til trass for at Framstegspartiet fekk 31,9 prosent av stemmene.

– For veljarane står det nok til tider fram som udemokratisk at ein skvisar dei største partia. Det skjer ikkje berre i Bjørnafjorden, men i mange kommunar rundt om i landet, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.

Dei store mister makta

NRK har samanlikna mandatfordelinga i alle norske kommunar med kva parti som får ordførarvervet. Ein gjennomgang av dei to siste lokalvala i Hordaland, viser at partia som får flest stemmer i mindre grad får makt etter at politikarane har forhandla ferdig på bakrommet.

I 2015 fekk det største partiet i dei 33 kommunane i Hordaland ordførarvervet i 27 – eller åtti prosent – av tilfella.

Når forhandlingane etter årets val nærmar seg slutten, er fasiten at partia som fekk flest stemmer får mindre makt.

Av 25 kommunar er det berre i Askøy, Bergen og Vaksdal ordførarspørsmålet er uavklara. I Bergen tyder alt på at partiet som fekk flest stemmer, Høgre, ikkje får makt.

I 10 av 23 kommunar går ikkje ordførarvervet til det største partiet. Dermed er det «berre» i 13 kommunar – eller 56 prosent – at partiet som fekk størst oppslutnad faktisk får det fremste vervet.

– Viss veljarane opplever at det ikkje betyr noko å stemma, er det ein fare for at valdeltakinga også blir lågare, fryktar Søviknes.

Terje Søviknes NRK-debatt Bjørnafjorden

DEBATT: Påtroppande Bjørnafjorden-ordførar Trine Lindborg (Ap) og Terje Søviknes fotografert i samband med NRK sin valdebatt på Osøyro i august.

Foto: NRK

Oppgang på landsbasis

Men der utviklinga går mot mindre makt til dei største partia i Hordaland, står utvikling i ro på landsbasis.

Når ordførarspørsmålet i 282 av 356 kommunar er avgjort, sit det største partiet med ordføraren i 75 prosent av tilfella.

Det er faktisk ein svak oppgang frå 2015-valet, der talet låg på 71,5 prosent.

Men likevel er det over heile landet døme på uvanlege konstellasjonar, påpeikar Nils Aarsæther, statsvitar og seniorforskar ved Norce research i Tromsø.

I fem kommunar skal til dømes Arbeidarpartiet og Framstegspartiet dela ordførar og varaordførar-verva mellom seg i den neste perioden.

– For nokre år sidan stegla folk fordi ein i Sandnes inngjekk eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet. Om det ikkje akkurat er blitt normalt, så ser me at dette samarbeidet gjentar seg i fleire kommunar. Dette valet er litt spesielt, det er heilt uvanlege konstellasjonar som oppstår, seier Aarsæther, som forskar på lokalt demokrati.

Nils Aarsæther

FORSKAR PÅ LOKALDEMOKRATI: Statsvitar og seniorforskar Nils Aarsæther ved Norce research i Tromsø meiner årets lokalval er spesielt på fleire måtar.

Foto: Petter Strøm / NRK

Trekk fram to årsaker

Han meiner ein breiare partiflora og stadig mindre skilnader mellom partia gjer at partia no kan samarbeida i langt større grad enn det som historisk har vore akseptert.

– Skiljelinjene er blitt meir avdempa. Høgresida blitt mindre pågåande når det gjeld privatisering av kommunale tenester, noko som har trekt dei langt nærare det politiske sentrumet. Medan Ap på si side sprikar i alle retningar.

Mange av dei sterke tradisjonane står for fall, trur han.

– Ofte er det tradisjon i mange kommunar, ein politisk kultur bygd rundt dei store ordførar-partia, at høg oppslutnad skal gi dei store ordførarmakta. Men det er ingen garanti for det lenger. Slik det er bygd opp no, med relativt små politiske skilnader mellom partia, så kan alt skje.

– På tide med ein politisk diskusjon

I Bjørnafjorden mangla Søviknes berre eitt mandat for å sikra makta i ein ny periode. Nestleiaren i Frp meiner den norske valordninga må under lupa. Han fryktar færre vil stemma ved neste val.

– Det er grunn til at ein tar ein diskusjon om dette politisk, for å sjå om me med ei slik utvikling bidrar til å svekka interessa for lokalval. Me ynskjer oss høgast mogleg deltaking, og då må veljarane oppleva at det er ei rettferd i fordelinga av dei viktigaste posisjonane etter at dei har sagt sitt.

– Kanskje burde ein også vurdera å ha ei sperregrense i kommune- og fylkestingsval, for å sikra at ikkje dei aller minste partia får så stor innverknad som dei gjer no.

Aarsæther er på si side ikkje bekymra.

– Eg trur ikkje det er ein god idé. Me må tillata oss å eksperimentera med lokalvalet. Er du i ein vippeposisjon, får du uforholdsmessig mykje makt. Det er ein defekt som er uråd å komma unna. Dessutan ser me også at valdeltakinga dette året har gått opp, etter å ha vore dalande i lang tid. Det er bra for demokratiet.