Hopp til innhold

Sjette større lekkasje på Mongstad på to år

MONGSTAD (NRK): Nok ein gong opplevde tilsette på Noregs største raffineri å bli evakuerte. – Mange er uroa, sjølv om det er betre, seier hovudtillitsvald.

Jan Eirik Feste, hovedtillitsvalgt Safe Mongstad

SER FRAMGANG: Hovudtillitsvald Jan Eirik Feste i Safe Mongstad seier mange tilsette framleis er uroa over tryggleiken, men meiner det er gjort mykje for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet.

Foto: Christian Lura / NRK

Rasmus Wille, admin. dir. Statoil Mongstad

DIREKTØR: Administrerande direktør Rasmus Wille i Statoil Mongstad.

Foto: Christian Lura / NRK

Ein lekkasje av nafta, eller white spirit, i bensinanlegget på oljeraffineriet til Statoil på Mongstad førte tysdag til at 108 tilsette blei evakuerte.

– Me tar alle slike hendingar alvorleg, seier Mongstad-sjef Rasmus Wille.

Det er langt ifrå første gong alarmen har gått på Noregs største raffineri. Tal NRK har fått frå Statoil tysdag ettermiddag viser at hendinga i dag er den sjette større lekkasjen på anlegget i 2016 og 2017:

  • Fire i 2016.
  • To så langt 2017.

Dette er såkalla «gule hendingar» (sjå faktaboks). Lekkasjen tysdag er enno ikkje klassifisert, men blei tysdag morgon omtalt som ein «større lekkasje».

Kalla Statoil inn på teppet i fjor

Etter at 600 blei evakuerte grunna hydrogenlekkasje i bensinanlegget på Mongstad 25. oktober i fjor, slo Statoil i si eiga gransking fast at menneskeliv i verste fall kunne ha gått tapt.

Petroleumstilsynet følgde opp med å kalla Statoil inn på teppet etter fem gasslekkasjar og éin brann på to veker.

Hovudtillitsvalt Jan Eirik Feste i Safe Mongstad fortel at fleire tilsette er uroa for tryggleiken ved anlegget. Fagforeininga har tidlegare i år reist kritikk mot vedlikehaldet.

– Enkelte blir så klart uroa når ein ser lekkasjar som denne, seier Feste.

Lekkasje på Mongstad

MONGSTAD: Oljeraffineriet blei evakuert tysdag morgon etter det som blei omtala som ein større lekkasje. Ingen er skadd.

Foto: Christian Lura / NRK

– Statoil prøver å få kontroll

Etter det NRK kjenner til, skal det imidlertid ha vore ein stor nedgang i uønskte hendingar ved anlegget i år samanlikna med i fjor.

Hovudtillitsvald Feste meiner Statoil har tatt fleire viktige grep på Mongstad.

– Me har framleis eit etterslep, men vedlikehaldsbudsjettet er dei siste åra dobla, og ein prøver å få kontroll på dette. Eg håpar ein framleis har fokus på vedlikehaldet og at me spesielt får desse korrosjonsskadane, slik som den i fjor, under kontroll.

Øyvind Midttun

AVVENTAR INFORMASJON: – Vi må ha meir informasjon om volum, korleis det skjedde, kva som var rundt, og så vidare, for å kunne seia meir om alvorsgraden av denne hendinga, seier Øyvind Midttun i Petroleumstilsynet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Ptil: – Alvorleg

Petroleumstilsynet (Ptil) blei varsla av Statoil tysdag morgon, og har følgd opp hendinga utover dagen, fortel pressekontakt Øyvind Midttun.

– Dette er per definisjon ei alvorleg hending. Lekkasjar av olje og gass er ikkje noko vi skal ha. Når det er snakk om ein lekkasje av nafta, er det sjølvsagt alvorleg. Nafta er både eksplosivt og brennbart, seier Midttun.

Ptil avventar no meir informasjon frå Statoil, før dei vil svara på om dagens lekkasje kan utløysa nok eit tilsyn mot anlegget på Mongstad.

– Vi må ha meir informasjon om volum, korleis det skjedde, kva som var rundt, og så vidare, for å kunne seia meir om alvorsgraden av denne hendinga. Om det er noko kopling til tidlegare hendingar, er noko vi vil sjå på etter kvart som vi får meir informasjon, seier Midttun.