17-åring kritisk skadd etter gasslekkasje

Ein 17 år gamal gut er innlagd på sjukehus med kritiske skader etter å ha pusta inn giftig gass ved oljeanlegget Stureterminalen. Ein 50-åring er alvorleg skadd.

Gasslekkasje ved Stureterminalen

SEKS PERSONAR TIL SJUKEHUS: Giftig gass seiv ut frå ein gassilo ved Stureterminalen i Øygarden onsdag ettermiddag. Ein 17-åring har fått kritiske skader.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Ein 17 år gamal gut er kritisk skadd etter å ha pusta inn den giftige gassen hydrogensulfid ved Stureterminalen i Øygarden onsdag.

Ein 50-åring vert rekna som alvorleg skadd, opplyser Helse Bergen i ei pressemelding onsdag kveld.

Fire andre er lettare skadd.

Gasslekkasje Stureterminalen

To personar svima av på ein silotank, medan fleire andre følte seg uvel.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Seks til sjukehus

Fem tilsette ved Stureterminalen fekk i seg giftig gass då den giftige gassen hydrogensulfid seiv ut frå ein silotank ved oljeanlegget onsdag ettermiddag. Personane vart sendt til Haukeland universitetssjukehus, éin med luftambulanse.

Politiet fekk meldinga om ulukka like over klokka 16. Lekkasjen vart stansa 16.46.

Dei fem er gutar og menn mellom 17 og 50 år.

Også ein 22 år gamal brannmann vart påverka av gassen. Han er òg lettare skadd.

Stureterminalen i Øygarden

UHELL: Lekkasjen skal ha skjedd i samband med vedlikehald på taket av ein gassilo.

Foto: Statoil

Praksiselevar og lærling blant dei skadde

Ungdomen på 17 år og den 18 år gamle mannen er elevar som er utplassert i praksis. 19-åringen er tilsett i Statoil som lærling.

Pressevakt i Statoil, Ola Anders Skauby, seier Statoil ikkje har informasjon om kva arbeid dei tilsette utførte då lekkasjen starta.

Ola Anders Skauby

BEREDSKAP: Statoil kjenner ikkje til årsaka til gasslekkasjen ved oljeterminalen i Øygarden. – Me jobbar no med å få oversikt over situasjon og skadeomfanget, seier pressevakt Ola Anders Skauby.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me veit ikkje kva dei gjorde på. Det er ting som vil bli nærare undersøkt torsdag. I ettermiddag og kveld er fokuset vårt å ta vare på og vera til stades for dei som er involverte.

Statoil har mobilisert sitt beredskapsapparat lokalt ved Sture og i Stavanger. Tilsette frå selskapet er med dei råka og dei pårørande på Haukeland.

Selskapet har oppretta ein pårørandetelefon. Telefonnummeret er 800 500 20.

To svima av

Vakthavande befal i Øygarden brannvesen, Geir Jensen, seier personane som fekk gassen i seg dreiv vedlikehald på siloen. Fem personar var på toppen av siloen då lekkasjen starta.

– Då dei byrja vedlikehaldet hadde konsentrasjonen auka. To svima av på taket av siloen og tre kom seg ned. Dei var omtåka, opplyser Jensen.

Brannvesenet Sture-terminalen

KRITISK: Ein 17 år gamal gut er kritisk skadd etter å ha pusta inn giftig gass.

Foto: Fayruz Sado / NRK

Personane fekk førstehjelp og oksygen då brannmannskapet kom fram.

Også ein brannmann er sendt til Haukeland universitetssjukehus.

– Han klatra opp på siloen og gjorde det han skulle. Då han kom ned kjente han seg dårleg, seier Jensen.

Geir Jensen

BRANNBEFAL: Vakthavande befal Geir Jensen i Øygarden brannvesen.

Foto: Fayruz Sado / NRK

Gasslekkasjen vart stansa kort tid etter at brannvesenet kom fram. To personar vart tekne ned frå siloen ved hjelp av Øygarden brannvesen.

– Me har ikkje gjort målingar om gasskonsentrasjonen, men det var snakk om store konsentrat. Me kjende ein sterk lukt då me kom fram.

Gassen kan vera dødeleg

Fem av dei råka er tilsette ved Statoil sitt anlegg. Stureterminalen er eit viktig utskipingshamn for råolje. Gassen dei fekk i seg, hydrogensulfid, er ein giftig, brannfarleg gass.

– Dette er alvorleg. Inntak kan vera dødeleg i store konsentrasjonar. Mesteparten av gassen var trekt unna då me kom fram. Det spreidde seg ganske raskt, fortel Jensen.

I ei pressemelding skriv Statoil at selskapet vil gjera eigne undersøkingar for å finna ut korleis dette kunne skje.

Pressevakt Skauby seier at Statoil så langt ikkje kjenner til årsaka til lekkasjen.

– Me vil koma tilbake til årsak etter kvart.

Sperra av store område

Petroleumstilsynet er rutinemessig varsla om ulukka. Det skal ikkje vera fare for ytterlegare lekkasje.

Utrykning brann

GASSLEKKASJE: Utrykking til Stureterminalen i Øygarden kommune.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Politi og brannvesen på staden valde å oppretta ei tryggleikssone på 300 meter før gasslekkasjen vart stansa. Ifølgje pressemeldinga er området framleis sperra av.

Brannmannskap frå Øygarden, Laksevåg og Bergen sentrum rykte ut.