Hopp til innhold
Kven vert den første fylkesordføraren i Vestland? Vert det maktskifte i Bergen? Kva skjer når folk i Alver, Bjørnafjorden, nye Voss, nye Ullensvang og nye Øygarden skal bestemma kven som skal styra dei nye kommunane? Følg den høgdramatiske valnatta med oss i NRK Hordaland og få valresultata og analysene så snart stemmene er talt opp i dei 25 kommunane i Hordaland. Programleiar: Øyvor Bakke. Kommentator: Sølve Rydland.

Val 2019 i Hordaland

Søk i valresultata

  • Mikal Leigland blir varaordførar

    Senterpartiets Mikal Leigland blir varaordførar i Bjørnafjorden kommune etter at fyrstekandidat Harald Lekven trakk seg førre veke, skriv Os & Fusaposten. Lekven melde seg ut av partiet etter å ha blitt kritisert for bruk av sørstatflagget.

  • Nærmar seg ei løysing på Askøy

    Dei seks partia som forhandlar om makta på Askøy har no eit utkast til avtale klar. Forhandlingsleiar Yngve Fosse (H) seier til NRK at dei har eit forslag til korleis posisjonar skal fordelast. Der får Høgre ordføraren og Frp varaordføraren. Partigruppene må kome med tilbakemeldingar innan fredag klokka 18.

  • Ap får ordføraren i Sveio

    Etter at Monica Valen (Sp) trudde ho skulle bli ordførar, men to utmelde Høgre-representantar sette ein stoppar for det, er den politiske situasjonen i Sveio no avklart. Frp og Ap får med seg dei to eks-Høgre-politikarane, og er einige om eit valteknisk samarbeid som gjer Linn Therese Erve (Ap, biletet) til ordførar. Det kjem fram av ei pressemelding, ifølge lokalavisa Vestavind. Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) blir varaordførar. – Det kjennes godt at det endeleg er på plass, etter at vi fekk størst oppslutnad i valet (28,4 prosent) og eg fekk flest personstemmer, seier Erve til NRK.

    Linn Therese Erve
    Foto: Privat

Partioppslutning i Vestland

20,4 %
63322 røyster
17,9 %
55616 røyster
15,7 %
48877 røyster
9,1 %
28236 røyster
8,6 %
26686 røyster
7,1 %
22181 røyster
6,4 %
19752 røyster
4,9 %
15179 røyster
3,5 %
11022 røyster
3,4 %
10656 røyster
1,1 %
3485 røyster
0,8 %
2585 røyster
0,3 %
830 røyster
0,3 %
786 røyster
0,2 %
599 røyster
0,2 %
597 røyster
0,1 %
233 røyster

Fylkestinget i Vestland

Slik vert dei 65 plassane i fylkes­tinget fordelte mellom partia:

Grafikk som illustrerer samansetninga i kommunestyret med prikkar. Kvar prikk representerer eit mandat.

Plassen det var tøffast kamp om i Vestland

Senterpartiet var veldig nær å vinne eit mandat frå Arbeidarpartiet.