Hopp til innhold

Fleire yngre innsette i fengsel – meiner porno kan vere ei årsak

Gruppa som sonar for seksuallovbrot i norske fengsel blir fleire og yngre. Fengselsbetjent Siv Iren Strømmen meiner porno må ta noko av skulda.

Skjermdump fra en pornonettside, redigert, så alt er utydelig. Skjermbildet viser fire ganger fire pornovideoer.

EI AUKE: Fleire og fleire av dei innsette som er dømd for seksuallovbrot, er unge menneske. Ein fengselsbetjent NRK har prata med, meiner porno kan vere ein medverkande årsak.

Illustrasjon: Illustrasjon / Skjermdump

Andelen innsette som sonar for seksuallovbrot har auka kraftig dei siste åra.

I 2000 utgjorde denne gruppa 6 prosent av alle som sona i fengsel. I dag har talet stige til 27 prosent, viser tal frå Kriminalomsorga.

Det betyr at fleire enn éin av fire innsette sonar for seksuallovbrot.

Innanfor gruppa har det også skjedd ei endring.

Fleire unge bryt lova

I 2022 var det flest mellom 30 og 39 år som sat inne for seksuallovbrot. Sånn var det også i 2000. Samstundes veks delen yngre som blir dømde for denne typen lovbrot.

Ein tredel av alle innsette mellom 15 og 24 år sit inne for nettopp seksuallovbrot.

Siv Iren Strømmen har jobba som fengselsbetjent i Trondheim fengsel sidan 2002. I fleire år har ho jobba med dei som er dømde for seksuallovbrot.

Ho peikar på pornobruk som ei årsak til at dei dømde blir yngre.

Siv Iren Strømmen på jobb i Trondheim fengsel.

Fengselsbetjent Siv Iren Strømmen i Trondheim fengsel.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

Fengselsbetjent Siv Iren Strømmen i Trondheim fengsel.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

– Ein utforskar meir og meir og får opp forslag frå andre sider. Så klikkar ein seg vidare og vidare inn på ulovlege sider, og til slutt blir det aldri nok, seier Strømmen.

– Du er langt utpå før du har forstått det sjølv, legg ho til.

Psykologspesialist Maia Mack, som jobbar med pornoavhengige på BlåKors i Oslo, seier dette er eit «høghastigheitsinternett-problem».

– Pornoen i dag er ikkje sånn han var før. Det er ikkje VHS-kassettar og magasin. Tilgjenget er uavgrensa og det er berre å taste eit par gongar på ein mobil eller PC.

I Kriminalomsorga region nord, der Strømmen jobbar, er omtrent 40 prosent av dei innsette dømde for seksuallovbrot.

Les også Ny undersøking: Éin av fem kvinner oppgir å ha blitt valdtatt

– Jeg slet med depresjon fra før og merket at det ble utrolig mye verre etter voldtekten, sier «Nora».

Porno påverkar

– Når ein ser porno, onanerer og får utløysing, eksploderer hjernen med lysthormon. For kvar gong du gjer det, vil du forsterke den seksuelle interessa som alt ligg der. Jo sterkare ho blir, jo lettare blir det å gå over ein terskel i den verkelege verda, seier Svein Øverland.

Han er psykologspesialist ved kompetansenettverket Sifer og har jobba med tematikken i årevis.

Svein Øverland står i svart skjorte foran en vegg i grå- og hvitmønstret stein. Han er en mann i 50-årene, med lysgrå, lett skjeggvekst og kortklipt hår. Han smiler litt og ser vennlig ut.

Psykologspesialist Svein Øverland.

Foto: Robert Rønning / NRK

Psykologspesialist Svein Øverland.

Foto: Robert Rønning / NRK

Øverland jobbar også med ungdom. Han fortel korleis spørsmåla han får frå unge har endra seg dei siste åra:

– Før spurde ungdom meg om det var vanleg eller vondt å ha analsex, seier Øverland.

No får han spørsmål som «er det vanleg å bli spytta i andletet under sex?», eller «er det vanleg at kjærasten min slår meg i andletet når eg syg han?».

– Og det har komme frå pornografien, spør du meg. Det er sjeldan to 15-åringar byrjar der av seg sjølv, meiner han.

Les også – Eg gråt da eg så kva min åtte år gamle son hadde søkt på

Sensurert bilde. 
Illustrasjonsbilde porno

Vanskeleg skilnad

I NRK-dokumentaren «Porno 2022» blir det rekna ut at barn vert eksponerte for porno for fyrste gong når dei er 11 år gamle.

