Hopp til innhold

Bestefar lærer Iver Isak (5) det utryddingstrua språket kvensk

– Vi er inne i ein ny epoke. Det kvenske brer om seg i større grad og blir henta fram. Tida har vore moden for at ein tørr å sleppe det kvenske til, fortel filmskapar Kristin Nicolaysen.

Isä og Aftenstjernen

LÆRER KVENSK: Bestefar Egil Sundelin og den unge studenten Iver Isak (5). – No var tida inne for å ta det kvenske fram, sjølv om bestefaren har jobba aktivt med det lenge, fortel mor og filmskapar Kristin Nicolaysen.

Foto: Torgrim Halvari

Kvenane er eit folk utan land, men har eige flagg. Dei snakkar eit utryddingstrua språk, men mange kan ikkje lese eller skrive det. Det er også uvisst kor mange dei faktisk er.

No held Kristin Nicolaysen på med eit dokumentarprosjekt om det å lære seg kvensk språk og kultur. I hovudrolla er sonen Iver Isak og bestefaren Egil Sundelin.

– Det fall meg ikkje inn å spørje bestefaren før. Men no var tida inne. Dei eldre søskena er litt misunnelege på at attpåklatten Iver Isak får moglegheita til å lære språket.

– Eg byrja å filme då han var fire. I dag er Iver Isak fem og eit halvt år. Det å lære seg eit språk tek tid. Eg reknar med å filme til han blir 10–12 år.

Ho håpar filmprosjektet kan inspirere og leve vidare også etter at dokumentaren er ferdig.

Melking av reinsdyr

STEREOTYPI: To kvenar som mjølkar eit reinsdyr i Pasvikdalen. Det kvenske blir ofte framstilt som noko litt gammalmodig. Men i løpet av dei siste åra har mykje endra seg.

Foto: Ellisif Wessel / Wikipedia

Skriftspråket som forsvann

– Mister vi språket er det eit tap for kvenane, Norge sin kulturarv og Verdsarven, fortel Hilja Huru som er leiaren i Norske kveners forbund.

På grunn av fornorskinga har ikkje skriftspråk blitt tatt vare på. Først i 2005 blei kvensk anerkjent som eige språk i Norge. Lærebøker til grunnskulen blei tilgjengelege i 2012

– Grammatikken er på plass, men vi arbeidar med å få inn ord som ikkje eksisterte for 100 år sidan, seier Huru.

Eit forskingsprosjekt om europeiske minoritetsspråk (ELDIA-prosjektet) har ført opp kvensk som eit av dei mest trua språka i Europa. I ei vurdering frå 2013 kjem det fram at språket står i fare for å døy ut om kort tid.

No. dokumentar. 16 mars er kvenfolkets dag, og kvensk har vært snakket i våre nordligste fylker i 800 år. Likevel er det svært få nordmenn som kjenner til kvenene og språket deres. I dramatiske omgivelser i Finnmark møter vi en folkegruppe med en ofte glemt historie. Hva skjer med deg når morsmålet ditt ikke anerkjennes som et ordentlig språk? Og hvordan oppleves det for kvener av i dag å gjenoppdage sitt språk og sin identitet?

DET HEMMELEGE SPRÅKET: Norsk dokumentar om kvensk språk og kultur i Norge.

2017 var kvenane sitt år

– I april 2017 fekk vi eige flagg, sanningskommisjonen blei vedteken, vi fekk støtte til vern av kvenske kuturminner og det er ein større innsats retta mot barn og unge, seier Huru.

Kvenane får sakte men sikkert fleire rettigheiter, men dei har framleis ein veg å gå.

– Vi har til dømes ikkje innverknad på fordelinga av midlane på statsbudsjettet til kvensk språk og kultur, seier Hilja Huru.

Norske myndigheiter anslår at det er mellom 10 000 – 15 000 kvenar i Norge. Baserer ein tala på ei helseundersøking frå 80-talet, meiner forskarar at talet kan vere oppe i 60 000.

– Det er plass til fleire identitetar. Ein kan vere både kvensk, samisk og norsk samstundes, seier Huru.

Eg trur den kvenske bakgrunnen gir oss større respekt for andre minoritetar og ei meir sympatisk tilnærming til det å vere i verda.

Kristin Nicolaysen