Hopp til innhold
Anmeldelse

Tore Renberg i bølgjedal

Gamle damer er i vinden som aldri før - i litteraturen. Renbergs gamle dame er formidabel, det same gjeld ikkje for romanen «Ingen tid å miste».

Forfatter Tore Renberg

PARENTES: «Ingen tid å miste» er ein parentes i forfattarskapet til Tore Renberg

Foto: Tommy Ellingsen / Cappelen Damm

Handlinga er enkel: Edel, ei rank og flott kvinne i 80-åra har nyss blitt enke, og dottera hennar føreslår at dei skal møtast fast kvar onsdag. Romanen er konsentrert rundt desse onsdagsmøta, som dei gjennomfører trufast gjennom dei siste åra av livet til mor Edel.

Lesaren forstår tidleg at Edel har ei skarp tunge og at ho irriterer seg grenselaust over dottera som har vesentlege manglar. Ikkje minst skortar det på stil og mannetekke. Tove er ei kløne under mors strenge blikk. Dessutan rotta Tove og faren seg saman mot Edel.

«Akkurat, du vil ikke høre det, akkurat som din far, han ville heller ikke høre sannheten.»

Edel / «Ingen tid å miste» - Tore Renberg

Her finst det også sårare tonar og etter kvart som alderen tek til å tyngje den suverene gamle dama, blir det såre meir dominerande. Mot slutten får Tove større spelerom i forholdet.

Hundre måtar å starte ein familiekrangel på

Aldring, roller i familien, kampen om å vinne fram med sin versjon av familiehistoria. Dette er stoff det kan lagast gode romanar av, og Renberg har sjølv brukt det med hell, mellom anna i romanane om Jarle Klepp og i den vesle romanen «Farmor har kabel-tv».

Kvar er det då det buttar denne gongen? For det første i ei uvanleg maniert form. Forteljaren dreg alle som opnar boka inn i eit tomt hus som blir skildra i slik detalj at i alle fall denne lesaren nesten svimar av. Kva skal vi der? Kva skal vi med mantraet «Rødbeterødt, ertestuinggrønt, mandarinoransje»? Og kvifor skal «vi»- altså lesaren og forteljaren- liksom liste oss rundt og smuglytte?

Denne ramma er rett og slett for pompøs og mystifiserande for dette onsdagskammerspelet der mor og dotter spelar hovudrollene. Det gnissar.

Kva så med handlinga? Jau, her er det mange fine enkeltscener. Stemninga kan snu seg på ein blunk når Edel luftar fordommar mot utlendingar, frustrasjonar over den døde ektemannen eller misnøye med måten Tove lever livet sitt på.

Den som lurer på korleis ein med små, presise verkemiddel kan starte ein familiekrangel som svir, kan finne mykje inspirasjon her. Men det vert for repeterande, sjølv om det endrar seg noko mot slutten.

At forfattaren forklarer at romanen er lausleg bygd på faste møte mellom hans eiga mor og mormor, gjer ingen ting frå eller til.

Bølgjedal i forfattarskapet

Tore Renberg er en forfattar som i uvanleg høg grad vekslar mellom ulike sjangrar og skrivemåtar. Slike forfattarskap held sjeldan jamn kvalitet, men det er alltid spennande å følgje: Kva kjem denne gongen?

Det er såleis all grunn til å tru at «Ingen tid å miste» er ein bølgedal som den allsidige forfattaren kjem seg opp av.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP