Bingoskatten

Frp er mot eigedomsskatt. Men partiet har ordføraren i Hvaler, den kommunen som har norsk rekord i å skattlegge eigedom.

Høgre er mot skatt i Lærdal, men for i nabobygda Årdal. Ap og Sp er både for og imot, og skyv ansvaret over på lokalpolitikarane.

Velkommen til ei reise i bingoskattens vilkårlege rike.

Som perler på ei snor ligg øyene i Hvaler. Blankskura svaberg. Gamle kvitmalte hytter. Nye hyttepalass til fleire titals millionar. Luksusbåtar og sjarmerande småhamner. I tillegg noko som hytteeigarane er lite sjarmert av: Norsk rekord i eigedomsskatt.

På ordførarkontoret i kommunehuset i Skjærhalden møter vi 69-åringen Eivind Norman Borge. Han strekk fram ein stor neve. Før politikken tok han, blei hendene brukte til å stable stein.

– Eg er ekstra stolt av rådhuset her, for det har eg bygd saman med sonen min, seier han og peikar på granittblokkene som utgjer grunnmuren. Det sto ferdig rundt tusenårsskiftet – lenge før han blei ordførar, og lenge før det var snakk om å innføre skatt på eigedom.

Han satsar på fire nye år for Framstegspartiet. Fire år der han på ny kjem til å sende ut rekningar på ein skatt han er imot.

Eigedomsskatten er usosial og urettferdig, seier han. Men som ordførar lever han likevel godt med å sende ut skattegiroen.

Ordfører i Hvaler kommune, Eivind Normann Borge (Frp)

-Eg lever godt med å krevje inn ein skatt som eg er imot, seier ordførar Eivind Norman Borge i Hvaler kommune.

Foto: Per Øyvind Fange / NRK

Skatten blei innført av eit fleirtal i kommunestyret i 2013, mot Framstegspartiets stemmer. Borge kan ikkje love at han vil fjerne ordninga, sjølv om partiet reint hypotetisk skulle få reint fleirtal.

– Vi kan ikkje ta bort ei slik inntekt over natta. Det krev ei stor omlegging, seier han.

– Vi har ingen andre alternativ. Vi må først skape nye verdiar og effektivisere, og vi må få ned driftskostnadene. Deretter må vi gradvis redusere eigedomsskatten ved å innføre botnfrådrag, seier Hvalerordføraren.

Store inntekter

Budsjettet for Hvaler viser at kvar femte skattekrone kjem frå eigedomsskatten. Giroen som blir sendt ut til dei som eig hytter og hus sørgjer for at det kvart år kjem 36 millionar kroner inn i kommunekassa. Det er over 8000 kroner for kvar einaste innbyggar i kystkommunen.

Summen er 5000 kroner høgare enn landsgjennomsnittet, og vel 2 300 kroner meir enn kravet frå kommunen som er nummer to på lista, Arbeiderparti-styrte Hjartdal.

– Vi er ein hyttekommune. Difor blir gjennomsnittet høgt, seier Hvaler-ordføraren.

Men sjølv om vi avgrensar datasøket til berre å gjelde dei fastbuande betaler Hvalers innbyggarar mykje. Kvar fastbuande må i gjennomsnitt ut med over 5 000 kroner i året.

– Det viktige her er det totale skatte- og avgiftsnivået. Dersom vi reknar på det ser vi at innbyggarane i Fredrikstad må ut med 2 000 kroner meir i året enn folk i Hvaler, seier Borge.

Inst i Sognefjorden ligg industrikommunen Årdal. Kommunen har vore ein Arbeidarparti-bastion i alle år etter andre verdskrig. I mange år var det knapt ein einaste Høgreveljar i bygda. Men no er det i ferd med å endre seg.

Ved det siste kommunevalet mista partiet sitt reine fleirtal, og under det siste Stortingsvalet var Høgre det partiet som hadde størst framgang.

I bygda ligg einebustadane tett i tett. Difor skulle vi kanskje tru at ein offensiv ordførarkandidat frå Høgre ville markere seg tydeleg som motstandar av eigedomsskatten. Men slik er det ikkje.

I den krevjande situasjonen kommunen er i kan eg ikkje sjå at budsjettet kan gå opp utan eigedomsskatten, seier ordførarkandidat for Høgre, Knut Arne Klingeberg.

Knut Arne Klingenberg

I industrikommunen Årdal må alle betale eigedomsskatt. – folk forstår at vi treng inntektene frå denne skatten, seier Høgre sin ordførarkandidat Knut Arne Klingenberg.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Då kommunen hamna på Robek-lista i 2013 vart eigedomsskatten skrudd opp til det høgste nivået på sju promille. Det innebar at folk som hadde ein einebustad med ein takst på 2,5 millionar kroner måtte ut med opptil 17 500 kroner i eigedomsskatt.

– Eigedomsskatten betyr mykje for kommunen. Så lenge vi brukar desse pengane på ein god måte, til omsorgs- og oppvekstoppgåver, så trur eg folk forstår at vi treng inntektene, seier Klingenberg.

Vil ikkje skattlegge folk for å bu

Dersom du køyrer i tunnel sørover kjem du til nabokommunen Lærdal på andre sida av fjellet. Sjølv om den kommunen også ligg inst i ein fjordarm og er inneklemt mellom høge fjell, er næringsgrunnlaget heilt annleis enn i Årdal. I Lærdal er det frukt, bær, turisme og laksefiske som er livsnerven.

Her ligg dei gamle husa tett i tett i sentrum. Midt i klynga av verna trehus frå 17- og 1800-talet driv ordførarkandidaten for Høgre Johannes Einemo hotell. Han har ei heilt anna haldning til eigedomsskatten enn partikollegaen i Årdal.

Eg meiner eigedomsskatten ikkje burde vore til fordi ein skattlegg noko som folk allereie eig. Dei jobbar hardt for å ha ein heim å bu i og så skal dei skattleggast for å ha ein plass å bu. Det tykkjer eg ikkje er rett, seier Einemo.

Johannes Einemo

HOTELLSJEF: Johannes Einemo driv Lærdalsøren Hotell og er ordførarkandidat for Høgre i Lærdal. – Vi kan ikkje skattlegge folk for å bu, seier han

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Lærdal hamna også på Robek-lista i 2013, men her var det ikkje eit alternativ å innføre eigedomsskatt for å løyse den økonomiske krisa.

Einemo er fersk i lokalpolitikken. Han stiller til val for første gong. Ein ting er han heilt sikker på; han kjem aldri til å stemme for å innføre eigedomsskatt i kommunen.

– Kva andre kommunar gjer har eg ingen meining om, men i Lærdal er det andre måtar for kommunen å få inntekter på enn ved å skattlegge dei som bur her og vil busetje seg her.

For årdølane vil eigedomsskatten bli lågare frå 2020. Regjeringa har vedteke å senke grensa for kor mykje eigedomsskatt kommunane kan krevje inn til fem promille.

Sjølv om Årdal no er ute av lista over kommunar i økonomisk ubalanse, blir det ikkje aktuelt å senke eigedomsskatten noko meir med det første.

Høgres ordførarkandidat i industrikommunen meiner at eigedomsskatten bør ned på sikt, men innrømmer at det kan bli ei stund til.

– Vi må sjå på dette i heilskap. Vi har mange bygningar i Årdal som treng oppgradering, og det er viktig at standarden blir betre slik at vi kan bruke dei på ein fornuftig måte.

Klingenberg vedgår at eigedomsskatt ikkje er heilt i tråd med Høgre sin politikk.

Å støtte eigedomsskatt er ikkje det kjekkaste ein gjer som høgrepolitikar, men det er heilt naudsynt at ein har pengar til å drive kommunen, påpeiker Høgre-toppen.

Tre Troms-kommunar

Den som leitar etter tydlege partipolitiske skiljelinjer når det gjeld eigedomsskatt leitar forgjeves. I kommune etter kommune, i landsdel etter landsdel og i by etter by er praksisen heilt ulik. I regjeringsplattforma står det at ordninga er «ein usosial form for skatt som rammar uavhengig av betalingsevne».

Like fullt er dei same partia pådrivar for å krevje inn denne skatten, i kommune etter kommune.

I tre nabokommunar i Troms ser vi dette tydeleg. Målselv, Sørreisa og Bardu er relativt like. Målselv har høg eigedomsskatt, Sørreisa har ikkje skatt på eigedom, medan Bardu har avvikla den omstridde skattlegginga.

Sørreisa kommune i Troms

Sørreisa Kommune har ikkje eigedomsskatt. Nabokommunen Bardu har avvikla skatten, medan Målselv har høg skatt på eigedom.

Foto: Arild Moe / NRK

I Sørreisa som ikkje har eigedomsskatt er ordføraren frå Arbeidarpartiet. I Bardu som har avvikla skatten er ordføraren frå Senterpartiet. I Målselv, der det har vore opprør mot eigedomsskatten, er ordføraren frå Arbeidarpartiet. Han blei valt med støtte frå Høgre, som har varaordføraren.

– Vi har gradvis redusert eigedomsskatten, og no er vi heilt kvitt han, seier Senterpartiordførar i Bardu, Toralf Heimdal. I 2015 var skatten fem promille, i 2016 reduserte kommunen han til tre promille, året etter til to promille. For budsjettåret 2019 avvikla kommunen heile ordninga.

Vi har ikkje god råd, men vi har tatt grep. Vi må greie oss med dei inntektene vi har, seier ordføraren. Han meiner at eigedomsskatt er dobbel skattlegging av innbyggarane i kommunen.

Både Bardu og Sørreisa skal investere mykje dei komande åra, mellom anna i nye skolebygg. Men dei to ordførarane meiner at kommunen skal gjennomføre det utan eigedomsskatt.

– Vi kunne brukt meir pengar til næringsverksemd, og vi kunne hatt fleire lærarar og betre barnehagar. Men vi set tæring etter næring og må greie oss med dei inntektene vi har, seier Arbeidarparti-ordførar Jan-Eirik Nordahl.

Jan-Erik Nordahl (Ap), ordfører i Sørreisa kommune i Troms.
Foto: Arild Moe / NRK

Melde seg ut

Eigedomsskatten splittar politikarane i norske kommunar landet rundt. Diskusjonane har gått høglydt i kommunestyra, og særleg under konstitueringane. Det handlar om alt frå promillesats, botnfrådrag og taksering, til prinsipielle synspunkt på den omstridde skatten.

Askøy kommune slit som mange andre med trong økonomi. Arbeidarpartiet i kommunen gjekk likevel til val på at det ikkje skulle bli eigedomsskatt i kommunen.

Då partiet likevel kompromissa seg fram til at det skulle bli eigedomsskatt melde den profilerte politikaren Kurt Heggernes seg ut av partiet.

Eg kunne ikkje røyste for eigedomsskatten. Vi må stå for det vi gjekk til val på seier han. Resultatet var at det ikkje vart innført eigedomsskatt i Askøy. Stemma til Heggernes førte til at det ikkje vart eigedomsskatt i kommunen.

Kurt Johnny Hæggernæs

Kurt Johnny Hæggernes melde seg ut av Arbeidarpartiet, og sørga for at det ikkje blei eigedomsskatt i Askøy.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Opp til partia lokalt

Kor mange kommunar som kjem til å ha eigedomsskatt etter valet er uvisst. Ordninga har vore sterkt kritisert, og regjeringa har gradvis senka promillesatsen. Før var den på opptil sju promille, no er maksimumsgrensa fire promille.

I Granavolden-erklæringa står det at eigedomsskatten er usosial og at han bør reduserast ytterlegare.:

«Folk investerer i bustad og hytte av omsyn familiens velferd. Difor bør ikkje desse sjåast på som skatteobjekt på lik linje med andre investeringar. Eigedomsskatt er ei usosial form for skatt som rammar uavhengig av betalingsevne. Regjeringa vil difor fortsetje å redusere eigedomsskattesatsen og skattegrunnlaget».

Dette meiner partia om eigedomsskatten:

  • Høgre meiner eigedomsskatten må fastsettast lokalt. «De som ikke innfører eiendomsskatt skal ikke straffes økonomisk av staten.»
  • Framstegspartiet meiner eigedomsskatten er usosial. «En bolig skal være et hjem og ikke et skatteobjekt. Derfor vil Fremskrittspartiet frata kommunene muligheten til å innføre eiendomsskatt».
  • Arbeidarpartiet vil ikkje innføre ein nasjonal eigedomsskatt. «Hver enkelt kommune vurderer best om det er behov for eiendomsskatt, og kan tilpasse den etter lokale forhold».
  • Senterpartiet meiner det er opp til kommunane om dei ønskjer å ha eigedomsskatt innanfor sine grenser som ei ekstra inntekt. «Samtidig er vi opptatt av at det ikke skal være manglende overføringer fra staten til kommunene som skal være avgjørende for om kommunene innfører eiendomsskatt eller ikke».
  • Venstre meiner eigedomsskatten må fastsettast lokalt. Partiet har gått sterkt mot eigedomsskatt i fleire kommunar.
  • KrF meiner at kommunane sjølv kan avgjere om dei vil skrive ut eigedomsskatt. «Derfor er det KrFs lokalpolitikere som selv avgjør om de ønsker eiendomsskatt i sin kommune eller ikke. I noen kommuner går KrF inn for eiendomsskatt, i andre kommuner er man imot».
  • SV meiner at kommunane må stå fritt til sjølv å skrive ut eigedomsskatt. «Flere steder i landet brukes inntekten fra eiendomsskatten til å finansiere viktige velferdstilbud».
  • Rødt vil at eigedomsskatten skal fastsettast lokalt og gå til kommunane. «Prinsippet om sosial utjevning skal være gjeldende for utforming av selve skatten.»
  • MDG meiner eigedomsskatten bør avgjerast lokalt, og har vore klart for eigedomsskatt i fleire kommunar.