NRK Meny
Normal

– Forbanna for at Statoil ikkje har høyrt på åtvaringar frå fagforeiningane

Tillitsvald fortvilar etter at Statoil har granska ferdig to alvorlege hendingar i fjor, og konkludert med at begge kunne fått dødeleg utfall.

Lekkasje Mongstad

HER OPPSTOD LEKKASJEN: Driftsoperatøren på Mongstad oppdaga at denne ventilen stod open, og forsøkte å stenge denne. Det var då delar av ventilen losna, og hydrogenlekkasjen oppstod.

Foto: Statoil

Fredag la Statoil fram granskingsrapportar etter hydrogenlekkasjen på Mongstad-raffineriet og gasslekkasjen på riggen Songa Endurance på Trollfeltet i oktober i fjor.

Selskapet konkluderer med at begge hendingane kunne fått dødeleg utfall.

Alle dei 600 tilsette på Mongstad blei evakuert etter lekkasjen, og Statoil har i ettertid sagt at det kunne ha vore fare for eksplosjon dersom gassen hadde tatt fyr.

– Blanda kjensler

I granskingsrapporten vert det konkludert med at manglande vedlikehald var mykje av årsaka til hydrogenlekkasjen.

Klubbleiar for SAFE Mongstad, Jan-Eirik Feste, er glad for at Statoil no erkjenner dette.

– Samtidig er eg forbanna for at leiinga ikkje har høyrt på fagforeiningane før. Vi har åtvara mot manglande vedlikehald på Mongstad i mange år, seier Feste.

Jan-Erik Feste

FRUSTRERT: Jan-Erik Feste meiner leiinga i Statoil skulle høyrd på dei tillitsvalde som åtvara om manglande vedlikehald for lenge sidan.

Foto: NRK

Han meiner det manglande vedlikehaldet har utsett dei tilsette på Mongstad for fare i mange år.

– Kjenner de dykk trygge på jobb?

– Det er ein del som ikkje føler seg heilt trygge på grunn av dette med vedlikehaldet. No har leiinga sagt at dei skal gjere noko med det, då må dei bevise det.

«Ville ikkje klart å rømme»

I granskingsrapporten heiter det at «dersom lekkasjen hadde antent, ville det oppstått en umiddelbar flashbrann med påfølgende kontinuerleg jetflamme som hadde truffet stillasgulv og spredd seg utover og oppover i en viss utstrekning. Tilstedeværende personell ville ikke ha klart å rømme raskt nok, med den følge at utfallet sannsynligvis kunne blitt fatalt for en til flere personer».

Oljeraffeneriet på Mongstad

KUNNE DØYDD: Statoil legg seg langflate etter den alvorlege hendinga på Mongstad i oktober i fjor. Selskapet konkluderer med at menneskeliv kunne gått tapt.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Jens Økland, konserndirektør for Markedsføring, midtstrøm og prosessering i Statoil, innrømmer at manglande vedlikehald for å spare pengar førte til den alvorlege lekkasjen.

– Dette viser at vi har gjort feil prioriteringar basert på manglande risikoforståing. Vår første prioritet er sikkerheita til personell og utstyr, og det er heilt utenkeleg å drive utrygt, seier Økland.

– Må tenke sikkerheit, ikkje økonomi

Feste håpar og trur at Statoil no vil ordne opp.

– Dei har ikkje noko anna val no. Vi har drive i 40 år på Mongstad, og skal drive i 40 år til. Då må ein òg gjera anlegga meir robuste for at vi skal kunne drive vidare. Dei må lytte meir på oss som har arbeida her lenge, seier Feste.

Vedlikehald må ikkje baserast på økonomi, men på HMS.

Jan-Eirik Feste

Han håpar Statoil gjer grep, trass i at selskapet er i ei tid prega av nedbemanningar og oljekrise.

– Vi må vekk frå det som heiter økonomistyrt vedlikehald, og tenke meir sikkerheit enn økonomi.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017