Hopp til innhold

Mange fiskar ulovleg i Hardangerfjorden

Fylkesmannen ber politi og naturoppsyn stramma til overvakinga.

Politibåten søker i Hardangerfjorden

MEIR OPPSYN: Fylkesmannen vil ha betre oppsyn i Hardangerfjorden etter ulovleg garnfiske og ber politiet om hjelp.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Det er relativt mykje ulovleg fiske med garn, men det blir også fiska mykje i fredningssoner. Me ønsker å få stopp på dette, seier Gry Walle, fiskeforvaltar hjå Fylkesmannen i Hordaland.

– Kaotiske tilstandar

Etter at 36.000 laks rømde frå Linga laks sitt anlegg ved Varaldsøy i mai, er Hardangerfjorden full av fisk, rapporterer grunneigarar.

– Situasjonen er rimeleg kaotisk og uoversiktleg. Det er enorme mengder med fisk i heile fjorden, seier Arild Alvsåker, formann i Norheimsund og Steinsdalen grunneigarlag.

Oppdrettsfisken må vekk for å verna om villfisken. Det paradoksale er at den mest effektive fiskemetoden tilgjengeleg for folk flest, garn, ikkje er lovleg: Med garn tar ein óg mykje villaks og sjøaure.

Dårleg bestand

– Folk må ta omsyn til villfisken, aure og villaks. Det er ein grunn til at det er så strenge reguleringar. Bestanden av sjøaure i Hardangerfjorden er dårleg, spesielt i midtre Hardangerfjorden. Derfor er det ikkje bra at dei tar ut så mykje sjøaure i garn, seier Walle.

Fylkesmannen har fått mange rapportar om ulovleg garnfiske.

– Nokre kjenner ikkje reglane. Andre vil berre fiska, seier Walle.

– Me prøver å informera det vi kan, og vi ber Statens naturoppsyn om å intensivera oppsynet deira for å hindra ulovleg fiske.

Nokre kjenner ikkje reglane. Andre vil berre fiska.

Gry Walle, fiskeforvaltar, Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen har send melding til politiet.

– Så får me sjå kva dei kan gjera. Me får håpa at folk er lovlydige, seier Walle.

Vi har mottatt skrivet frå Fylkesmannen, og vi vurderer å melda folk. Det bør gjerne skiltast betre, seier lensmann Terje Sperrevik i Kvam

Stor økning i ulovlig garnfiske: ​– Kan ikke fortsette som nå

Pangstart for sjølaksefisket

Oppsyn tok fleire ulovlege garn i Førdefjorden

Framleis 20.000 rømt laks i Hardangerfjorden