Hopp til innhold

Fryktar rømt laks øydelegg for verna vassdrag

Grunneigarar i Hardanger melder om svært store mengder rømt laks i Hardangerfjorden. – Situasjonen er rimeleg kaotisk og uoversynleg, seier Arild Alvsåker.

Steinsdalselva i Kvam

VERNA: Steinsdalsvassdraget i Kvam kommune er verna. Grunneigarar er redd rømt laks skal finna vegen opp i elvene.

Foto: Privat

– Me får rapportar frå Fyksesund, Norheimsund, Jondal og Rosendal. Det er fisk over alt. Det ser kanskje ikkje ut til at det berre er éi rømming, men fleire rømmingar som har skjedd, seier Arild Alvsåker.

Han er forman i Norheimsund og Steinsdalen grunneigarlag. Han har aldri sett slike mengder med rømt laks før.

– Situasjonen er rimeleg kaotisk og uoversiktleg. Det er enorme mengder med fisk i heile fjorden.

Det var i mai at over 36.000 laks rømte frå Linga Laks sitt anlegg i Varaldsøy i Hardangerfjorden.

– Ingen meldingar om fleire rømmingar

Fiskeridirektoratet trur ikkje det har skjedd fleire rømmingar utover dette.

– Me har registrert denne mistanken, men me har bedt oppdrettsanlegga i Hardanger om å sjekka nøtene. Tilbakemeldingane er at det ikkje har skjedd rømmingar. Me har heller ingen grunn til å tru at Linga Laks underestimerer talet. Men det er svært mykje fisk i fjorden no.

Alvsåker reknar med at dei kjem i stort tal oppe i elvane etter kvart.

– Det står allereie enorme mengder fisk i Movatnet, og me ser dagleg fleire stimar på 15–20 i slengen som går under Straumbrua og inn i vatnet.

Alvsåker føler at Fiskeridirektoratet er totalt fråverande.

– Det blir gjort alt for lite, dei må forholda seg til talet som er oppgitt frå oppdrettar, og det finst ikkje nokon beredskap i praksis til å ta seg av dette.

Steinsdalselva og Movatnet
Foto: Privat

– Fryktar meir genetisk forureining

Alvsåker fryktar laksen vil gå opp i det verna Steinsdalsvassdraget.

– Fisken kjem til å koma opp i elva etter kvart som nedbøren kjem og elva stiger. Så det er berre eit spørsmål om tid. Viss fisken ikkje blir fjerna får me eit høgare innslag av genetisk forureining i restane av dei stammane som er igjen.

Lisether seier Linga Laks skal driva med utfisking framover.

– Me har i dag sendt ut pålegg om utfisking i elv til Linga Laks, det blir frå juli, august og ut over hausten. Dei kjem til å fisk ut oppdrettslaksen, men den går ikkje opp i elvane før seinare i haust.

– Linga Laks har også prøvefiske med teiner i Norheimsund. Me skal sjå om det fungerer, seier Lisether

– Skulle hatt fleire ressursar

– Me er uroa for situasjonen, det var veldig uheldig at dette hende, og me prøver å gjera det me kan innanfor dei rammena me har i Fiskeridirektoratet.

Ho innrømmer at dei gjerne skulle ha gjort meir.

– Me har ein båt, men den er rundt i halve Noreg. Så det er ikkje alltid me har båten når me skulle hatt den. Me skulle gjerne hatt meir ressursar til å ta tak i situasjonen, seier Lisether.

– Beredskapen når det skjer på denne tida av året burde vore betre mykje betre, seier Alvsåker.