Meiner Viken vil svekkje beredskapen

Regionreforma får nådelaus kritikk for ikkje å ta omsyn til andre einingar som politiet i rapport. – Nye Viken bryt med samordningsprinsippet som kom etter 22. juli, seier forskar.

Beredskapsøvelse

Det blir vanskelegare å samordne beredskapen i den nye regionen er konklusjonen i Nivi analyse sin rapport.

Foto: Harald Henden / VG

– Nesten alle sentrale beredskapsfolk seier at Viken ikkje vil styrke beredskapen og samfunnssikkerheita på Austlandet. Føresetnadene blir vanskelegare, seier Geir Vinsand.

Han har leia oppdraget Nivi analyse fekk frå Direktoratet for forvaltning og IKT i fjor. Bakgrunnen var å analysere betydninga dei nye regionane på Austlandet ville ha å seie for beredskapen og samfunnssikkerheita.

Geir Vinsand

Geir Vinsand er dagleg leiar og forskar i Nivi Analyse i Sandefjord.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ikkje lært av 22. juli

I rapporten er fylkesmenn, fylkesberedskapssjefar, politisjefar og andre nøkkelpersonar som kjenner beredskapsarbeidet godt, intervjua.

Før jul i fjor var rapporten klar og konklusjonen er nådelaus. Vinsand meiner den nye regionen vil bryte med prinsipp som kom etter granskinga av 22. juli-terroren.

– Nye Viken bryt med samordningsprinsippet som kom etter 22. juli. Viken vil gå på tvers av alle dei 25 statseiningane på Austlandet. Det er ganske overraskande at det blir fatta eit vedtak utan at ein samordnar fylkesmannen, politi, sivilforsvaret, heimevernet, NVE og Statens vegvesen mellom anna, seier Vinsand.

Han nemner ein av konklusjonane frå 22. juli-kommisjonen som viste at etatsgrensene stoppa samordninga og at samarbeidet braut saman på tvers av politidistrikta som var involvert.

Laster kart, vennligst vent...

Klikk deg vidare i kartet og sjå kva slags grenser dei ulike etatane har på Austlandet.

– Alvorleg å ikkje vektlegge rapporten

Sigbjørn Gjelsvik, stortingsrepresentant frå Senterpartiet i Akershus er forundra over at regjeringa ikkje har tatt rapporten på alvor.

– Det som skjedde 22. juli 2011 var at ressursar ikkje fann kvarandre. Nå er det tydelege meldingar i denne rapporten at det blir meir krevjande for ressursane å finne kvarandre. Viss Viken blir noko av vil ein gå heilt feil veg i dette arbeidet, seier Gjelsvik som vil stille statsrådane spørsmål om rapporten i Stortinget.

Sigbjørn Gjelsvik

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) meiner ein går heilt veg i beredskapsarbeidet viss Viken blir ein realitet.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Dei som har blitt intervjua her er dei som sit med ansvaret for beredskapen. Konklusjonen frå deira si side er ein rein slakt av Viken, men dei har ikkje blitt tatt med på råd. Det er alvorleg.

Tre politidistrikt i eitt fylke

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Knut Morten Johansen (Frp) kjenner seg ikkje igjen i kritikken.

– Det er riktig at Viken går på tvers av inndelinga til enkelte av dei regionale statsetatane, for eksempel politiet. Dette er ikkje noko nytt og noko både fylkesmennene og dei andre etatane er vant til å handtere. Inndelinga av dei ulike etatane skal også bli gjennomgått i lys av regionreforma, skriv Johansen i ein mail til NRK.

Departementet utelukkar ikkje at det kan bli endringar.

– Formålet med gjennomgangen er å styrke moglegheitene for samhandling. Ingenting rundt beredskap er hogd i stein, og sjølvsagt evaluerer og justerer ein undervegs basert på erfaringar frå faktiske hendingar, seier Johansen.

Alvorleg for krisehandtering

Når Buskerud, Akershus og Østfold etter planen skal slå seg saman til Viken i 2020 vil regionen mellom anna ha tre forskjellige politidistrikt.

– Når den nye fylkesmannen skal samarbeide med politiet må han møte tre politisjefar. Det vil svekkje grunnlaget for beredskapen, for krisehandtering kan dette vere veldig alvorleg, meiner forskar Vinsand.