– Dess grovare pornoen er, dess større negativ effekt har han på dei som er sårbare, seier Maia Mack.

Det er ofte vanskeleg å skilje mellom kva som er innverknaden til pornoen og ikkje, seier ho. Men at barn og unge har lett påverkelege hjernar, er heller ikkje til å komme vekk frå.

– At pornoen påverkar barn og barn sitt syn på seksualitet, er openbert, seier ho.

Maia Mack, en hvit kvinne i 40-årene, ser inn i kameraet. Hun har rødt, langt hår og kortklipt pannelugg. Hun har sort eyeliner og et mønstret skjerf rundt halsen. Bakgrunnen er gul- og hvitfargede tak og vegger.

Psykologspesialist Maia Mack.

Foto: Privat

Etter kvart som algoritmane på nettstadene dreg sjåaren med vidare, kan grenser bli flytta.

Svein Øverland presiserer at porno jamt over ikkje er farleg.

– Men for den vesle gruppa som allereie har visse tendensar, så kan pornoen auke risikoen for at ein mister kontrollen. At freistinga kan auke og auke, seier han, og legg til:

– Ein kan sitje og onanere til videoar med ganske kraftig innhald og så få ei ekkel kjensle etterpå. Men så kan ein rasjonalisere eigne handlingar. Det er ganske vanleg når ein ser pornografi, legg han til.

Då kan ein tenkje at «ja, ja, det var jo berre porno» og «ho får jo sikkert godt betalt og ingen vart vel skadde».

Han kallar det for å etterrasjonalisere. At ein forsvarer, orsakar eller rettferdiggjer eigne handlingar etter at ein har gjort dei.

Sånn kan det også vere med valdtekt.

Les også Porno på timeplanen: – Man har veldig mange spørsmål

Lærer, Vennesla ungdomsskole

Få nyttar hjelpetilbodet

Det finst fleire kurs ein kan ta når ein sitt i fengsel; nokre for sinnemeistring, andre for å bli kvitt ein rusavhengnad.

I 2019 rulla også Kriminalomsorgen ut tilbodet Basis i utvalde, norske fengsel; blant dei Trondheim fengsel, der Siv Iren Strømmen jobbar.

Tilbodet, som finst i 13 fengsel, er frivillig og for dei som har ein «anteke forhøgja tilbakefallsrisiko».

Les også Fire år for valdtekt: – Eg kan ikkje tru eg er ein av dei

"Daniel" i fengsel.

Tal NRK har henta inn frå Kriminalomsorga viser at berre 97 av dei 785 som sit inne for seksuallovbrot i norske fengsel gjennomførte kurset i 2022.

Det er 12 prosent.

– Dei hadde ikkje ein draum om å bli valdtektsmenn då dei vaks opp. Dei fleste avskyr det like mykje som alle andre, seier Strømmen.

Ho seier dei alltid ser kognitive fordreiingar og tankar som rettferdiggjer handlinga i timane med dei innsette.

Det er noko dei jobbar mykje med i Trondheim fengsel.

Siv Iren Strømmen jobber som fengselsbetjent i Trondheim fengsel.

Siv Iren Strømmen jobbar mykje med dei som er dømd for seksuallovbrot i fengselet.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

Mange fornektar handlinga

Kriminalomsorga seier til NRK at dei har eit mål om at fleire dømde for seksuallovbrot skal nytte programmet.

– Det er inga enkel oppgåve, seier avdelingsdirektør Heidi Bottolfs.

Dei jobbar både med å auke tilbodet og deltakinga.

– Mange innsette dømde for seksuallovbrot nektar for eigen kriminalitet og vegrar seg mot både behandling og tiltak frå kriminalomsorga, seier Bottolfs.

Avdelingsdirektør Heidi Bottolfs i Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) står foran et vindu i blå skjorte.

Heidi Bottolfs. Fotografert i samanheng med ein annan sak.

Foto: Martin Leigland / NRK

Heidi Bottolfs. Fotografert i samanheng med ein annan sak.

Foto: Martin Leigland / NRK

I behandlinga fokuserer dei mest på framtida. Programma er tufta på livsmeistring og tankane bak er at det er lågare risiko for gjentaking om ein har det betre i livet.

– Målet er at dei aldri skal hamne i same situasjon igjen og aldri utsette nokon andre for den same handlinga, forklarar Strømmen.

Ho seier at dei fleste fornektar det dei har gjort i starten, men at det ofte endrar seg utover i behandlinga.

– Me brukar å diskutere når det starta og korleis handlinga kunne skje. Ingen hamner i fengsel heilt plutseleg, seier Strømmen.