Hopp til innhold
Anmeldelse

Eks-politikaren Marianne Marthinsen er best på privatlivet i debutromanen

Sorry, folkens! Dei som leitar etter saftig revansj mot Trond Giske i romanen «Selveiersanger» av Marianne Marthinsen, vil bli skuffa.

Marianne Marthinsen gir ut romanen "Selveiersanger" høsten 2021.

KLASSEREISE: Vegen mot å finne og eige seg sjølv er bratt og kronglete for hovudpersonen Tonje i «Selveiersanger», og det er ikkje heilt klart om ho når fram.

Foto: Tine Poppe/Aschehoug
Bok

«Selveiersanger»

Marianne Marthinsen

Skjønnlitteratur

2021

Aschehoug

Stortingspolitikaren Marianne Marthinsen (Ap) sa nei til attval denne hausten, og er no ute på arenaen som romanforfattar. Mange vil hugse at Marthinsen vart vraka som finanspolitisk talskvinne til fordel for Trond Giske i 2017, og at ho har vore kritisk til Giskes kvinnehistorier.

I forkant av lanseringa har det gått rykte om at det skal finnast ein person som liknar Giske i romanen. Og ja, her finst ein venstrepolitikar frå Valdres med «kvinnfolkrykte som bronsteikt flesk», som blir vippa av pinnen av metoohistorier. Men han liknar ikkje meir på Giske enn på andre politikarar med liknande merittar, og i romanen er han ein i rekkja av menn med makt som tek for seg.

Når eit av offera til venstrepolitikaren blir oppfordra til å skrive bok, svarer ho:

«Det er noe utrolig uelegant med forfattere som tar sine personlige rants og legger dem i munnen på fiktive romankarakterer. (…) Skal jeg skrive en roman, skal det være en roman med kvaliteter nok til å eksistere i kraft av seg selv

Ein replikk som truleg også forfattaren kunne uttalt. Så får tida vise om debuten blir ståande som ein «Giske-roman» eller ein roman om hovudpersonen Tonje Andersens oppstiging og fall. Det første er uansett ei flat lesing av ein roman som fortener betre.

Bratt klassereise

Tonje var løvetannbarnet som passa seg sjølv medan mor Bjørg for det meste låg på soverommet med pillene sine. Allereie som førsteklassing markerte jenta seg; då frøken bed om eit vanskeleg ord smeller ho til med «konsentrasjonsleir».

Tonje er flink, studerer meteorologi, får jobb i forsvaret og blir klarert av Nato på Cosmic Top Secret-nivå. Ho blir omsverma av professorar, russiske spionar og pene menn frå villaer med store eplehagar. Men ikkje av politikarar; politikk og samfunnsliv står henne forbløffande fjernt.

Vegen frå oppvekst saman med den tause Bjørg på to rom og til høge akademiske og sosiale lag er bratt, for bratt. Og om nedturen har med sex å gjere, er det likevel diskutabelt om vi kan snakke om metoo-saker her.

Grenselaus naivitet

Kvar var det det butta? Var det då ho måtte dra i tissen til naboen som takk for ein pent brukt, rosa sykkel som 10-åring? Eller gav barndommen reint allment for lite ballast til å klare vaksenlivet?

Eg spør, fordi Tonje har ein naivitet som grensar mot det sjølvdestruktive i møte med mektige menn. Slikt ropar etter forklaringar, og dersom sykkelnaboen eller dårlege oppvekstforhold er nøkkelen, vert dette for dårleg underbygd.

Tonje blir ikkje tydeleg nok som person. Det blir ikkje dei andre heller, men som bipersonar får dei tole det.

Lovande debut

Likevel er det spennande å følgje med på ferda, ikkje minst fordi ein ikkje anar korleis det skal ende.

Den vanskelegaste og klart best skildra kampen har Tonje verken på universitetet eller på jobben, men i privatlivet: Ho gifter seg med ein advokat og oppdagar at ho får ein heil familie med lange tradisjonar på kjøpet.

Familien har reindyrka den typiske middelklasseverdien definisjonsmakt. I språkbruk og manerar ser dei seg som representantar for det naturlege og normale. Tonje blir avvikaren som har valet mellom å vere outsider eller tilpasse seg.

Dilemmaet viser seg ikkje minst i velvalde detaljar, som at den nyfødde dottera må ligge ei stygg, knirkete vogge fordi det er tradisjon. Forholdet til advokaten knirkar med, og Tonje tek seg i å tenkje varme tankar om mor Bjørg og eigen oppvekst. Her lever teksten.

Både Tonje og Marianne Marthinsen står løpet ut, begge med varierande stilkarakter. Men der framtida til Tonje er ute i det blå, er det all grunn til å vente fleire bøker frå Marthinsen etter dette lovande debutarbeidet.

Alle anmeldelser og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare: