Ingebjørg (22) har vore «livvakt» for suicidale jenter på nett – no får ho Tabuprisen

BERGEN (NRK): 22-åringen etterlyser fleire behandlarar og meir kunnskap om kvifor unge får sjølvmordstankar. – Noreg må skjøne at det som er gjort til no ikkje funkar.

Ingebjørg Blindheim

LIVSLINE: Ingebjørg Blindheim har ei spesiell rolle i det lukka Instagram-nettverket. No blir ho heidra med Tabuprisen for arbeidet for å hindre sjølvmord.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Trigger-warning-banner

– Eg følte at heile livet gjekk i grus, og at eg ikkje hadde ei meining i verda, seier Ingebjørg Blindheim frå Bergen.

Ho som har tatt på seg å vere «livvakt» for jenter i det lukka Instagram-nettverket, har det siste året mista endå fleire til sjølvmord. Då studieplassen ho hadde jobba for også glapp i fjor sommar, blei livet igjen for tøft. Ho blei lagt inn på psykiatrisk.

Eit år seinare får Ingebjørg Blindheim (22) i dag Tabuprisen frå Rådet for psykisk helse for arbeidet ho har gjort for å førebyggje sjølvmord.

– Hadde nokon fortald meg då at eg kom til å få tabuprisen, hadde eg ikkje trudd på dei.

Har vist fram det skjulte

For jentene i det lukka nettverket på Instagram, der dei deler både sjølvmordstankar og bilde og film av sjølvskading, er Ingebjørg Blindheim livsviktig.

Ho har svart på fortvilte meldingar heile døgnet. Ringt politiet når nokon vil gi opp. Redda mange liv.

Folk flest blei kjent med ho gjennom programmet Innafor «Trigger Warning – selvmord på Instagram» og NRKs saker om det skjulte Instagram-nettverket. Saman med seks andre driv ho også videobloggen Psyktærlig.

Tabuprisen får ho for arbeidet for å førebyggje sjølvmord, og for å ha gitt vaksne kunnskap om kva som skjer i dei skjulte nettverka.

– Ingebjørg har verkeleg sett ord på bruken av sosiale medium, og på kor skadeleg og sjølvforsterkande noko av bruken på Instagram har vore, seier generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse.

– Det var svært mange som ikkje visste om nettverka. Og ikkje minst har ho vist korleis hjelpeapparatet bør møte barn og unge sine digitale liv.

Ingebjørg Blindheim

STEMME: Rådet for psykisk helse meiner Ingebjørg har gitt vaksne viktig kunnskap om kva som skjer i dei skjulte nettverka og kva unge som slit psykisk treng.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

For vanskeleg å få hjelp

Prisen vil Ingebjørg Blindheim bruker til å formidle ein beskjed.

– Noreg må skjøne at det som er gjort til no ikkje funkar. Det er gjort i beste meining, men det går ikkje. Folk døyr heile tida.

I haust kjem regjeringas handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Der har helseminister Bent Høie varsla at skadeleg innhald på nett blir eit viktig tema.

Blindheim meiner det som har kome så langt er for lite konkret.

– Det hjelper ikkje å kartlegge sjølvmord etter dei har skjedd. Vi må gå inn og finne ut kvifor folk har sjølvmordstankar i utgangspunktet.

Mange ho kjenner har ikkje fått hjelp når dei trong det. Av og til kjem hjelpa ikkje før det er for seint.

– Det er ikkje nok behandlingsplassar og døgnplassar. Når politikarar og andre ber oss søke hjelp om vi har det vanskeleg, må dei faktisk sørge for at det finst hjelp.

Ingebjørg Blindheim og hunden Frida.

TERAPI: Hunden Frida er kalla opp etter ein behandlar som har vore viktig for Ingebjørg. Ho etterlyser fleire behandlarar og døgnplassar til unge som slit psykisk.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Statssekretær Inger Klippen i Helse- og omsorgsdepartementet viser til at handlingsplanen vil bli lagt fram i september, og vil difor ikkje sei noko kva regjeringa kjem til å legge fram der.

– Men eg er heilt einig i at det er viktig å sjå på kva som gjer at unge får sjølvmordstankar, kva som gjer at dei kjenner på utanforskap og ikkje ser noko anna løysing. Dette bruker vi mykje ressursar på å kartleggje.

Tungt ansvar

Eit år etter at det skjulte Instagram-nettverket blei kjent for langt fleire enn dei som er del av det, har noko blitt endra til det betre.

– Før følte eg at om eg ikkje var inne på Instagram og sjekka, ville folk døy. Nå er det fleire som tar ansvar, som vågar å ringe politiet eller ambulansen, seier Ingebjørg Blindheim.

Samstundes har det også kome fleire til i nettverket, og nokon deler endå verre ting enn før. Dagleg blir ho kontakta av unge, både i Noreg og i andre land, som treng hjelp.

– Det er ganske tungt å ha eit sånt ansvar, men eg har ikkje noko imot å gjere det fram til hjelpa kjem.

Har du behov for å snakke med noen etter å ha lest denne saken?

  • Kirkens SOS hjelpetelefon: 22 40 00 40
  • Mental helses hjelpetelefon: 116 123
  • Chattetjeneste fra Kirkens SOS: soschat.no
Hvorfor åpner unge med selvmordstanker seg Instagram? Vilde leter etter svar på hva hjelpeapparatet gjør feil i møte med unge som sliter psykisk.

Hvorfor åpner unge med selvmordstanker seg Instagram? Vilde leter etter svar på hva hjelpeapparatet gjør feil i møte med unge som sliter psykisk.