Hopp til innhold

Blei åtvara om nettverket i 2017: Her er e-posten direktoratet aldri svarte på

I 2017 fekk Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) ein bekymringsmail om Instagram-nettverket, men gjorde ingenting med det. Da NRK tok kontakt hugsa ikkje direktoratet varselet eller kva det inneheldt.

Bekymringsmailen Bufetat region vest sendte til Bufdir i 2017 om Instagram-nettverket.

Bufetat region vest oppdaga Instagram-nettverket i 2017, og sende difor ein bekymringsmail til direktoratet. Den fekk dei aldri svar på.

Grafikk: Ellen Ulriksen / NRK

Trigger-warning-banner

Utgangspunktet for åtvaringa var at 17 år gamle Andrine hadde tatt sitt eige liv på ein privat barneverninstitusjon på Stord tidlegare det året.

Ho hadde vore blant dei mest aktive på Instagram-nettverket, der mange jenter delte sjølvmordstankar.

Bufetat region vest viste i ein mail til direktoratet stor bekymring for det skjulte nettverket. Dei opplevde miljøet som ein «stadig større utfordring rundt om i norske barnevernsinstitusjonar». Over to år etter har dei enda ikkje fått svar frå direktoratet.

E-posten

Da NRK i september fortalde direktoratet om varselet dei fekk, klarte dei ikkje å finne tilbake til det, eller svare på kva dei hadde gjort med saka.

En jobb for direktoratet å gå inn i dette? Nå er det mer eller mindre tilfeldig hva vi sitter med av oversikt og kunnskap på område. Vi må ha mer kunnskap om det som foregår og det bør komme ut til alle som jobber med barn og unge.

Epost fra Bufetat region vest

– Eg kjenner nesten ikkje til nokon nettverk på Instagram, eller andre plattformer. Me berre veit at dei er der, dei kjem og går, seier Kjetil Ostling, som er divisjonsdirektør for tenester i Bufdir.

Kjetil Andreas Ostling

VANSKELEG Å HANDTERE: Kjetil Ostling er divisjonsdirektør for tenester i Bufdir. Han meiner direktoratet ikkje kan handtere denne type nettverk.

Foto: Beate Riiser / NRK

Men her har du eit nettverk som har gått føre seg i mange år, der fleire har teke sitt eiget liv. Er ikkje det noko Barne-, ungdoms og familiedirektoratet burde vite om?

– Me veit at det finst mange av desse foruma, me veit at det finst noko som heiter Facebook, og noko som heiter Twitter, at det er noko som heiter Jodel, at det er noko som heiter internett generelt, svarer Ostling.

Men de blei jo varsla om akkurat dette nettverket for to år sidan?

I etterkant av dødsfallet er det også kommet frem at ungdom på andre institusjoner, både i vår region i andre regioner også er med i gruppen på instagram og det er rundt 400 deltagere i den omtalte gruppen.

Epost fra Bufetat region vest

Til stades i intervjuet er også Bufdir sin senior kommunikasjonsrådgjevar, Marianne Løkkevik, ho svarer på spørsmålet.

– Du spør om eit enkelt nettverk. Viss me hadde tatt utgangspunkt i eit enkelt nettverk, så hadde me gjort ein kjempedårleg jobb, seier Løkkevik.

Så viss ein får ein e-post der informasjonen er så oppsiktsvekkande som her, bør ein ikkje da ta tak i det?

– Det er mange førespurnader me får som er oppsiktsvekkande, me kan ikkje jobbe med eit enkelt nettverk.

Kvifor ikkje?

– Jobben til Bufdir er å ta vare på kvar enkelt ungdom. Medan eitt enkelt nettverk da må ein be politiet om å stenge det, svarer ho.

Da NRK bad om innsyn til mailen Bufetat region vest sende, så sleit Bufdir med å finne varselet. Da søkte me innsyn hos nokon andre – nemleg dei som hadde varsla, og dei visste kor varselet var å finne.

I mailen Bufetat region vest sende er det tydeleg at dei er urolege for korleis jentene i Instagram-nettverket kan påverke kvarandre:

Smitteeffekten for de mest sårbare og syke vurderes å være stor og vi er også kjent med at det er lagt ut fremgangsmåter som andre ungdommer i gruppen også har gjennomført.

Epost fra Bufetat region vest

Ikkje berre hadde Bufdir problem med å finne igjen varselet, men dei tvilte også på om det var faktiske læringspunkt av verdi som hadde blitt sendt i e-posten.

– Me må stille oss til at dette finst der ute. Det me må jobbe med er det grunnleggande i ungdommane, i måten dei stiller seg til at den typen inspirasjon og informasjon finst der ute, seier Ostling.

Men kva har de gjort?

– Me gjer mange ting heile tida. Me har kursing i det å møte unge som har det vanskeleg, me jobbar med tryggleik og sikkerheit. Me jobbar også med å risikovurdere unge, men det viktigaste me gjer er å følge opp kvar enkelt ute på institusjonane, svarer Ostling.

Bufdir seier at dei også har starta å kartlegge korleis barn og ungdom dei har ansvar for brukar sosiale medium.

Skeptisk til å snakke om enkelte nettverk

For i Bufdir er dei skeptiske til at barnevernsinstitusjonar skal snakke om konkrete nettverk med barna.

– Eg trur at det nokon gonger også kan vere ein fare dersom me går ut og snakkar med all ungdom om konkrete nettverk. Da kan nettopp me vere med på å spreie kjennskapen til nettverk som unge i utgangspunktet ikkje var kjend med, fortel Ostling.

Men burde ikkje alle som arbeider ute på barnevernsinstitusjonar vite at dette nettverket eksisterer?

– Dette nettverket er eitt av veldig mange forskjellige nettverk. Me kan ikkje forvente at me klarer å springe etter alle dei nettverka og plattformene som blir oppretta, svarer Ostling.

Viss ein ser på delar av mailen så er det tydeleg at dei i Bufetat vest ikkje er einige med Ostling:

Viktig at ansatte som jobber med barn og unge har et bevisst forhold til at dette foregår og at det både er fokus på avdekking av ungdoms nettbruk og sensitiv oppfølging med fokus på å ivareta og støtte ungdom der de er.

Epost fra Bufetat region vest

Betyr det at de ikkje skal gjere noko med det, sidan det er så omfattande?

– Nei, det betyr på ingen måte at me ikkje skal gjere noko med utfordringane. Også er det sånn at den viktigaste jobben med det her blir gjort i direkte møte med kvar enkelt ungdom, svarer divisjonsdirektøren.

Statssekretær i Barne- og familiedepartementet, Jorunn Hallaråker (KrF), seier departementet vil gjere det dei kan for å førebygge sjølvmord og sjølvskading, og at dei vil undersøke nærmare korleis Bufdir tek i mot denne type informasjon.

– Me vil finne nærmare ut korleis Bufdir handterer informasjonen dei får om barn og unge dei har omsorg for, og som deltek i lukka nettverk som opplagt kan vere skadelege, seier Hallaråker.

Har du behov for å snakke med noen etter å ha lest denne saken?

  • Kirkens SOS hjelpetelefon: 22 40 00 40
  • Mental helses hjelpetelefon: 116 123
  • Chattetjeneste fra Kirkens SOS: soschat.no