Frp visste om bemanningsproblem på prestisjesenter

Os-ordførar Terje Søviknes seier han ikkje kjende omfanget av problema på eldresenteret Luranetunet. Men bemanning og moglege hastetiltak var allereie i fjor haust tema i politiske møte.

Siv Jensen og Terje Søviknes på valgkampåpning for Frp på Os

UTSTILLING: Framstegspartiet la valkampopninga til Os. Søviknes har tidlegare kalla omsorgssenteret Luranetunet «ein juvel for våre eldre».

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

I Framstegspartiets utstillingsvindauge Os er Luranetunet bu- og behandlingssenter, med mellom anna sin eigen tropehage, eit av resultata partiet gjerne viser fram. Sist då Frp opna valkampen i Os og tok med heile pressekorpset dit.

Denne veka gjekk tilsette ved senteret ut i Klassekampen og fortalde om sprekkar i glansbiletet. Om pasientar som døyr åleine, feilmedisinering og kald middag.

– Nei, det var ukjend for meg at dei hadde problem og utfordringar av eit slikt omfang. Dette er ikkje ei sak som er kome opp politisk, sa Terje Søviknes til Os & Fusaposten.

Oppe i utvalsmøte

Tone Hepsøe sit kommunestyret i Os og representerer Arbeidarpartiet i personalutvalet i kommunen.

Ho seier ho blei kontakta av tillitsvalde ved Luranetunet i fjor sommar, som var uroa for bemanninga på eldresenteret. Dei fortalde også om eit dårleg samarbeidsklima mellom leiinga og dei tillitsvalde.

– Det følte at dei ikkje blei høyrt og tatt på alvor når dei sa at det var for dårleg bemanning.

Hepsøe kontakta så Laila Reiertsen (Frp) som leier personalutvalet i Os kommune, og bad ho kalle inn ein tillitsvald frå sjukepleiarforbundet til eit utvalsmøte.

Møtet skjedde 18. desember. Der blei for låg bemanning på Luranetunet tatt opp.

Også i september blei bemanning tema, syner referatet frå personalutvalet. Då var styraren på Luranetunet, Aud Winsents, til stades. Ho var der for å informere «om status og rekrutteringsutfordringar innanfor eining pleie og omsorg», blant anna på Lurantunet.

Luranetunet Frp valgkampåpning

TROPEHAGE: Luranetunet bu- og behandlingssenter blei vist fram då Framstegspartiet opna valkampen i Os.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Bad om strakstiltak

På møtet 18. desember stod «Heiltidskultur» på sakslista. Under denne saka seier Hepsøe at dei diskuterte situasjonen på Luranetunet spesielt.

Norsk Sykepleierforbund (NSF) møter til vanleg ikkje i utvalet, men blei etter at Hepsøe tok kontakt med utvalsleiar Reinertsen, kalla inn for å fortelje om deira syn på situasjonen på Luranetunet, ifølgje Hepsøe.

NSF-representant på møtet, Tone Gry Lyssand, stadfester i ein SMS til NRK at for lite bemanning på Luranetunet var tema.

– Det blei sagt at folk var slitne og ikkje orka gå i 100 prosentstillingar fordi det er så tøft å jobbe der, seier Hepsøe.

Utvalet vedtok så at ein skulle sjå nærare på saka. Ifølgje Hepsøe var det fordi det var eit for stort sprik i det tillitsvalde hadde fortald og det leiinga fortalde om arbeidsforholda på eldresenteret.

I referatet står det:

«Utvalet ber om ei sak som gjeld Luranetunet med oversikt over heiltid, deltid, sjukefråvær, kompetanseutvikling m.m. Dei tillitsvalde sitt syn må koma fram. Gjerne med strakstiltak.»

Laila Marie Reiertsen

INFORMERTE IKKJE: Utvalsleiar Laila Reiertsen seier bemanning på Luranetunet var tema i utvalet i fjor haust, men at det då handla om nattevaktordninga.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Sjukepleiarforbundet var der i samband med nattevaktordninga på Luranetunet. Dei tilsette var ikkje nøgd med korleis den var organisert og med bemanninga på natt, seier Laila Reiertsen (Frp).

Ho seier det er vanleg at dei ber om oversikt over blant anna heiltid og sjukefråvær, og at det ikkje kom fram på møta at bemanninga på dag var så dårleg som tilsette no hevdar.

Reiertsen meiner det blir feil av Hepsøe å blande saman saka i utvalet med kritikken som no har kome fram.

– Då koker ho i lag ting.

– Kjende ikkje til omfanget

I januar sende ein av dei tilsette eit brev til leiinga der ho varsla om konsekvensar av dårleg bemanning.

– Slik skal ikkje eldreomsorga i Os vere. Eg har ikkje sett desse breva før dei blei lest opp for meg i går. Då varsla eg administrasjonen ved rådmann og kommunalsjef ved helse og omsorg, sa Søviknes til NRK onsdag.

Søviknes seier han og utvalsleiaren jamleg diskuterer bemanning i omsorgssektoren, men held fast på at han ikkje visst om den konkrete saka og brevet før han fekk telefon frå Klassekampen.

Rådmannen i Os, Christian Fotland, stadfestar også til Os & Fusaposten at politikarar ikkje blei informert om brevet.

– Eg skulle gjerne sett at administrasjonen gav meg ein «heads up» då slik at vi kunne gått inn i det tidlegare, seier Søviknes.

– Burde ha visst

Men uavhengig av dette brevet, meiner Ap Søviknes burde visst og tatt på alvor at situasjonen var alvorleg, når det hadde vore tema i personalutvalet der Frp har leiaren.

– Han burde kjenne til det, og han bør ha eit samarbeid med sine utvalsleiarar og med administrasjonen som gjer at han veit om desse sakene, seier Tone Hepsøe (Ap).

Om Søviknes ikkje visste om problema, meiner Hepsøe at det beviser at informasjon ikkje blir delt slik den skal i Os kommune.

– Dette er eit politisk oppdemd utval, og om informasjonen ikkje kjem vidare til Terje frå rådmannen eller hans politiske representant i utvalet, då har dei tilsette fått bevist at dei ikkje når fram.

Laila Reiertsen seier ho ikkje såg nokon grunn til å informere partiet eller Søviknes om det som kom fram i utvalet då.

– Temaet der var nattevaktordninga. Vi lytta til partane i saka, og så høyrde eg ikkje meir etter det. Så då rekna eg med at det hadde ordna seg.

Burde du ha informert Søviknes og partiet?

– Nei. Nattevaktordninga som vi diskuterte då hadde ikkje noko med saka som har kome opp no å gjere.

Siv Jensen og Terje Søviknes under valgkampåpningen 2019

OMFANGET: Søviknes seier han kjenner til at nattevaktordninga blei diskutert, men at innhaldet i brevet frå dei tilsette er nytt for han. Her med partileiar Siv Jensen under valkampopninga i Os.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Meiner «alle» kjende til bemanninga

I juni i år, vel to månader før tilsette sto fram i Klassekampen, føreslo Arbeidarpartiet dessutan i formannskapet fire fleire lærlingplassar til Luranetunet.

Frp og Søviknes stemde imot, og ville heller ha ein gjennomgang av lærlingesituasjonen.

Hepsøe meiner dette møtet og møte i personalutvalet er døme på at «alle» kjende til at det var behov for meir bemanning på Luranetunet.

– Vi er klare for å auke bemanninga om ein no kjem fram til at det er naudsynt, vi. Arbeidarpartiet har ikkje lagt inn noko auke på bemanning til Lurantunet i sine budsjett dei siste fire åra, svarar Søviknes.