NRK Meny
Normal

Startar gransking etter nok ein Statoil-lekkasje

– Det er såpass alvorleg at me vil koma til botns i kva som skjedde, seier Petroleumstilsynet om lekkasjen på Noregs største raffineri.

Fakling på Mongstad

GRANSKING: Både politiet, Petroleumstilsynet og Statoil si eiga interngransking etterforskar no lekkasjen på Mongstad.

Foto: Christian Lura / NRK

Torsdag reiser representantar frå Petroleumstilsynet (Ptil) til Mongstad for å gjera ytterlegare undersøkingar etter at ukjende mengder av det flytande stoffet nafta lekte ut frå ei pumpe i bensinproduksjonen ved anlegget tysdag.

Avgjerda blei teken onsdag morgon.

– Basert på opplysingar me har fått så langt, har me vurdert at dette er ei hending som krev at me går djupare inn i saka, seier pressevakt Øyvind Midttun.

Rasmus Wille, admin. dir. Statoil Mongstad

DIREKTØR: Administrerande direktør Rasmus Wille ved Statoil Mongstad.

Foto: Christian Lura / NRK

Kjenner ikkje til omfanget

108 tilsette blei evakuert frå anlegget og produksjonen blei stansa då ukjende mengder av det svært brann- og eksplosjonsfarlege nafta stoffet lekte frå ei pumpe.

Alle naudetatane rykte ut til det som først blei omtala som ein større lekkasje. Timar seinare var lekkasjen isolert og faren over.

Det er framleis uvisst kor store mengder av stoffet som lekte ut, men politiet har uttala at det deler av lekkasjen blei fanga opp i kummar.

Lekkasje på Mongstad

EVAKUERING: 109 tilsette blei evakuert frå bensinproduksjonsanlegget ved oljeraffineriet tysdag morgon. Ingen blei skadd.

Foto: Christian Lura / NRK

Tilsynet er forsiktig med å fortelja kva informasjon som gjer at dei no har valt å opna gransking.

– Me vil bruka ein god del ressursar på å finna ut kva som har skjedd, kvifor det har skjedd og korleis me kan hindra at det skjer igjen.

I ei pressemelding skriv Petroleumstilsynet at målet er å klarleggja kva som har skjedd og «identifisere utløsende og bakenforliggende årsaker for å bidra til læring og erfaringsoverføring.».

Tre partar granskar

Administrerande direktør Rasmus Wille i Statoil Mongstad er orientert om at Ptil kjem til anlegget torsdag. Han har onsdag ikkje nye opplysingar om kor omfattande utsleppet var eller kva som var årsaka til lekkasjen.

– Det vil ta noko tid før materialtekniske undersøkingar og målingar kan seia noko om årsaka, seier Wille.

Statoil har rutinemessig starta si eiga interngransking etter den uønskte episoden. Politiet har òg opna etterforsking etter episoden.

Fekk krass kritikk i fjor

Talet på granskingar varierer frå år til år. I 2015 sette Petroleumstilsynet i verk ti granskingar. I 2016 var talet åtte.

Øyvind Midttun

GRANSKAR: Pressevakt Øyvind Midttun i Petroleumstilsynet opplyser at

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Det er under eitt år sidan Statoil Mongstad sist blei granska. Då blei 600 tilsette evakuert etter at det oppstod ein hydrogenlekkasje i ei pumpe. Statoil si eiga gransking slo seinare fast at liv kunne gått tapt. Ptil granske episoden og gav Statoil krass kritikk for manglande vedlikehald, i det som var den siste av fleire granskingar på kort tid.

– Hendinga er vurdert isolert, men me vil ha med oss tidlegare hendingar for å sjå om det er koplingar eller likskapstrekk til tidlegare hendingar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås