Hopp til innhold

– Det kan bli full stopp

Mattilsynet kontrollerer ikkje om laksen som eksporteres til Kina faktisk er frisk. Nå fryktar ein av landets fremste kinaekspertar for at Asias største marknad kan bli stengd.

Kinesisk fiskemarked

Om kinesarane blir usikre på dei norske helsesertifikata, kan norsk laks bli utestengd frå den kinesiske marknaden, fryktar seniorforskar Hans Jørgen Gåsemyr.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Kina er særs oppteken av mattryggleik, ikkje minst når det gjeld import. Blir dei usikre på situasjonen rundt dei norske helsesertifikata som følgjer laksen, kan det få eit alvorleg etterspel, seier Kina-ekspert og seniorforskar Hans Jørgen Gåsemyr ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).

Hans Jørgen Gåsemyr, seniorforsker NUPI

Hans Jørgen Gåsemyr er seniorforskar ved NUPI

Foto: NUPI

Ikkje ressursar

Helsesertifikata følgjer alle parti med norsk laks ut av landet. Dokumentet er ein garanti for at fisken er trygg å ete og fri for sjukdommar som landa ikkje vil ha inn. Det er produsentane sjølv som fyller ut papira. Men det er Mattilsynet som stemplar dei og går god for innhaldet.

Og Mattilsynet gjer dette nærast automatisk.

– Mattilsynet har ikkje ressursar til å kontrollere det som skal sendast ut av landet med eit helsesertifikat. Vi må ha tillit til at verksemdene følgjer reglane, seier avdelingsdirektør Inge Næsset.

– Ei uoverkommeleg oppgåve

90.000.

Det er talet på helsesertifikat som Mattilsynet årleg skriv ut for eksport av sjømat. NRK har spurt tilsynet om dei nokon gong opnar kassane med fisk og tek prøvar av laksen før dei godkjenner dei viktige dokumenta.

– Det er ein uoverkommeleg oppgåve om vi fysisk skal sjekka at alle partia med fisk som vert sende ut av landet, samsvarar med helsesertifikata. Vi må ha tillit til eksportørane, seier Inge Næsset i Mattilsynet.

– Korleis kan Mattilsynet garantere for mattryggleiken om partia ikkje vert sjekka?

– Det er verksemdene som har ansvaret for å følgje reglane. Når dei gjer det, blir maten trygg.

Inge Næsset, avdelingsdirektør Mattilsynet

Inge Næsset er avdelingsdirektør i Mattilsynet.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Nulltoleranse

NRK har i fleire artiklar fortalt om korleis bakterien Listeria er ei stor utfordring ved norske lakseslakteri. I 2023 blei det kjent at sju svenskar døydde i samband med Listeria. Svenske styresmakter meinte dei kunne spore smitta mellom anna til Lerøy Midts lakselakteri i Noreg. Verksemda hadde i lang tid hatt påvisingar av Listeria både i fabrikk og på produkta. Svenskane fann den samme bakteriestamma hos Lerøy som på dei smitta produkta i Sverige.

Kina har nulltoleranse for listeria på laks. Styresmaktene i landet har difor tatt listeriautfordringane direkte opp med Mattilsynet.

– Dei har formidla til oss at fersk fisk ofte blir nytta til mat utan varmehandsaming, bekreftar Inge Næsset i Mattilsynet. Han peikar nok ein gong på verksemdenes ansvar.

– Det er difor viktig at norske produsentar tar omsyn til dette i sine interne kontrollar, seier han.

Store ringverknader

Men kva skjer om kinesarane opplever svenske tilstandar? At nokon vert alvorleg sjuk eller døyr av norsk laks.

Da kan det bli full stopp, seier kinaekspert Hans Jørgen Gåsemyr. Han meiner marknaden kan bli stengd nærast over natta.

– Avgjerda kan kome veldig raskt.

Kina er Noregs største marknad for laks i Asia. I 2023 vart det eksportert laks for ein verdi på nesten 5,2 milliard kroner dit. Det var ein auke på 81 % frå året før.

Gåsemyr fryktar at funn av sjuk, norsk laks kan gje store negative konsekvensar.

– Mykje av det som skipast ut frå Noreg og inn i Kina, er jo råvarer. Og dei kjem som ein merkevare som er rein, sunn og berekraftig. Om det oppstår usikkerheit knytt til mattryggleiken ved norske produkt, så kan jo det få ringverknader utover dei enkeltproduktene ein snakkar om, seier han.

Varslingsplikt

Det har i lang tid vore ei konflikt mellom Mattilsynet og dei norske lakseprodusentane i samband med Listeria. Etter ein kampanje i 2021 påla tilsynet dei norske slakteria å varsle vidare til neste ledd i matkjeda om dei hadde påvisingar av Listeria. Mattilsynet skreiv blant anna dette til produsentane:

«Avslutningsvis vil vi nevne at fleire eksportland, som Kina, i flere år har stilt strenge krav med hensyn til Listeria(..) Fersk laks som inneholder Listeria vil uten varmebehandling i senare ledd vere en kilde til utrygge produkter. I verste fall kan det resultere i dødsfall. (..) Verken Mattilsynet, Noreg som sjømatnasjon eller norske sjømatbedrifter er tjent med at slike hendelser kan tilbakeføres til Norge.(..) Ved å attestere på eksportsertifikater har vi vurdert at virksomhetene overholder kravene i mikrobiologiske kriterier, dvs. at kravene fra importlandene er oppfylt. Dette er viktig for å opprettholde Mattilsynets tillit.»

Uroa over situasjonen

Fleire av dei store lakseprodusentane hyra inn advokatar hos firmaet Haavind for å få endra vedtaket. Dei hevda at det berre var produsentar av spiseklare produkt som hadde ei slik varslingsplikt. Råvareleverandørane kunne ikkje råkast av dette, meinte dei. Etter ein lang kamp vann dei fram. Mattilsynet snudde i saka.

Varslingsplikta blei fjerna.

Haakon IVs gate 10 i Oslo, huser advokatfirmaene Haavind og Kvale, samt Odin forvaltning

Advokatane i firmaet Haavind blei hyra inn av laksegigantane for å få endra Mattilsynets vedtak.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

NRK har snakka med fleire kjelder i Mattilsynet som er uroa over situasjonen. Dei peikar, som Gåsemyr ved NUPI, særleg på den kinesiske marknaden. Og fryktar at norsk laks kan gå på ein smell.

– Mattryggleik er særs viktig for Kina. Det er noko som blir tatt veldig seriøst og blir følgt stadig tettare, seier Gåsemyr til NRK.

Inge Næsset i Mattilsynet ønskjer ikkje å kommentere seniorforskarens utsegner om ein mogeleg stengd kinesisk marknad.

– Vi kontrollerer fiskehelsekrava digitalt og attesterer for dei krava kinesiske myndigheten stiller. Kva som skjer med eit vareparti som ender opp med å forårsake eit problem i verdikjeda, er det umogleg for oss å seie noko generelt om.

11.04.2024. Artikkelen er blitt oppdatert. NRK skreiv først: «Svenske styresmakter spora listeriasmitten til Lerøy Midts lakseslakteri på Hitra. Bedrifta hadde i lang tid hatt påvisingar av listeria i fabrikken og på produkta.»

Dette er no endra til: «Svenske styresmakter meinte dei kunne spore smitta mellom anna til Lerøy Midts lakselakteri i Noreg. Verksemda hadde i lang tid hatt påvisingar av Listeria både i fabrikk og på produkta. Svenskane fann den samme bakteriestamma hos Lerøy som på dei smitta produkta i Sverige.»