Hopp til innhold

Petroleumstilsynet kallar Statoil inn på teppet

Fem gasslekkasjar og ein brann på to veker for Statoil. HMS-ansvarleg i fagforbundet Safe kallar situasjonen for «ekstrem».

Mongstad

NY GASSLEKKASJE: 600 personar vart evakuert ved Statoil sitt anlegg på Mongstad i ettermiddag.

Foto: Bergen Foto og Media

Gasslekkasjen og evakueringa på Mongstad utanfor Bergen er den sjette hendinga på Statoil sine anlegg dei siste to vekene.

600 personar vart evakuert då det oppstod ein hydrogenlekkasje ved bensinanlegget på oljeraffineriet.

– Alle slike alarmar tek vi veldig alvorleg, og vi handlar etter det. Hydrogen utgjer ein eksplosjonsfare, seier pressekontakt Elin Isaksen i Statoil til NRK.

Gasslekkasje Stureterminalen

Gasslekkasjen på Stureterminalen, som sende seks personar på sjukehus, er berre ein av fleire alvorlege hendingar for Statoil dei siste to vekene.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Fleire alvorlege hendingar

Statoil jobbar no med å få finne ut kva som er årsaka til dagens lekkasje.

Men problema har stått i kø for selskapet dei siste to vekene.

Eg aldri opplevd makan. Det er heilt unikt og heilt ekstremt.

Roy Erling Furre i fagforbundet Safe om dei siste to vekene

Kallar Statoil inn på teppet

Eileen Brundtland

Pressekontakt Eileen Brundtland i Petroleumstilsynet.

Foto: Petroleumstilsynet

Om dei tre hendingane 15. og 16. oktober seier Petroleumstilsynet (Ptil) at menneskeliv kunne gått tapt.

Dei har bestemt seg for å granska tre av hendingane; lekkasjen på Stureterminalen, brannen på Statfjord A og brønnproblema på Songa Endurance på Troll-feltet.

I tillegg er toppleiinga i Statoil kalla inn til møte med Petroleumstilsynet tysdag.

– Det har vore mykje Statoil den siste tida, med fleire svært alvorlege hendingar. På møtet må Statoil forklare korleis dei opplever hendingane og kva som er bakanforliggande årsaker, seier pressekontakt Eileen Brundtland i Ptil.

Statfjord A

Ein brann på Statfjord A-plattforma i Nordsjøen er no under gransking hjå Petroleumstilsynet.

Foto: Harald Pettersen

Sjokkert

HMS-ansvarleg og 2. nestleiar i Safe, Roy Erling Furre, seier han er sjokkert over det som har skjedd dei siste to vekene.

– Eg aldri opplevd makan. Det er heilt unikt og heilt ekstremt, seier Furre til NRK. Han har jobba i bransjen sidan 1979.

Han presiserer at ein ikkje kjenner årsaka til hendingane enno, og at nokre av dei er under gransking.

– Men talet på hendingar og omfanget gir meg ei svært dårleg magekjensle.

– Vi står oppe i ei heseblesande tid med omstillingar og kostnadsfokus. Eg gjer meg nokre tankar om at tilsette som normalt jobbar med helse, miljø og tryggleik, no må nytte ressursane sine på prosessane med nedbemanningar og kostnadskutt, kommenterer Furre.

Ser alvorleg på hendingane

Mediekontakt Morten Eek i Statoil seier granskingar og selskapet eigne undersøkingar av hendingane, må gi svara på kva som har skjedd.

– Me ser alvorleg på hendingane og må finna ut kva som ligg bak. Det er ulike hendingar og me vil sjå på dei kvar for seg. Deretter må vi læra av det, slik at vi kan forbetre oss.

Han presiserer at omstillingar og kostnadskutt ikkje skal gå på bekostning av tryggleiken, slik Furre i Safe fryktar.

– Me, som resten av bransjen, gjer naudsynte omstillingar for å driva meir effektivt. Men forbetringane skal ikkje gå på bekostning av tryggleiken så me må gå gjennom hendingane for å finna ut kva som har skjedd, avsluttar Eek.