Hopp til innhold

Kim Arne skriv masteroppgåve om skandalar i politikken – så kom metoo

Masterstudent Kim Arne Hammerstad har sett på alle politiske skandalar sidan krigen. – Dei som ikkje evnar å legga seg flat, går det ofte ille med.

Kim Arne Hammerstad forsker på politiske skandaler

SKANDALE: Kim Arne Hammerstad har gått gjennom alle norske politiske skandalar sidan andre verdskrig. – Lista det siste halve året er ekstraordinær.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Både Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Senterpartiet har møtt skjær i sjøen denne vinteren.

For ein som forskar på skandalar i norsk politikk kunne ikkje timingen ha vore betre.

– Me ligg på fem, kanskje seks saker om ein tel med Navarsete-saka. Ut frå min definisjon er også den ein politisk skandale, seier masterstudent Kim Arne Hammerstad ved Universitetet i Bergen.

Etisk eller moralsk overtramp

I utgangspunktet hadde han lagt ned pennen før juleferien, men brått sat han med tre nye tilfelle i fanget: Trond Giske i Ap, Kristian Tonning Riise i Høgre og Ulf Leirstein i Frp.

I månadene som følgde kom sakene som perler på ei snor. Sist ute er Senterpartiet, som på grunn av ei slibrig melding til Liv Signe Navarsete, framleis står midt i det Hammerstad definerer som ein politisk skandale.

– Eg vil seia at ein politisk skandale er eit etisk eller moralsk overtramp, eller at nokon bryt lova. Så heng media seg på. Ofte endar det i krav om at nokon må trekkja seg, seier Hammerstad, som førre veke diskuterte oppgåva i Politisk kvarter i NRK Radio.

Navarsete

SJUKMELD: Etter år 2000 har stadig fleire politikarar som er involvert i skandalesaker blitt sjukmelde, viser gjennomgåinga til Hammersland.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Evna til å legga seg flat

Studenten i samanliknande politikk viser til metoo-kampanjen som forklaring på dei fleste skandalen.

Men etter å ha gått gjennom kvar einaste politiske skandale i norsk politikk sidan krigen, har Hammerstad merka seg spesielt éin ting:

Det er ikkje nødvendigvis graden av overtrampet som har skuld i skandalen, men korleis den folkevalde vel å handtera saka når ho først blir kjend.

– Ein grunn kan vera ønsket om å halda seg ved makta så lenge som mogleg. Men alt tyder på at det forverrar saka. Når politikarar i dag har så mange rådgjevarar som bør vera opptatt av arbeidsgjevaren sitt beste, er det vanskelege å forstå kvifor mange ikkje legg seg flat før.

Kim Arne Hammersland

FRYKTAR FOR TILLITEN: Kim Arne Hammerstad fryktar politikarforakt dersom oppførselene til våre folkevalde bryt ned folkets tillit.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Men det finst kroneksempel på korleis ein politikar som blir avslørt bør gå fram.

– Bård Hoksrud (Frp) er eit strålande eksempel på det. Han la seg flat og trekte seg frå leiarverv. Sidan har han vore statssekretær og sit i dag på Stortinget.

Medan gjennomsnittet sidan 1970-talet har vore i underkant av éi skandale i året, har talet på skandalar det siste halve året gått i taket.

– Interne kampar i partiet kan også forklara kvifor ein del vel å stå i det framfor å legga seg flat. Politikarar skal spegla folket, men ofte kan menneskelege feil bli brukt i kamp om posisjonar, seier Hammerstad.

– Riktig i enkelte tilfelle

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, seier funna til Hammerstad set fram fleire interessante påstandar.

– Av og til er det riktig at manglande vilje til å vedgå feil eskalerer situasjonen som har oppstått. I andre tilfelle er likevel tyngda i sjølve saka så sterk at det er den som er utslagsgivande, slik Giske-saka er eit døme på.

Magnus Takvam

KOMMENTATOR: Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Han peikar på både Giske-saka og meldinga til Navarsete som konfliktar som har aspekt av maktkamp ved seg. Takvam meiner sakene ber preg av regionale, strukturelle konfliktar, heller enn «moderne» maktkampar som blir utspela i media.

– Men mediekonteksten og sosiale medium forsterkar nok heilt klart intensiteten. Å visa til at det er fleire maktkampar som følge av medietrykket er nok ikkje heilt eintydig, men det er ei interessant tese.