Raftoprisen 2013 vert tildelt Bahrain Centre for Human Rights (BCHR).
Dei får prisen for deira langvarige og modige arbeid for fundamentale menneskerettar som ytringsfridom og forsamlingsfridom i Bahrain, grunngjev Raftostiftelsen.
– Raftoprisen til BCHR rettar søkjelyset mot søkelyset systematiske menneskerettsbrot i ein region der overgrep altfor ofte vert møtt med tystnad frå vestlege regjeringar, sa leiar for priskomiteen Martin Paulsen.
Leiaren i fengsel
Organisasjonens daglege leiar Nabeel Rajab (49) sit for tida i fengsel, dømd for å ha oppfordra til «ulovlege handlingar».
- Han vart dømd til tre års fengsel i 2012, etter å ha kritisert statsministeren i Bahrain på Twitter. Dette vart seinare redusert til to år, seier Paulsen.
Beordra til å leggje ned
I 2004, to år etter at senteret vart grunnlagt, blei BCHR beordra til å leggje ned aktiviteten av Bahrains Arbeids- og sosialdepartement. Det skjedde etter at organisasjonens leiar hadde kritisert landets statsminister under eit offentleg seminar.
Organisasjonen er framleis bannlyst av myndigheitene i landet.
Raftostiftelsen kritiserer land i Vesten for å ikkje gjere nok for menneskerettane i Bahrain og Den persiske gulf.
– Norske myndigheiter har ikkje gjort noko sidan dei uttrykte bekymring for situasjonen i 2011.
Utdeling 3. november
Sjølve prisutdelinga vil finna stad på Den Nationale Scene sundag 3. november. Tradisjonen tru vil det også bli arrangert fakkeltog etter utdelinga.
Raftoprisen har vorte delt ut årleg sidan 1987, og har etter kvart oppnådd stor internasjonal merksemd og prestisje. Fleire som har fått prisen har seinare blitt tildelt Nobels fredspris. Mellom dei er Kim Dae-jung og Aung San Suu Kyi.