– Eg er ein ganske sindig person, men på den eine staden var det so ille at eg byrja å grine.
Bileta Kristine Devor har teke, viser landbruksplast frå blant anna rundballar som ligg strødd utover jorde i Hemsedal. Nokre stader sat plasten godt nede i jorda, som om den hadde ligge der over lang tid.
– Det var skikkeleg vondt å sjå på. Ikkje for min eigen del, men for dyra, naturen og fuglane, seier Devor.
Sende klagebrev
I starten av juni kunne ho ikkje sjå vekk frå plasten lenger. Devor la ut eit facebook-innlegg med bilete av plastsøppelet og sende eit klagebrev til kommunen. Ho meiner det er eit problem som går att i heile Hallingdal.
– Dette er eit overordna strukturelt problem som landbruksorganisasjonar og politikarar må byrja å sjå alvorleg på. Det kjem ikkje til å stoppa av seg sjølv.
Må bli strengare
– For det fyrste er det stygt, men det som er verre, er at dette til slutt endar opp som mikroplast. Det kjem ut i vassdrag, inn i små organismar og tilbake i maten me et, seier Martin Lindal, leiar i naturvernforbundet i Buskerud.
Han trekk fram at kommunen er den lokale forureiningsmyndigheita. Dei bør bli strengare til å handheva lova, meiner han.
Bileta av plasten har og fått reaksjonar frå bondelaget i kommunen. Leiar Olav Huso seier det rett og slett handlar om slurv.
– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg å sjå slike ting. Det burde ikkje skje. Det er negativt både for næringa og bygda.
Bondelaget skal ta opp temaet om forsøpling på eit styremøte i neste veke. Der skal dei vurdera kva tiltak dei skal kan setta i gang med.
Kommunen reagerte raskt
Etter kommunen fekk klagebrevet frå Devor reagerte dei raskt. Alle gardsbrukarar i kommunen fekk eit brev med oppfordring om å rydda opp etter seg.
– Dette er ikkje greitt. Det er negativt for alle. Eg trur dei fleste dyr ikkje et plasten i utgangspunktet, men om det er mykje av det so kan dei setta seg fast, seier jordbrukssjef i kommunen, Viel Ribberud.
Dei som eig gardsbruka der bileta er tekne har fått beskjed om å rydda opp plastrotet sitt. Om ei veke planlegg dei å halda tilsyn med dei aktuelle gardane.
NRK har vore i kontakt med to av grunneigarane som har fått beskjed om å rydda. Dei er ikkje interesserte i å kommentera saka utover at dei kjem til å rydda opp.