Hopp til innhold

Abid Raja ville forby Rushdie-boka. No frontar han Nygaard-saka

Som 13-åring gjekk Abid Raja i demonstrasjonstog med krav om å forby boka Sataniske vers. – Det er skummelt å tenke på at vi som barn blei fortalt at både Salman Rushdie og William Nygaard fortente å døy, seier han.

Det er første gong den tidlegare kulturministeren fortel offentleg at han var med i demonstrasjonen. På eit kontor i Stortinget ser Raja på videoklippa frå protest-toget i Oslo i 1989.

Fremst i toget går mennene.

Takfaste rop med ein litt unorsk aksent gjallar på Karl Johan: «Stans boka i Norge», «Stans boka i Norge».

På plakatane står det «Nei til Satan Rushdies bok».

Raja hugsar det godt. Han var ein av mange unge som gjekk bakerst i toget.

– Det er utruleg å sjå på i dag, seier han.

– Vi blei reve med. Både vi som var barn og mange andre blei fortalt av våre foreldre, og av leiande muslimar at både forfattaren Salman Rushdie og forleggaren William Nygaard burde døy, seier Raja.

– Det er skummelt.

Du vil jo vere ein del av flokken. Og når flokken seier at William Nygard bør drepast, så byrjar du å tenke og meine det sjølv også, seier han.

«Et terrorangrep»

Han ser på dei gamle videoklippa saman med Aschehougs forlagssjef Mads Nygaard.

– Det er viktig at vi tolerer ytringar. Folk må gjerne demonstrere. Men vi kan ikkje tolerere at det utartar til voldelege handlingar, seier Mads Nygaard.

Han var 21 år og avtente verneplikta då opptøyane mot Salman Rushdie spreidde seg over heile verda.

– Eg hugsar at eg kom inn i kantina og såg bildet av min far og overskrifta «Dømt til døden av Khomeini», seier Mads Nygaard.

Avisoppslaget handla om dødsdommen som Irans åndelege leiar ayatolla Khomeini avsa i februar 1989. Den gjaldt både forfattaren, hans oversettarar og forleggarar.

Fire år seinare var Mads Nygaard på jobb i Oktober forlag. Han var så vidt i gang med arbeidsdagen då han blei ringt opp med beskjed om det som hadde hendt utanfor barndomsheimen i Dagaliveien i Oslo.

William Nygaard overlevde drapsforsøket. Men det er framleis ikkje avklart kven som fyrte av dei tre skota mot forlagssjefens rygg. No tek Abid Raja opp den mangelfulle etterforskinga i Stortinget.

– Attentatforsøket var i realiteten eit terrorangrep. Det var eit angrep på Norge og på ytringsfridommen. Vi kan ikkje leve med at eit slikt attentat blir verande uoppklart, seier Raja.

No tek han saka opp i form av ein interpellasjonsdebatt i Stortinget.

– Regjeringa må engasjere seg

Rett før kriminalsaka blei forelda i 2018 sikta Kripos to personar for drapsforsøket. NRK har seinare avslørt at den eine var ein tidlegare diplomat ved den iranske ambassaden.

Den andre var ein libanesisk statsborgar som tidlegare budde i Norge.

Raja meiner at regjeringa må engasjere seg slik at dei to som er sikta kan bli avhøyrt.

– Politiet har ikkje sjanse i havet til å klare å avhøyre dei sikta dersom ikkje justisministeren og utanriksministeren engasjerer seg. Vi må løfte dette spørsmålet opp i internasjonale fora, og ta opp saka med styresmaktene i Iran og Libanon, slik at vi kan få avhøyrt dei som er sikta, seier Raja.

– Den norske regjeringa må bidra. Justisministeren kan ikkje berre avvise alle spørsmål og vise til at saka er under etterforsking, seier han.

Statsterrorisme

Hvis det stemmer at ein iransk diplomat var direkte involvert i dette attentatet, då dreiar det seg om statsterrorisme. Det er eit uhyre grovt overtramp. Norge må krystallklart uttrykke kva vi meiner om det, seier Nygaard.

Han forventar at den norske regjeringa engasjerer seg for å legge til rette for at politiet kan gjere jobben sin.

– Det er viktig at dei sikta blir avhøyrt. Det bør vere i begge lands interesse. Det kan vi utfordre den iranske staten til å bidra til, seier Nygaard.

Abid Raja avviser at politikarane med dette blandar seg inn i politiets arbeid.

Det handlar ikkje om at det er norske politikarar som skal dømme. Det er politiet som skal etterforske, og domstolane som skal dømme.

Han viser til at dette har skjedd også i andre kriminalsaker.

Å innleie dialog med utanlandske styresmakter i håp om å løyse ei kriminalsak er ikkje uvanleg. Det ser vi i England, med Martine-saka, seier Raja.

Dødsdommen

Som tenåring identifiserte Raja seg med dei unge muslimane som protesterte i gatene. Khomeinis tale om dei blasfemiske angrepa på muslimske verdiar fekk fotfeste i innvandrarmiljøa i ei rekkje vestlege land.

Alt det vi meinte, og alt det vi trudde på heilt opp i ungdomsåra er det eg skal tale midt imot. Det vi var lært opp til å tru på, det vi var lært opp til å meine og tenke og føle. Det var feil.

Advokaten Abid Raja var lenge ein markant muslimsk talsmann i Norge. Han var veldig kritisk til at avisa Magazinet publiserte karikaturteikningane av Muhammed.

Han karakteriserte teikningane som eit hån mot muslimane, og tok til orde for ein ny blasfemiparagraf. No ser han heilt annleis på spørsmålet.

– Å sjå tilbake på dette vekker grufulle minne. Men det gir meg også motivasjon. Vi må ta eit oppgjer med dette gamaldagse grumset. Det må vi gjere som menneske, uavhengig om vi er religiøst truande eller ikkje.

Utfordrar Støre

I 2008 opptredde Jonas Gahr Støre og Salman Rushdie saman på bokmessa på Lillestrøm. Støre hadde gitt ut boka «Å gjere ein forskjell».

Raja etterlyser eit sterkare engasjement frå statsministeren i Nygaard-saka.

Sjølv om det er mange andre saker på den internasjonale dagsorden så må ikkje regjeringa gløyme denne saka.

– Den representerer eit angrep på demokratiets berebjelke, og er eit ulega sår så lenge saka ikkje blir oppklart, seier Raja.

Nygaard-Rushdie-Lillestrøm
Foto: Kyrre Lien / NTB Scanpix

Kripos vil ikkje kommentere eller gi opplysningar om kva som er status i etterforskinga av saka. I ein ei-post til NRK skriv Kripos.

«Etterforskningen av drapsforsøket på William Nygaard er ikkje avslutta. Det vil bli gitt underretningar – medrekna også til media – når påtaleavgjerd foreligger. Utover det har vi ingen kommentarer.»

LES OGSÅ: Drapsforsøket som rystet Norge

LES OGSÅ: Her er mannen som er siktet for drapsforsøket på William Nygaard

LES OGSÅ: Iransk avhopper seier han vet hvem som planla drapsforsøket på Nygaard