– Det er sjølvsagt kjipt, men eg hadde eigentleg venta litt på det, i og med at eg låg og brøyta og laga spor til dei andre så lenge, fortel Niklas Rogne frå Røros.
Tysdag morgon kjørte 19-åringen inn til ein fjerdeplass på 500-kilometeren i Finnmarksløpet.
Rogne låg på førsteplass etter sjekkpunktet på Mollisjok, og såg lenge ut til å komme sigrande ut av løpet. Han kom først inn på dei fire siste sjekkpunkta før mål, men mellom Jotka, som er siste sjekkpunkt, og mål i Alta sentrum, tok dei tre neste spanna inn leiinga.
– Eg tenkte at dei snart ville begynne å komme. Og det gjorde dei jo, på rekke og rad. Eg klarte ikkje å henge på dei då. Då var vi slitne, seier Rogne.
Ole Sigleif Johansen frå Rødberg kom før i mål klokka 06.10, like før Elisabeth Edland (06.16) og Sissel Vollan (06.17).
Klar for revansje
– Eg har slått dei før, eg skal slå dei igjen, seier han og viser til den fenomenale leiinga han har hatt gjennom store delar av 500-kilometerløpet.
Det har vore ein travel vinter for Rogne og spannet hans. I tillegg til Finnmarksløpet, som han køyrde for første gong, har han i år òg debutert på Femund 400, der han kom på andreplass.
Rogne er klar på at det første Finnmarksløpet han er med på, ikkje blir det siste.
– Eg stiller til start igjen neste år, seier han.